Bjørn Eidsvåg og Kleng Spelemann

I går kveld såg eg på «Hver gang vi møtes». Der var det Bjørn Eidsvåg som var hedersgjest, og det var mange fine øyeblikk, om du spør meg. Bjørn Eidsvåg er ein artist eg har hatt eit forhold til sidan eg var liten, og eg har til og med møtt han ein gong. Det var eit hyggelig møte for ein lettare star-struck 16-åring. Men det var ikkje det eg ville skrive om i dag.

I samtala rundt bordet vart det snakka om korleis ein i bedehusmiljøet snakka om at «Satan var i instrumentene». Ei festlig refleksjon var at nokon påpeika at han har flytta rundt i instrumentene. Eg vaks opp i ei tid, og eit miljø, der ein snakka om baklengsmaskering i musikken og Larry Norman stilte spørsmål om kvifor djevelen skulle ha all den bra musikken. Slik snakkar vi ikkje lenger. Heldigvis. Både trommer, bass og elgitar har blitt stuereint i dei fleste kristne samanhengar.

Eg vart likevel sittande å tenke på eit dikt av Jakob Sande, som er eitt av mine favorittdikt – og som eg vil dele med deg som les dette. Det er ein sosial kommentar til korleis kristne kan oppføre seg. Her i form av korleis ei tale vart holdt ved ein spelemann, eller musiker om du vil, si grav – og kor fordømmande vi kan vere mot kvarandre. For meg seier diktet og noko om korleis vi mennesker kan dømme kvarandre, fordi vi trur vi er bedre – eller vi treng at nokon er dårligare stilt enn oss sjølve. Det er lettare å påpeke flisa i andre sitt auge, enn å handtere tømmerstokken i eige fjes.

Eg beundrar Bjørn Eidsvåg for at han stod fast ved medmenneskeligheten og retten til å få elske kven ein vil, sjøl om det førte til at han måtte stå i mange stormar. Slik vil eg og vere. Eg ønsker å vere ein som ser heile menneske, uten å sette meg til doms over andre, men det er utrulig vanskelig – for det er så lett å dømme andre på bakgrunn av dei tinga vi ser og er uenig i. Måtte 2023 bli eit år der vi leitar etter det gode i kvarandre, kjemper for kjærleiken, fridom og rett og løfter blikket og viser omsorg, sjølv om vi er ulike eller uenige. Og måtte 2023 bli eit år der vi lar kjærleiken dekke over manglar hos kvarandre, kjempar mot likesæle og sluttar å dra andre, og oss sjølve, ned.

Og med ynskjer om eit godt nytt år for alle, vil eg dele dette diktet til ettertanke og med ei bønn om at vi blir fri frå dei predikantene vi ofte har og heller må bli likere Meisteren sjølv:

TALE VED KLENG SPELEMANNS GRAV

Det vart sagt av predikantane som preika på di grav,
at di sjel var til Svartemannen seld,
at frå helvete kom ho, og dit drog ho av,
då du sturta i fylla ein kveld.

Det vart vidare sagt at du var tru i ditt kall,
og for herren din ein nytteleg dreng.
Mange urøynde sjeler kom i freisting og fall,
når du spela burti bygdene, Kleng.

Kvar du kom med dine tølor vart det turing og dans,
folk vart ville so dei rasa og drog kniv,
mang ei gjente har du spela reint frå samling og sans,
so ho skjemde seg for resten av sitt liv.

Og dei syndene som gamlepresten basta og batt,
etter Herren heile livet å ha tent,
slapp du laus at over bygda på ei einaste natt,
når du fingra på ditt satans instrument.

Difor fekk du over gravi det fordømande ord,
som vart sagt av ein velvyrd predikant,
at det var synd du skulde kvila her i kyrkjevigd jord,
og dei fleste sa at preikaren sa sant.

Men dei dømde deg som dårar dei som lyste deg i bann,
for du åtte det som ingen av dei såg,
det var gneisten frå Gud som djupt i sjela di brann,
sjølv um slagget over logane låg.

Du skal siga gjennom brådjup av trengsel og natt,
du skal slipast imot gloande stein,
men frå pinsla nedi myrkret skal du lyfta deg att,
imot høgdene, frigjord og rein.

Og eingong skal du standa for Guds heilage stol,
der påny du skal få stilla din streng,
og i æveleg glans ifrå den nyskapte sol,
skal du spela for Meistaren, Kleng.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s