Eg skulle ønske vi kunne snakke om det
På ein måte som gjorde det mindre skummelt
På ein måte som var mindre stigmatiserande
På ein måte som gjorde at du ikkje vart mindre på grunn av det
Eg skulle ønske vi greidde å sjå på det
Som ein fysisk sjukdom, på linje med sukkersyke eller leddgikt
Som noko som skjer med ein, ikkje som noko ein er
Som den russiske ruletten det faktisk er, ikkje som noko ein kunne unngått dersom berre…
Som noko ein ikkje er skamfullt, men noko som kan skje alle..

Det er vondt når nokon ein er glad i skiftar personlighet
Men tenk kor skremmande det må vere å kjenne at ein misser den ein er og alltid har vore
Det er vondt når nokon ein er glad i set saman puslespelbitane heilt feil og bildet ikkje stemmer med virkeligheta
Men tenk kor skremmande det må vere å forstå at du ikkje forstår korleis ting heng saman og ingenting gjev meining
Det er vondt når nokon du er glad i ikkje kjenner deg igjen, og verken namn eller fjes lenger har feste i minnet
Men tenk kor skremmande det må vere å stadig bli møtt av nye ansikt som påstår at dei har ein nær relasjon til deg og som behandlar deg altfor familiært.

Ein forskar stadig på fenomenet «Demens»
Men sjølv om ein trur og antar så er det ingen som kan seie sikkert
Sjølv om ein antar risikofaktorer så veit ein likevel ikkje om det stemmer
Det ein veit er at det aukar kraftig med alderen
Det ein og veit er at i Trøndelag var på eit tidspunkt ca halvparten av dei over 90 år ramma
Og det ein veit er at bak tal og statistikker sit menneske med fullverdige liv.
Ein blir ikkje mindre verd sjølv om ein gløymer namnet på son sin, ikkje forstår kvar ein er, kva dag det er eller ser korleis ting heng saman lenger.
Ein er ikkje mindre verd om ein treng meir hjelp for å komme seg gjennom dagen.
Og ein er definitivt ikkje mindre elska!

Eg skulle ønske at vi som familie, som venn, som nabo, og som bekjent, som ser kva som skjer, kunne vore litt meir som Lady Gaga på Oscar-utdeling med Liza Minelli og med ein omsorg som lar menneske få beholde verdigheten kviskre:
«I got you!»
