Det er ikkje berre Liv i Helga, det er Liv heile veka.
Posta
2021 gjennom linsa
Året 2021 starta i Norge. Med tannlegebesøk i Bergen og en svipptur til gode venner i Sandnes.Så bar det tilbake til Rotterdam der kvardagen venta. Ein liten tur over grensa til Antwerpen fekk eg og til på starten av året. I april måtte eg jo ta meg ein tur for å sjå på tulipanene – eg bur jo tross alt i tulipanlandet. I mai braka det laust med Eurovisjon Song Contest. TIX representerte Norge, og skulle ha vore på besøk på kyrkja, men det gikk ikkje på grunn av restriksjonane. Men for ein gongs skuld var det min favoritt som vann heile greia!2021 har vore eit år med mykje god mat. Posjerte egg på guacamole har vore ein lunsjfavoritt på heimekontoret, eg har testa oppskrifter frå TikTok. Eg har fått dreisen på Tahdig, bakar stadig grytebrød og kokte sjømannshapå til julebasaren. Våren hadde og fastetid og påske. 17. Mai vart og feira. Og eg prøvar framleis å få folk til å forstå at rømmegraut er best med hakka egg.Det har vore eit år for læring. Eg har kjent på Amerikasaknet, jobba fullt, studert halvt, funne transportløysing, funne kjøleløysing, sett (lykta med)lykke gå i tusen knas, og bestilt nok deodorant til eit heilt år på ei og same bestilling. Er ikkje så lett med ukjent språk..Dei tre siste barneportretta vart også ferdige i år.Det har vore eit år prega av restriksjonar, men eg har fått delta på gudstjenester, konfirmasjonar og har vore på nattklubben på kyrkja kvar tirsdag. Eg har til og med vore med på yoga før nattklubben. Vi tok sjølvsagt første omgang den varmaste dagen – inne. 2021 hadde den finaste sommarferien. Det var Bergen, Tjeldøya, Svolvær, Henningsvær, Andøya, Harstad, Hurtigruta, Rørvik, Jøa, Brønnøysund, Vega og Stadt. Det var god mat, god drikke, gode opplevingar, gode vener og familie. Då treng ein ikkje så mykje meir.Eg har reiste meir enn dei fleste, sjølv om ein del har vore jobb. Etter sommaren meldte eg meg inn i treningsstudio, men på grunn av restriksjonar og slikt har det blitt meir tur i byen, og både over og under MaasHausten hadde sitt å by på med fysisk studieveke, åpning av sjømannssenter i Antwerpen og kjekke møter med gode venner og familie.Eg gjorde borgarplikta mi, og fekk mitt første skipsbesøk før det var julebasar!
Eg fekk både ny leppestift, nye sko og ny jakke, og jammen fikk eg møte nye folk og 😉
Og så kom juleferien. Heilt plutselig etter to veker med eksamen, pakking og styring med flytting og jobb…2021 har bydd på så mangt, både av godt og gale. Kva framtida vil bringe veit vi ingenting om. Og jammen er det godt!Og då gjenstår det berre å seie takk for i år og ønske alle eit vel nukk, covid-fritt og velsigna nytt år. Masse kjærleik til deg og dine