Liv(et) på skeiva

Eg stod og sloss med adventsstjerna. Ikkje søren om den ville henge rett. Eg vart både sur og svett. Eg fikk det jo til i fjor….

Joda, har hatt stjernetrøbbel før og..

Det er ikkje alltid livet går slik ein hadde tenkt. Dei siste to åra har vel vist oss alle det. Sjøl om alt virka for å gå i rute, så plutselig er det noko som stoppar eller vrir seg på ein måte som ein ikkje forstår korleis ein skal løyse.

Eg var i USA då dei begynte å snakke om at det var noko meir enn influensa som var på tapetet. Eg var kjempefrustrert då Sjømannskirken si leiing avlyste konfirmantleiren i London – Hallo, alle tåler en liten forkjølelse! Men så… berre dager etterpå stengde alt. Eg hadde plutselig ikkje lov å gå utanfor porten uten at eg skulle til lege, på butikken (og handler for mist 30 euro) eller apoteket. Nei, eg kunne ikkje gå tur eingong. Frå mars til mai var alt heilt stengt.

Så, under alt dette fikk eg ny jobb og flytta. Uten å få sagt skikkelig hadet til dei eg har blitt så glad i. Uten ei skikkelig avslutning. Pakka flyttelass i 40 grader og reiste. Til heilt ny jobb, ny by og nytt land. Eg var så vidt kome hit så kom meldinga om at restauranter skulle stenge. Eg som hadde tenkt at eg skulle finne meg eit nytt nettverk i eit kor eller noko slikt fikk beskjed om at å synge var forbudt…

Foto: Arnt Thyve

I desember stengte plutselig alt. Og i januar fikk eg nok ein gong kjenne på portforbudet sine restriksjoner. Denne gongen var det berre frå kl.21-05. Men det er ikkje særlig hyggelig når du plutselig har ein politibil som har høgtaler på og ropar til deg på eit språk du ikkje kan at no må du skunde deg heim.

Så kom sommar og haust. Smittetala vart mindre og mindre. Dette lova godt. Det tenkte myndighetene og, og slapp opp meir og meir. Håpet om å kunne få gjere det eg egentlig skal auka i takt med at smittetala gjekk ned. Så kom oktober og eg fekk meg ei stuadieveke i Oslo. Det var godt å sjå folka eg hadde sett på skjerm i eit år. Kjekt å drikke kaffe og skravle. Småprat og kantieologi er grovt undervurdert! Men samtidig såg eg at smittetala i Nederland auka.

Vi fekk gjennomføre første helg med julebasar som planlagt og spenninga var stor då pressekonferansen kom, og lettelsen like stor då vi såg at tiltaka ikkje fekk noko å seie for oss. Vi fekk gjennomføre helg nummer to og. Julebasar(eller julemarked) er så kjekt! Det var ei skikkelig vitamininnsprøyting å få vere med på.

Men smittetala var høge og ingenting såg ut til å bli bedre. Og fredag kom det endå strengare tiltak. Ting stenger ned igjen. Ingenting er ope etter kl.17, utenom matbutikker og andre heilt nødvendige plassar. Munnbind og 1, 5 meter er på plass igjen. Ny mutasjon. Det kjennes liksom ekstra sterkt etter at vi har hatt det så fritt. Eksamen nærmar seg og. Uten at oversikta over pensum er der eg skulle ønske den var. Frykten for at det skal bli umulig å komme til Norge i jula, sjølv om eg er fullvaksinert ligg og lurer i bakhovudet. I tillegg skal eg flytte til ny og mindre leilighet og må pakke ned ei leilighet slik at fotografen kan komme og ta greie bilder, men samtidig skal eg jo leve her. Eg prøver og å få solgt møbler som blir for store å ta med, slik at vi kan bruke pengane på meir tenlige møblar. Eg har hovudet hundreogti plassar på ein gong… Og det føles som det meste er litt på skeiva.

Men: Eg er frisk. Eg har ikkje mista nokon av korona. Eg har jobb, mat og ein plass å bu. Eg har, til tross for pandemien, fått bli kjent med så mange fantastiske menneske her i Nederland! Eg har gode kollegaer og ledere som forstår at omstendighetene er krevande. Og eg har venner over heile verda og familie som ventar på meg heime i Norge. Eg er ufattelig heldig. Det er ikkje alle som har det slik. For mange har pandemien kosta så ufattelig mykje meir enn det den har gjort for min del. Likevel, det må vere lov å seie at livet er litt på skeiva – akkurat som adventsstjerna. Og når det gjeld adventsstjerna: Den heng framleis skeivt. Det skal den få lov å gjere. For det er i grunnen ikkje så farlig. Og om eg bestemmer meg for at det er greit at ikkje alt er på stell, så går det heilt greit. Det er mitt valg. Og i år er mitt valg at litt på skeiva er godt nok. Kanskje er det fleire enn meg som treng å tenke det?

Gjenta etter meg: Det er sjarmerande… det ER sjarmerande… det går i allefall bra!

Uansett: God adventstid!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s