Pride, Knut Anders, Jesus og Elvis

I verdidebatt (Vårt Land) kunne vi for ei stund sidan lese Knut Anders Sørum si historie, om å vere homofil i ei pinsekyrkje. Det var ei historie som skar meg djupt i hjartet. Ei historie om den veien han har gått, frå kampen for å vere hetrofil til innrømmelsen av å vere homofil, og konsekvensen av dette.  Eg har vokse opp i krysninga mellom statskyrkje og bedehus, og vore ein (lang) svipptur innom karismatikken. Eg kjenner igjen formuleringane som han har møtt. Eg kjenner igjen holdningane han har møtt. Eg har både sagt og stått for dei sjølv ein gong i tida. Og til dei som har møtt dette frå meg: Tilgi meg, eg forstod ikkje kva eg sa og gjorde! Eg er så streit i hovudet at eg ikkje evna å forstå kor skadelege orda mine var!

På frukta skal treet kjennast. Når Knut Anders Sørum fortel at han ikkje veit om han greier å tru lenger, kva seier det då om kyrkja? Når vår teologi gjer at folk misser tru, håp og engasjement – kva seier det om vår teologi? Kvifor er vi i kyrkja så opptatt av det som høyrer til det mest intime mellom menneske? Kvifor skal kven eg deler seng med avgjere om eg kan bidra til teneste i kyrkja? Kvifor skal nokon bli nekta å bidra fordi dei deler seng med «feil person», eller fordi ekteskapet rakna, medan andre som både lyg og gjer andre vondt får stå i teneste? Kvifor er vi meir opptatt av andre sine «seksuelle synder» enn møkkadungane av egoistiske holdningar, baksnakking og ekskluderande oppførsel av oss sjølve? Kvifor er det slik at så lenge vi ikkje stenger døra for folk, så er det greit? Er det egentlig greit når inkludering i kyrkja er at du får ein plass å sitte, men ikkje får delta i fellesskapet og blir sakte men sikkert så ukomfortabel med å vere åleine der midt i flokken at du ikkje orkar å gå der lenger? Det er jo meir behagelig for dei som meiner at du er feil om du ikkje oppsøker dei. Det dei ikkje ser treng dei ikkje å forholde seg til. 

Stemmer det med den Jesus vi møter i Bibelen? Korleis var det egentlig han møtte menneske? I Johannes evangeliet kapittel 8 kom mennene som levde rett, i følge dei sjølve, til Jesus med ei kvinne som dei hadde tatt på fersken i seng med nokon ho ikkje burde vore i seng med – i følge dei. Dei tok ho med til Jesus for å teste han. Dei holdt fram lova og viste til at i følge den skulle ho straffast med steining, altså ein dødsdom og ville ha han til å svare. For meg virkar det nesten som om Jesus er uintressert i alle argumenta deira, for han bøyer seg berre ned og skriv i sanden. Men dei masar, og masar, og til slutt svarar han at den av dei som er utan synd kan kaste første steinen. Gutta boys hadde nok sjølvinnsikt til å sleppe steinane og gå sin veg. Og då kjem ei av mine favorittsamtaler i Bibelen:

Då rette han seg opp og sa: «Kvar er dei, kvinne? Var det ingen som dømde deg?» «Nei, Herre, ingen», svara ho. Då sa Jesus: «Så dømmer ikkje eg deg heller. Gå bort og synd ikkje meir!»

Har du tenkt på at han seier ikkje noko om kva synd ho ikkje skal gjere? Tar du inn over deg at Jesus ikkje dømmer henne? Korleis skal vi då dømme kvarandre? Kven gav oss rett til å sette oss sjølv til dommar over andre sitt liv? Ja, eg veit at Paulus snakkar om å ikkje føre andre til fall, men har vi ikkje alle ting i liva våre som ikkje er til beste for verken oss sjølve eller andre? Hadde det ikkje vore greit om vi rydda i vårt eige liv, i staden for å trampe inn i andre sitt med dei skitne støvlane våre?

Knut Anders Sørum skriv så tydelig kva vår teologi kan gjere med folk, og kva det betyr når ein lar sanninga gå framfor teologien: «Jeg var en fange, og det er jo ikke fangenskapet som setter deg fri, det er sannheten som setter deg fri. Men sannheten i denne saken var like banal som den var komplisert: Gud hadde skapt meg sånn. Og Gud så at det var godt.» 

I Efeserbrevet kan vi lese i kapittel 2, vers 4-10: «Men Gud er rik på miskunn. Fordi han elska oss med så stor ein kjærleik, gjorde han oss levande saman med Kristus, vi som var døde på grunn av misgjerningane våre. Av nåde er de frelste. I Kristus Jesus har han både reist oss opp frå døden med han og sett oss i himmelen med han, så han i dei komande tider kunne visa kor overstrøymande rik han er på nåde, og kor god han er mot oss i Kristus Jesus. For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve. Og det kviler ikkje på gjerningar, så ingen skal skryta av seg sjølv. For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud på førehand har lagt ferdige så vi skulle vandra i dei.»

Det er mange synder eg kan gjere noko med, det er mange ting eg kan jobbe mot å gjere bedre, men det er ikkje ein del av den eg er. Eg greier ikkje å gjere noko med kven eg forelskar meg i. Det trur eg ingen av oss greier. Til sjuande og sist viser dette avsnittet i Efeserbrevet at vi alle treng nåde, for dei tinga vi gjer gale. Ingen av oss greier å leve perfekt. Så kanskje vi skal fokusere meir på det vi faktisk kan velge – og la andre elske dei som dei elskar? For på frukten skal treet kjennast. Eg vil ha frukt som gir livsglede, livsmestring, tru, håp og engasjement og som sprer kjærleik.

Eg håpar at Knut Anders Sørum og alle dei som kjenner seg igjen i historia hans kan finne ein plass der dei får rom til å tru, med heile seg. At dei kan finne ein plass der dei får kvile i orda: «Gud skapte meg slik. Og Gud såg DET VAR GODT!» At dei får komme til ein plass med masse, masse kjærleik – og inga fordømming. Eg håpar vi streite kristne vågar å skape slike rom. Rom der mangfaldet vert feira og alle får lov å vere den dei er skapt til å vere.

For Jesus sendte aldri nokon vekk frå seg. Det var nokre som valgte å gå frå han, ikkje på grunn av kven dei var, men på grunn av dårlige valg og vaner dei ikkje ville gi slipp på. Jesus hadde rom for alle i vennegjengen sin, uavhengig av kva andre menneske meinte om dei. Når menneske misser trua si, så handler det alltid om at nokon av oss som trur har stått i vegen og øydelagt. For som John Fugelsang sa: «Eg har begynt å sjå på Jesus på samme måte som Elvis. Eg elskar fyren, men fan-klubben skremmer meg.»

GOD PRIDE!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s