Heim

Den siste tida har eg tenkt mykje på kor heldig eg er. Livet har definitivt ikkje vore problemfritt, men ikkje alle har vore så heldig med grunnlaget som eg har vore. Eg vart fødd i eit tiår der det verken fans internett eller mobiltelefon, ja, du brukte til og med telefonen med andakt. Eg hadde dagmamma. Den fyrste sleit eg ut, men den andre hadde gard og dei hadde gravemaskin i sandkassa, sparkesykkel og tråbil, og Flåklypa på video. Vi fekk ikkje videospelar før i jula 1990. Eg fekk ikkje alt eg peikte på, og det trur eg har vore svært sunt for meg. Men eg fekk det eg trengte.

Eg var fødd på landsbygda i Norge. Etter oljen var funnen. Eg vaks opp med å leike ute, i all slags vêr. Vi var høgt og lavt, vi bygde og vi reiv ned. Vi brukte naturen rundt oss som medspelar i leiken, enten vi var fleire saman eller åleine. Eg hugsar korleis vi jentene brukte ein bergnabb til scene og greiner frå tre som vaks opp framfor bergnabben til mikrofon. «Lenge leve livet» og «Främling» ljoma over heile Fløde. Ja, for det heiter Fløde der eg vaks opp.

Vi lærte også å ha respekt for naturen. Havet både gir og tar. Vi sutta på raudkløver og åt syregras. Vi lærte at jordveps ikkje er til å spøke med, og at måser er ufyselige dyr. Riva skulle aldri bærast over skuldra, for då ba ein om styggever – og det samme gjorde ein dersom ein plystra med gras. Det var alltid sol på sommaren – så vidt eg hugsar – og alltid snø på julafta.

Eg hugsar at eg alltid fekk tørrfisk frå morfar når eg spurte om det. Mat var viktig i familien vår. God mat. Rett frå naturen. Eg er vekkskjemd med fersk fisk rett frå havet og bær frå hagen. Eg fikk være med å bake og lage mat heime. Det var forventa at eg hjalp til med husarbeidet generelt. Eg hata å støvsuge, men oppdaga tidlig at dersom eg satte meg ned og såg tippekampen saman med pappa, så slapp eg det. Så interessen for fotball kom av noko så trivielt som avsky for ein sølvfarga Nilfisk. (som forøvrig vart svært bulka på grunn av mitt intense hat til den) Men hjelpe til måtte eg. Så eg fekk opplæring i klesvask og eg var ikkje gammal då eg fekk lov å prøve meg sjølv på kjøkkenet fyrste gongen. Eg trur det var scones som stod på menyen.

Var det ikkje vêr til å vere ute, kunne vi jo sparke fotball inne 😉

Eg var heldig med familie eg vart fødd inn i. Eg vaks opp med besteforeldre, foreldre og søsken. Alle hadde noko å seie om attpåklatten og bræleungen. Eg var kanskje ikkje planlagt, men eg var aldri ein dag i tvil om at eg var ønska. Og sjølv om eg kunne syns at oppdragelsen var kjipe greier, så visste eg alltid at om eg havna i trøbbel, så var det berre å ringe heim. Eg fikk kanskje kjeft, eller passet mitt påskrive, men eg var alltid trygg på at det handla om at dei var glad i meg og ville meg det beste.

Det var trygge vaksne rundt meg, vaksne som såg og som brydde seg. Og så var det jo 3 søsken. Og det var nok dager dei ikkje var så begeistra for attpåklatten.. mens andre dager var alt fryd og gammen. Og nokre gonger var det veldig greit å ha ei lita syster som kunne ta skulda, for det gale dei hadde gjort – har det blitt meg fortalt. Og det var lov til å bråke heime hos oss. Bortsett frå når pappa kvilte middag. Det var lov å krangle, eller le høgt, å vere sinna og lei seg. Eg hadde visst eit ganske bra temperament som barn… eg la det nesten av meg då eg vart vaksen..

Og så vaks eg meir eller mindre opp på gard. Vi flytta inn på garden sommaren før eg fylte 8 år, men mamma og pappa dreiv den frå før eg vart fødd. Eg vaks opp med dyr rundt meg. Både store og små. Det er gull verd!

Det var og mykje kultur. Vi vart lest for då vi var små, og då eg hadde lært å lese sjølv, slukte eg det eg kom over av bøker. Musikk og sang var det og mykje av. Søskena mine spelte både korpsinstrument og strykarar, eg var veldig klar på at eg ville ikkje spele i korps. Slik går det når tre eldre søsken lærer å spele instrument mens du høyrer på. Men eg begynte med fele. Det gikk ikkje akkurat strålande. Så var det piano. Det spelte eg i 5 år. Men det sit ikkje så mykje igjen. Men eg har sunge så lenge eg kan hugse. Og eg sang høgt som barn. Og dei lot meg synge høgt. Dei lot meg få lov å prøve ut det eg ville av det kreative. Skjønt, verken ho mor eller storesøster var særlig begeistra då eg hadde funne kajalen til storesøster og dekorert treveggen…

Og familien har jo vokst, mine søsken tok heldigvis ansvar for å føre genene videre, så eg har fått 10 tantebarn, og enn så lenge er det to grandtantebarn – og snart kjem ein til. Og alle treng ei litt smågal tante, så eg glei rett inn i rolla. Enten det er berg og dalbane eller å finne egna lyskilde for å spele spel når orkanen har tatt straumen, så er eg på pletten.

Eg har ikkje ord for kor høgt eg elskar disse menneskene som eg kallar familie.

Det er ingen som kan måle seg med dei. Så enkelt er det. Og tenk at eg var så heldig at eg fekk vekse opp slik! Med naturen som leikeplass, venner, familie og dyr som alle gjorde oppveksten min så trygg og god. Det er ikkje alle som er så heldig. Eg kjenner mange etter kvart som aldri har opplevd at det er eit trygt anker ein plass i livet, eller så har dei mista det som var der ein gong. Eg har alltid ein plass der eg er elska og der eg er ønska. Vi er ikkje alltid enige, men vi respekterer kvarandre. Vi er kanskje ei bråkete og småcrazy familie, men vi er her for kvarandre. Og for det er eg evig takknemlig.

For eg veit at uansett kor eg har vore i verda, og uansett kva eg har rota meg bort i: Eg kan alltid kome heim. ❤

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s