Hanne Krogh sitt smil

Året var 1985. Og draumen den sommaren var, som for mange 8, snart 9 år, gamle jenter i kongeriket Norge, rosa paljettjakke, svart og kvitt 50-tallsskjørt og svarte nettinghansker. Og eit smil som Hanne Krogh.

Har dessverre ingen bilder av Hanne Krogh, så du må ta til takke med smilet mitt…men om du googlar finn du henne fort😉

Eg kunne stå i timevis foran speilet, med hoppetau som mikrofon og øve på å smile som Hanne Krogh mens eg sang «La det swinge» så det ljoma i veggene. For eg syns Hanne Krogh hadde det finaste smilet i verda.

Du kan kanskje sjå at eg har øvd… det nærmaste eg har vore paljettjakkke dette, forresten..

Eg kunne ikkje seie akkurat kvifor eg syns det var det finaste smilet då eg var 8, snart 9 år, men no ser eg det. Ho smiler med heile fjeset, og det er varmt og ekte. Det er eit smil med omsorg i. Eit smil som er inkluderande. Og litt lurt.

Eg kjenner ikkje Hanne Krogh, men eg kjenner ein del folk som har møtt henne og dei fortel om ei dame som er like varm og god som smilet. Eg er sikker på at det er dagar då det har vore vanskelig for Hanne Krogh å smile, akkurat slik det er for oss andre dødelige. Men likevel har ho valgt å smile til oss – akkurat som vi kan velge å smile til kvarandre.

Eg tenker framleis at ho har eit strålande vakkert smil, er du ikkje enig? Eg vil fortsette å øve på å smile som Hanne Krogh, både med og uten speil og hoppetau. Er det forresten nokon som kan låne meg eit hoppetau? 😉

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s