Året var 1985. Og draumen den sommaren var, som for mange 8, snart 9 år, gamle jenter i kongeriket Norge, rosa paljettjakke, svart og kvitt 50-tallsskjørt og svarte nettinghansker. Og eit smil som Hanne Krogh.

Eg kunne stå i timevis foran speilet, med hoppetau som mikrofon og øve på å smile som Hanne Krogh mens eg sang «La det swinge» så det ljoma i veggene. For eg syns Hanne Krogh hadde det finaste smilet i verda.

Eg kunne ikkje seie akkurat kvifor eg syns det var det finaste smilet då eg var 8, snart 9 år, men no ser eg det. Ho smiler med heile fjeset, og det er varmt og ekte. Det er eit smil med omsorg i. Eit smil som er inkluderande. Og litt lurt.

Eg kjenner ikkje Hanne Krogh, men eg kjenner ein del folk som har møtt henne og dei fortel om ei dame som er like varm og god som smilet. Eg er sikker på at det er dagar då det har vore vanskelig for Hanne Krogh å smile, akkurat slik det er for oss andre dødelige. Men likevel har ho valgt å smile til oss – akkurat som vi kan velge å smile til kvarandre.

Eg tenker framleis at ho har eit strålande vakkert smil, er du ikkje enig? Eg vil fortsette å øve på å smile som Hanne Krogh, både med og uten speil og hoppetau. Er det forresten nokon som kan låne meg eit hoppetau? 😉










