Tyven, tyven?

Eg veit ikkje kva forhold du har til åndsverklova. Men eg har drive med musikk heile livet, og har eit ganske greit forhold til den. Det vil seie at eg er opptatt av at om eg brukar andre sitt åndsverk, så skal det vere på ein måte som er innanfor.

Eg brukar for eksempel aldri andre sine bilder som om dei var mine.

Eg krediterer alltid når eg veit kven som skal krediteres, og oppgir kilde dersom eg ikkje veit det. 

Og eg har alltid rapportert inn til Tono når eg har vore med på konsertar, slik at artisten/låtskrivar får betalt for at eg brukar åndsverket deira. 

I påska har eg tenkt litt på dette med åndsverkloven. Grunnen er at eg har sett mange av mine venner poste ein versjon av Leonard Cohens “Halleluja” med ny tekst. Eg veit ikkje kva som har skjedd i forkant av denne innspelinga, og det kan hende alt er klarert med familien til den godeste Cohen og alt er i den skjønneste orden. Men eg har tatt meg i å lure på kva jødiske Leonard hadde tenkt om at hans åndsverk, som er basert på forteljingar frå det gamle testamentet, blir omgjort til ein salme om Jesu liding, død og oppstandelse. Eg veit jo frå det eg har lest om han at Leonard Cohen var ein åpen mann, som både snusa på Buddhismen og likte Jesus, men han var og tydelig på at han var jøde. 

Leonard Cohen sin “Halleluja” er kanskje ein av dei mest misbrukte songane som finns. Altfor mange har gjort sin versjon av den, utan at dei egetlig forstår kva den handlar om. Den er ei sterk skildring av livet – veldig kort oppsummert; at livet både kan ha eit heilagt og eit knust Halleluja. Og kanskje fordi den er så sterk har den fått stor resonans i folk – for slik er det ofte med stor kunst, du treng ikkje forstå, for du føler det.

Og kanskje nettopp derfor er det viktig å behandle det med respekt. Eg hugsar veldig godt fyrste gongen eg opplevde at ei eg kjenner brukte mitt bilde som om det var hennar eige foto. Bildet var teke på tur med jobben, tidlig ein morgon i eit mystisk spel av skodde og sollys – det var så spesielt at du måtte vere der då for at det skulle sjå slik ut. Og ho var ikkje der då. Ho var ikkje eingong i Norge då. Eg såg kommentarane som hagla inn på posten hennar, om kor fantastisk vakkert det var og kor flink ho var til å ta bilder. Eg venta på at ho skulle seie at det ikkje var ho som hadde tatt det, men det skjedde ikkje. Det var berre tommel opp og takk… Det skal vere sagt at ho er veldig flink å ta bilder. Men dette hadde ho ikkje tatt. Det var ein skikkelig kjip opplevelse. Sjølv om eg berre er ein stakkars hobbyfotograf uten særlig snøring, men eg brukar tid når eg tek bilder – eg ser på komposisjonen, eg vurderer perspektiv, eg jobbar med lyset – det er sjelden eit bilde eg postar på f.eks. Instagram er tilfeldig. Men det er ikkje levebrødet mitt å ta bilde, og eg deler gjerne. Likevel var det kjipt når nokon hadde berre tatt noko som var mitt og presentert det som om det var sitt. 

Dette er bildet som eg tok med med min iPhone 4 ein haustmorgon i 2011-isj…

Kanskje er eg litt sær på slikt, men eg lever etter prinsippet at “æres den som æres bør”. Det kostar i grunnen lite å vere ærlig på slikt. Og la meg og legge til: Det er forskjell på om nokon opptrer på ein konsert, eller i eit selskap og om det blir lagt ut på nett eller brukt for å promotere deg sjølv. Det er mange kunstnarar som økonomisk lever fint med at andre lånar kunsten deira. Men det er mange som ikkje lever økonomisk fint med det, særlig no under pandemien når for eksempel ingen konsertar går som normalt. Tenk litt på det – om du hadde laga noko som du var skikkelig stolt av, noko folk rundt deg skrytte av og nokon kom og tok det uten verken å spørre eller betale for det, og presenterte det til verda som sitt eige – og kanskje tente på det og. Det er ikkje så kult, er det vel? Og dersom du snur på det, og du er den som tek noko som andre har laga… er det greit?

Eg berre lurer..

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s