Påska sin leiarfilosofi

Eg skulle i samarbeid med nokre andre skrive oppgåve om konfliktløysing på dette studiet eg prøver meg på. Samtidig skulle eg ferdigstille opplegg for påska til nokre konfirmanter.

Eg tenkte på teoriane om psykologiske kontrakter, og brudd på slike, korleis ein bør og ikkje bør gå laus på konfliktløysing, arbeidsgiver sin styringsrett og medarbeider sin medvirkningsplikt, og arbeidsmiljølova og så møtte eg historia om Jesus i påska, og særlig skjærtorsdag gav meg nokre perspektiv.

Han sender læresveinar, altså dei som levde omtrent oppå han for å lære av han, for å gjere i stand til påskemåltid. Altså stolte han på at medarbeidarane hans var i stand til å gjere ein viktig jobb. For påskemåltidet er eit måltid som skulle feirast til minne om Israelsfolket si utferd frå Egypt. Du veit, det du såg om i Prinsen av Egypt. Læresveinane hadde nok merka seg at Jesus hadde endra seg litt den siste tida. Måten han snakka hadde vorte mørkare. Eg, religionsnerd og sektnerd, ville nok ha begynt å lure på om han var begynt å tippe over til kategorien usunn sektleiar. Men eg var ikkje der. Læresveinane var der. Han snakka om at han måtte døy. Dei må ha vore litt urolige over at dei ikkje heilt forstod kor Jesus ville med dette. Men ting hadde jo gått bra så langt..

Så kjem dei til måltidet. Og Jesus, altså sjefen sjøl, fann fram vaskefatet og begynte å vaske beina deira. Ein tenar sin jobb. Peter reagerer som dei fleste, og seier det som berre folk uten filter vågar å seie, då han trekker til seg beina og tydelig uttrykker at slik skal ikkje ein leiar, ein mester, ein oppe i hierarkiet gjere. Peter føler seg uverdig. Men Jesus seier berre at om han ikkje får vaske beina til Peter, så kan ikkje dei ha ein relasjon lenger. Peter snur på flisa. Livredd for å miste relasjonen til Jesus. Og vil at Jesus skal vaske heile han. Ein kan trygt seie at den gyldne middelveg ikkje låg så veldig naturlig for Peter. Men eg vil tru Jesus smilte når han forklarte Peter at han berre trengte å vaske beina.

Litt seinare viser Jesus at han har sett Judas sitt svik. Han seier i frå om at han veit om det. Eg har ofte lurt på korleis det egentlig skjedde, for det er ikkje så mykje informasjon. Han har og sett at Peter har sine svakheter, og møter det skråsikre med løfte om at hovmod står for fall. Han lar dei likevel vere der – gir dei mulighet til å endre seg.

Jesus var ikkje redd for å ta drittjobben. Han var ein leder som løfta andre opp. Han ga folk det dei trengte, ikkje det dei ba om. Han møter menneske med nåde og sanning, i den rekkefølga. Men han kunne og bli oppgitt og lei. Som då dei etter måltidet går til hagen, Getsemane, og han ber dei om å våke og be. Men dei sovna. Han kjempar sitt livs kamp, det står til og med at han var så stressa at han svetta blod. Men læresveinane sovna. Eg kan liksom høyra kor oppgitt og fortvila han er når han kjem tilbake for å sjekke med dei tredje gongen. Ja, for det er også ein ting Jesus gjorde. Han sjekka korleis det gikk med folk. Han var tilstades, brydde seg og ba folk om hjelp. Og vart skuffa når dei ikkje stilte opp.

Påskehistoria fortel mykje om Jesus sin lederstil. Han var villig til å gi alt for sine folk, og han gikk bokstavlig talt i døden for dei. Han snakka sant, om seg sjølv, om dei andre og om livet. Han gikk ikkje for dei raske løysingane, eller behagelige løysingane, men dei riktige og langsiktige løysingane.

Han visste at folk er berre menneske, og menneske vil gjere feil, men om ein gir folk ein sjanse så kan dei greie store ting. Så noko av det finaste eg veit om i påskefortellinga er når Peter får møte Jesus igjen på stranda, etter at han har gjort akkurat det som Jesus advarte han mot på skjærtorsdag og nekta på at han hadde noko med Jesus å gjere. Etter at han har sett sin beste venn bli henretta og vore saman med den livredde gjengen som Jesus hadde vandra med i 3 år, innesperra, fordi dei var redde for kva myndighetene ville gjere med dei. Etter at han hadde sett Jesus igjen saman med dei andre, og forstått at han faktisk hadde stått opp igjen. Etter alt dette kjem Jesus til dei på stranda på morgenen etter at dei hadde hatt ei fiskelaus natt, som vart snudd til fiskelykke dei ikkje hadde hatt maken til sidan fyrste gongen Peter møtte Jesus då dei gjorde det som Jesus ba dei om – å kaste garnet på andre sida av båten.

Peter er så glad for å sjå Jesus at han hoppar ut av båten før den har kort til land. Og Jesus veit kva Peter treng. Så tre gonger spør han Peter om han elskar han. Og tre gonger, like mange gonger som Peter har nekta for å kjenne han, får Peter seie ja. Og kvar gong bekrefter Jesus Peter sitt potensiale. «Fø lamma mine. Vær gjeter for sauene mine. Fø sauene mine.»

Eg har mykje å lære av Jesu leiarfilosofi. Eg ynskjer å bli likere han i måten min å behandle menneske på. Enten det er med arbeidsmiljølova i hand eller ved ei kjøkkenbord. Eg ynskjer å bli ei som bøyer meg ned for å vaske andre sine bein (metaforisk sett, sjølvsagt) og som løfter menneske opp og bekreftar deira potensiale.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s