Dei siste vekene har eg gått og tenkt på musikksnobberi.

Laurdag gjekk TIX på scena med ein terning dinglede rundt halsen, med ein ener på. Han viste til terningkastet han hadde fått i Dagbladet. Eg kan ikkje seie at eg har høyrt særlig masse på TIX, eller at eg kan stå inne for dei tekstane han har hatt på enkelte låtar, men eg kan heller ikkje seie at eg er enig med Dagbladet sin anmelder. For kvifor skal ein kar som ikkje har noko å komme med nå inn til så mange?
Då eg gjekk i 1. klasse på musikklinja, for litt for mange år sidan, fekk vi i oppgåve å presentere ein song vi likte for klassa. Eg grubla og grubla på kva eg skulle presentere. Det var nemleg slik at noko musikk var bedre enn annen musikk.. Det var ingen som sa noko, men det skein liksom igjennom. På mange måtar virka det som jo særere, jo bedre. Det var ikkje heilt stuereint å digge listepop. Dersom ALLE likte det, var det jo for simpel. Eg hugsar enno kor nervøs eg var då eg skulle presentere min song. Hadde eg valgt ein song som var ok? Eller ville min dårlige musikksmak føre meg ut i gapestokken?

Forstå meg rett: Eg hadde mange gode musikkopplevingar på vidergående, og lærte meg å like mykje sær musikk, men eg likar framleis den enkle, ukompliserte pop og rocken. Eg kjenner glede i sjela ved 80-talls puddelrock og kan grine mine modige tårer når eg høyrer kyrie-satsen på Benjamin Brittens sitt War Requiem. Eg kan danse til gladmusikk fra 70-tallet og til dei nyaste hitsongane frå VG-lista, og synke inn i Mozart sitt univers i Exultate Jubilate. Eg har fått ein brei smak når det gjeld musikk, og mykje av det kan eg takke mine år på musikklinja for. Og kanskje derfor ser eg på musikksnobberiet som eit problem.
Det som blir feil er dersom ein vurderer musikken frå ulike sjangerar opp mot kvarandre. Det er min påstand. Alle sjangrar har sine sterke og svake sider. Det er og feil å vurdere artist mot artist. Alle artistar har si greie. Og nokre appellerer til nokre menneske, mens andre appellerer til andre. Så enkelt og komplisert er det. Eg meiner: eg kan synge, sånn heilt objektivt sett. Nokre syns til og med at det er vakkert å høyre meg synge. Men det finnes dei som ikkje kan fordra det også. Dei likar rett og slett ikkje stemma mi. Det betyr ikkje at eg syng dårleg.

Etter jul har eg brukt laurdagskvelden på TV2. I «Hver gang vi møtes» er det 6 svært ulike artister som møtes denne sesongen. Men dei møtes over ein felles kjærleik til musikk. Det er langt, musikalsk sett, frå Stian «Staysman» Torbjørnsen til Trygve Skaug. Men i dette programmet ser vi at til tross for avstanden så kan dei likevel møtes og få fram ulike kvaliteter. Og kanskje var ikkje avstanden så stor som vi trudde? Kanskje er det berre ulike sider av samme kube?
Eg kjenner eg blir litt frustrert når ein anmelder i ei av landets større aviser anmelder Staysman som om han burde prestere som Trygve Skaug og Maria Mena. For Trygve Skaug og Maria Mena er liksom høgkvalitetsmusikk mens Staysman er lavkvalitet… Det er musikalsk snobberi som eg kjenner at irriterer meg.

Eg vil påstå, og dette er sikkert ei upopulær meining, at dersom ein ikkje greier å sjå kvalitet i andre sjangrar enn dei som ein sjølv reknar som «innafor», så har ein ikkje ein god musikkforståelse. At eg foretrekker det eine framfor det andre har ingenting å gjere med korleis den andre utfører faget sitt. Det handlar ikkje om min musikkforståelse, men om min musikksmak. Og akkurat som med mat vil smaken vere ulik frå person til person. Nokon likar biffen rå, mens andre vil ha den kremert, mens andre igjen smakar ikkje på kjøt.

God musikkforståelse handlar om at ein kan sjå på ein låt innanfor ein sjanger, enten ein likar eller ikkje likar sjangeren, og sjå at handverket er godt gjort. Og nettopp det er vanskeligere enn ein trur. For eksempel høyres ABBA sine songar veldig enkle ut, men det er godt handverk å få noko til å høyres så enkelt og fengande ut. Staysman sine låter er ikkje mine favorittlåter, men eg høyrer at han har gjort eit solid stykke arbeid, med mykje humor som krever sin mann. Det er fengande, og det er fryktelig frustrerande kor lett dei sangane klistrar seg fast i hjernebarken. Å få dét til er ikkje ein enkel jobb. Hadde det vore enkelt så hadde alle kunne gjort det.

Musikalsk snobberi er ingen ny ting. Frå tidenes morgen har det vore enkelte som meiner dei har bedre musikksmak og bedre peiling på musikk. F.eks. vart tritonus, eller forstørra kvart, kalt Djevelens intervall før i tida. Det var ikkje lov å bruke i skikkelig musikk.. Men korleis hadde «Maria» frå West Side Story vore uten det? Det er jo ei av dei vakraste åpningane på ein song ein kan tenke seg! (Sjekk det ut om du ikkje kjenner songen)
Eg kjenner på at ein del musikk-kritikere på mange måtar kan samanliknast med ein gjeng med måker. Dei skrik så høgt at musikken druknar i ulydene deira. Det virker som det er viktigare for dei at deira stemme blir høyrt enn at musikken får leve sitt eige liv. Og ofte syns eg dei gløymer at sjølv om ein kan ha ei matematisk tilnærming til musikken, så er musikk fyrst og fremst eit hjertespråk – som rommer alle livets emosjoner og stemninger.

Eg begynner å tenke at det er ein uting å gje terningkast på musikk. Det er uansett ein uting å sette ein anmeldar som ikkje likar ein sjanger til å anmelde musikk innanfor den. Det må gå gale. Det er som å sette meg til å anmelde house, folkemusikk eller country. Eg forstår ikkje sjangerane, og sjølv om eg likar noko av det som kan komme ut frå dei, så har eg ingen føresetnad for å kunne gje ei riktig analyse av musikken. Og når terningkasta blir gitt på at ein låt av Hkeem som blir tolka(i vid forstand) og gjort av Staysman, og ein måler terningkastet ut frå ein tanke om at han burde gjort låta på en måte som Trygve Skaug ville gjort – så må det gå gale. Det er som å samalikne raudt med blått og forvente at det er gult.

Det å lage musikk som folk blir glad av, og som gir energi, er eit kunststykke. Og eg må seie at eg må seie som Trygve Skaug på laurdag at eg ikkje har vore like fordomsfri som eg skulle ønske eg var. Eg er ikkje blitt hekta på Staysman sin musikk, for det er ikkje heilt min musikksmak, men eg har fått stor respekt for både mannen, artisten og det handverket han utfører. Måten han formidler på, enkelt og med glimt i auge, sjølv når det er alvorlige ting han rører ved, så treff han ein streng i mange som resonnerer med deira eige liv. Det treng ikkje alltid vere fullpakka av djupe emosjoner, feite akkorder, smygende melodilinjer og sensasjonelle vokalprestasjoner for å ha relevans.

Og det same gjeld TIX. Han hadde ikkje mi favorittlåt på Melodi Grand Prix, men eg har ingen problem med at han skal representere Norge under Eurovisjonsfinalen her i Rotterdam i mai. Eg skal heie på han med heile meg! Eg har sett intervju med han og høyrt noko av det han har presentert i det siste, og for meg er han ein artist som har vokst og som har ei historie å fortelle. Ei viktig historie å fortelle. Han er eit forbilde både for ungdom og vaksne, og han vel å bruke stemma og scena han har til å vende fokus mot tabubelagte områder. Det står det respekt av!

Når han brukar tid til å oppmuntre alle som føler seg som stygge andeungar om å stå på, for ein dag kan verda sjå at dei er ei svane – så vil eg tilføye: Våg å vere ei svane midt i eit hav av skrikande, musikksnobbete måker – for du er verd meir enn terningkast ein, du ER ein ener! Eller som dei seier på engelsk: You are ONE of a kind!
Og då gjenstår det berre å seie: Velkommen til Rotterdam, TIX!