Seriemordertannlege og gebiss

Det var våren 2019. Eg stod på kjøkenet mitt på Gran Canaria og kjende plutselig at ein del av ei fylling i ein jeksel var laus. Den ramla ikkje ut, men det var no ubehagelig. Eg innsåg raskt at eg måtte ta meg ein tur til tannlegen. Så eg spurde litt folk og fekk anbefalt eit tannlegesenter som visstnok skulle vere bra. Eg bestilte time og fekk det nokså raskt. Dei hadde til og med norsk tolk.

Eg burde vorte skeptisk då tannlegen minte meg om ein av massemordarane eg har sett på Criminal Minds. Eg burde vorte endå meir skeptisk då han gjekk over tennene og fortalde at eg hadde 5 hol. Og om det ikkje var nok burde eg vorte skeptisk nok til å seie takk for meg då han berre begynte å borre. Utan spørsmål om kva eg ville gjere, bedøvelse eller noko.

Men det er no eingong slik at eg vil jo stole på folk. Og det er ikkje så enkelt å seie ifrå når ein har både slangar, instrument og fingrar i kjeften. Så eg kneip augene saman og håpa på det beste. Han festa det lause stykket og borra og fylte. Ingenting gjorde vondt. Eg var heilt imponert. Heilt til det lause stykket vart laust igjen to dagar seinare.

Eg klaga jo sjølvsagt. Og han fekk ein ny sjanse. Og denne gongen hang den fast. Eg tenkte ikkje meir på det før våren 2020. Då braka det laust med ein fryktelig bihulebetennelse. Og den ville ikkje gje seg. Den gjekk nesten over for så å starte igjen. Med antibiotika gikk den over, for så å komme tilbake igjen. Då eksamen kom i haust var eg på mi 5. runde med bihulebetennelse av det kraftige slaget, og det eg innsåg at den gnagende mistanken om at dette kunne ha med tennene å gjere måtte sjekkast ut. Så eg fekk gjort ei avtale med tannlegen min i Norge.

Og for å gjere ei lang historie kort: Då tannlegen i Spania festa den lause biten hadde han ikkje gjort reint under den. Resultatet var Baktus og vennane hans hadde fått rikelig med tid til å grave seg ned gjennom tannrøtene og øydelegge det som var att av tanna innanfrå. Det var ikkje meir igjen å gjere enn å trekke tanna.

Eg er no på dag 4 sidan tanna kom ut. Eg har framleis puls i fjeset og brukar altfor mykje smertestillende i døgnet enn eg burde. Eg skyller munnen med bakteriedrepende middel og har kokt meg «gul melk» i håp om å sleppe unna antibiotika. Kva eg orkar å ete er og begrensa. Men det går over, det veit eg. Det er ikkje synd på meg. Eg ville likevel skrive dette innlegget som ein liten advarsel om at ein bør vere varsom med bruk av tannlege i utlandet. Fyrst og fremst fordi bakterieflora er ofte annleis enn ein er van med. Men framfor alt bør du følge magefølelsen. Om du møter ein seriemordarliknande tannlege som ikkje behandlar deg slik han bør, då bør du seie takk for deg og gå derifrå så fort beina kan gå. For ellers kan du ende opp med å måtte ønske deg gebiss til jul.

SERIAL KILLER DENTIST AND DENTURES

Spring 2019: I’m standing in my kitchen in Gran Canaria when I feel a piece of a tooth filling is loose. It doesn’t fall out, it’s just uncomfortable. It dosn’t take long before I realize I have to get a dentist appointment. I get some recommendations and book myself an appointment at a local dentist office. They even had a Norwegian interpreter.

My red flags should have been there when my dentist looked like one of the serial killers I had watched on Criminal Minds. More red slags should have appared when he looked at my teeth and told me I had 5 cavities. And if that wasn’t enough I should have left as soon as he decided to go ahead without asking me about how I wanted to proseed or anything else.

I want to trust people. And it is not easy to speak up when you got both tubes, fingers and instruments in your mouth. So I closed my eyes and hoped for the best. He fastened the loose bit of my tooth, and fixed everything else. And nothing hurt! Even without sedation. I was impressed. Until the loose bit came loose again two days later.

I complained. And he got a new chance. This time it worked. I didn’t think about the tooth until the spring of 2020. It started with a sinus infection. The kind you don’t want to experience. It almost went away before it started again. And then, with help of strong antibiotics it went away. Just to return a couple of weeks later. And when my exam started this fall I was on my 5th sinus infection in 7 months. And I had to admit that the suspition this having to do with my teeth had to be checked out. So I made an appointment with my dentist in Norway.

To make a long story short: When the Spanish dentist fixed the tooth filling he didn’t clean it. That gave room for Mr. Bacteria and his friends to work their way through the tooth and down in it’s roots, and basically distroy the tooth from within. There was no more tooth to save. It had to be pulled.

It’s been 4 days since my tooth was pulled. My face still hurts, I’m eating painkillers as if it is candy, I rinse my mouth with antibacterial mouth cash, and I have made «Golden milk» hoping to avoid antibiotics. And I only want soft food. I know this will pass, and I will be fine. I’m writing this as a warning: you should be careful when you go to the dentist abroad. First and foremost because the bacterial flora is different from what your body is used to. But more than anything you should follow your gut: If you get a serial killer lookalike- dentist that doesn’t treat you as he should, get your ass out of there ASAP. If you don’t, you might have to order dentures for Christmas next year.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s