Takk til deg, 2020! (Thank you, 2020!)

Det vart ikkje året vi hadde tenkt oss. Det eine etter det andre gjekk i frå kvarandre. Livet vart brått tøft for mange. Frykt for sjukdom. Frykt for at noko skulle skje med dei ein er glad i. Langdistanseforhold vart for krevande når ein ikkje kunne reise. Portforbud i over 3 månader. Bratt læringskurve på digital kommunikasjon. Ja, det vart jammen ikkje det året eg hadde tenkt meg. Og eg kunne skrive side opp og side ned om alt som gjekk gale i 2020. Men eg vil seie noko om kva eg har å takke for.

Eg vil starte med å seie at eg er takksam for ein god inngang til 2020. Med fest saman med gode mennesker på Sjømannskyrkja på Gran Canaria. Og fest med gode vener etterpå. 

Eg er takksam for alt eg fekk oppleve før alt stengde ned. Eg fekk jo med meg både at dei heilage kongane kom til øya, mandeltreblomstring, kjekke turer med gode vener i fjellene og vårbasar på Sjømannskyrkja. Eg fekk og vere med på karneval og heie fram KRIK-laget til andreplass i volleyballturnering. Eg fikk til og med skvisa inn en gospelkonsert. Eg er og veldig takknemlig for at vi fekk gjort ferdig prosesjonskorset vi hadde som konfirmantprosjekt.

Eg er takksam for turen eg fekk til San Francisco i februar. Lite visste eg då om at det skulle bli den siste på lenge…

Eg er takksam for at gode vener inviterte meg til å bu i ei kjellarleilighet som delte uteplass med dei då påbodet om portforbud kom på Gran Canaria. Vi trudde det ville vare 2-3 veker, lite visste vi at vi skulle bu slik i 3 månader. 

Eg er takksam for borna deira, som var så trygge på meg at dei kom ned på besøk for å sjå film, tegne og leike. Dei lyste opp ei krevande tid og brakte med seg ufattelig mykje glede.

Eg er takksam for at eg vart innlemma i familia, i staden for å måtte sitte åleine heime.

Eg er takksam for alle dei menneska eg snakka med i den tida, som åpna opp og slapp meg inn. 

Eg er takksam for ei super 17.mai-feiring, og andre sosiale kveldar i gode venners lag.

Eg er takksam for at også portforbud har ein ende.

Eg er takksam for ungdommane på Gran Canaria, og alle zoom- ungdomsklubbkveldane som var veka sitt store høgdepunt. 

Eg er takksam for at vi fekk ha eit par fysiske ungdomsklubb-samlingar før semesteret var over. 

Eg er takksam for alle dei gode vennene eg fikk på Gran Canaria. 

Eg er takksam for gode kollegaer frå heile verda som har lytta til meg og gitt meg respons og gode råd med masse kjærleik. Ein veks ikkje som menneske om folk berre seier det du vil høyre. Men det råd som blir sagt med kjærleik og omtanke, kan du vokse mykje på!

Eg er takksam for ny stilling i Rotterdam. 

Eg er takksam for gode veker i Norge på seinsommaren.

Eg er takksam for at eg kom inn på studie – og stod på eksamen! 

Eg er takksam for alle dei nydelige menneska eg har fått bli kjent med denne hausten i Rotterdam.

Eg er takksam for ny kollega i Rotterdam og ei fantastisk kollegagruppe i Norge og Europa. 

Eg er takksam for mulighet til å jobbe frå Norge, slik at eg kunne reise heim til jul og at eg kan tilbringe heile jula i Norge, og mesteparten av januar, slik at eg får tatt meg av litt ting som må ordnast her.

Eg er takksam for at eg er frisk, til tross for at året har hatt 5(!) bihulebetennelser og en lungebetennelse å by på.

Eg er takksam for familien min.

Eg er takksam for at eg har gode venner som held kontakten sjølv om eg ikkje alltid er like flink til det. Eg har som nyttårsforsett å skjerpe meg. For eg er egentlig fryktelig glad i alle sammen!

Og eg er takksam for deg. ❤

2020 gjekk ikkje slik eg hadde tenkt. Fryktelig mykje gjekk gale. Men midt i galskapen har veldig mykje gått rett også. Så her sit eg, mot slutten av 2020 og har eit hjarte som er plastra både her og der, og som av og til blør litt, men som  er fylt til randen av takksemd og som stadig får påfyll. Og slikt vert hjertet lega og veks seg sterkt av. 

Så takk til deg som har gått eit stykke veg med meg i 2020. Tusen, tusen takk! Eg håpar vi får endå meir å takke for i 2021. 

In English:

This year did not go as planned. One thing after another fell apart. All of a sudden life was hard for a lot of us. We were afraid of sickness. Afraid something would happen to the people we love. The long distance relationship became to challengig when we couldn’t travel. Shelter in Place for 3 months. I learned a lot about online communication. It was not even close to the year I had visioned. And I could write about everything that went wrong in 2020. But I want to say something about what I am grateful for.

I want to start by say I am grateful for a great start. A party with good people at the Seamen’s Church in Gran Canaria. And a party with good friends afterwards.

I am grateful for all I got to experience before the lockdown. After all I got to see the 3 wise men arrive at the Island in the sun, the almond trees bloom, I got to go on trips in the mountains with good friends and I was part of the carnival and spring bazaar at the Seamen’s Church, and I got to cheer the KRIK volleyball team to second place in the annual volleyball turnament. I even managed to squeeze in a gospel concert. I am also grateful that we managed to finish our Confirmant project: The Prosessional Cross for the Norwegian Seamen’s Church in Gran Canaria.

I’m grateful for the trip to San Francsico in February. Little did I know it would be my last for a while….

I am grateful good friends invited me to live in the apartment downstairs, with a shared terrace, when Shelter in place was the law in Spain. We thought it would last 2-3 weeks, little did we know it would be 3 months before I moved home. 

I am grateful for their wonderful kids, who came downstairs to visit, to watch a movie, draw or play. They brightened up my days with joy!

I am grateful they included me in the family, so I didn’t have to spend the time alone.

I am grateful for all the people I talked to during this time, for their openness and will to let me into their life. 

I am grateful for a great National Day celebration, and more social nights with good friends.

I am grateful that Shelter in Place has an end.

I am grateful for the kids at the Youth Club in Gran Canaria, and all the Friday night zoom meetings. It was the best time of the week!

I am also grateful that we actually were able to meet live a couple of times before the summer holiday.

I am grateful for all the good friends I got in Gran Canaria.

I am grafeful for coworkes all over the world who listened to me, responded and gave good advice with love. You don’t grow as a human if everyone tell you what you want to hear all the time. But good advice given with love and kindness is stuff you grow from.

I am grateful for a new position i Rotterdam.

I am grateful for a nice vacation in Norway this summer. 

I am grateful I got into school and passed my first exam.

I am grateful for all the wonderful people I have met in Rotterdam this fall

I am grateful for a new coworker and an amazing gang of coworkers in Norway and Europe.

I am grateful for an opportunity to work from Norway, so I could go home for Christmas and stay here until late January to take care of some business.

I am grateful for my family. 

I am grateful for friends who keep in touch, even when I am not good at it. My New Years resolution is to get better at it. You see, I love y’all really much!

And I am grateful for you. ❤

2020 is not the year I had planned. An awful lot went wrong. But a lot went right too. So here I am, at the end of 2020, with a bruised heart, it might even bleed a little, patched up as good as I can, but it is full of gratefullness – and it keeps filling. And that is the stuff that heals a heart and make it strong.

So – thank you to you who was part of my journey through  2020. A million thanks! I hope we get even more to be grateful for in 2021.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s