24. Desember: Natta då Den Allmektige vart menneske

Det var blitt stille i stallen. Det einaste ein kunne høyre var lyden av eit nyfødd spedbarn. Det låg innpakka i eit stykke tøy, i ei krybbe. Dyra stod og låg rolige rundt, og såg på dette underet som dei hadde vore vitne til i natt. Ved sida av krybba halvvegs låg, halvvegs sat den unge kvinna som akkurat hadde født. Mannen stod ved sida av og var som nybakte fedre flest heilt stum av beundring over kva han nettopp hadde vore med på. Josef visste i hjartet sitt at dette barnet var sonen hans, uansett kven som egentlig var faren. 

Maria strekte ut handa og strauk det vesle fjeset forsiktig. Jesus. Ho smakte på namnet ho hadde gitt barnet. Jesus. Det var det engelen hadde sagt. Ho såg forelska på han. Han var så vakker. Så perfekt!  

Ein svær gjeter stod i åpninga. “God kveld” sa han. Josef såg skeptisk på han. Men så fortalde gjeteren om englebesøket dei hadde hatt på marka. Maria ønska dei velkommen inn. Det var berre ei lita stund sidan ho såg heilt utkjørt ut. No strålte ho som ei sol. Josef såg undrande og beundrande på henne. 

Ein liten gjetargut kom inn og sette eit lite lam attmed krybba. Lammet nærma seg barnet så forsiktig, men akkurat som dei andre dyra, vart det ståande å beundre han. Det var som om det tilba han med augene.

Dei høyrde nokon kremte. Tre staselege karar kom og ville inn. Gjetarane trekte seg litt unna. Josef såg forvirra på dei. Dei tre stoppa opp ved krybba og Maria. Det var ikkje lett å forstå alt dei sa, men det var visst ei stjerne som hadde vist veg og dei hadde med seg dyre gåver til barnet, eller den  store kongen, som dei kalla han. Maria kikka opp på Josef. Det var jo det eg fortalde deg, sa augene som glitra av glede i den mørke stallen. 

Josef undra seg over kva slag konge dette kom til å bli, han som både fekk dei som var rekna for å vere ingen og dei som var kongar på besøk for å tilbe han. Jesus. Eit slikt forunderlig lite barn. Eit mirakel. 

Utover natta gikk vart det igjen stille i stallen. Gjetarane hadde trekt seg tilbake til sauene sine. På markene hadde det vore fredeleg heile resten av natta. Dei tre kongane hadde reist tilbake til romma dei hadde fått for natta.Tidlig på morgonen møttes dei til frokost. Dei hadde alle hatt draumar om at dei ikkje måtte ta vegen tilbake til kong Herodes, og dei la ei anna rute for heimreisa. 

I stallen låg eit lite barn i fanget til mor si. Ho kunne sjå siste glimtet av den store stjerna spegle seg i augene hans før soloppgangen tok over. «Du min vesle skatt, eit evig håp for verda» kviskra ho og kyssa panna hans. I natt hadde Gud sjølv blitt menneske. Ho nynna på melodien som den vesle gjetarguten hadde sunge for barnet, medan orda etsa seg inn i hjartet hennar: “Ære være Gud i det høgste, og fred på jorda blant menneske som Gud har glede i!”

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s