23. Desember: Dei fyrste som fikk vite det

Dei hadde samla seg ein gjeng rundt bålet. Det hadde vore ein hektisk dag. I går natt hadde det vore udyr og jaga opp sauene og det tok tid å få roe dei ned igjen. Det var ei plage med denne ulven som dei ikkje greidde å få tak i. Dei siste vekene hadde han teke fleire sauer og lam.

Diskusjonen gjekk livlig. Mange av dei fornemme folka inne i byen forstod ikkje kor farleg det var her ute på Betlehemsmarkene. Dei berre forventa at gjetarane skulle passe dyra. Om så med livet som innsats. Noko måtte gjerast med den ulven! 

Alle sat med eit auge mot flokken sin. Det var vanskelig å sjå alle der i mørket. Men sauene hadde  tydeligvis funne ut at det var tryggast å halde seg i nærleiken av gjetarane i kveld. Ein kunne høyre bålet knitre, men så, plutselig lyste det opp.

Gjetarane snudde seg mot lyset. Kva i all verda var dette? Ein lysande skapning stod der på marka. Blodet suste i hovudet. Pusten gjekk fort. Dei var på beina alle mann, retta ut stavene mot skapningen. Men så begynte han å snakke. Stemma var mild og lys: “Ikkje vær redd. Eg har berre gode nyheter til dykk. Ein frelsar har blitt fødd i natt. Han er Messias, han de jødar ventar på! De må gå inn mot byen. I utkanten finn de ein stall, der det er eit barn som har blitt tulla inn i eit tøystykke og det ligg i ei krybbe.”

Og plutselig lyste heile himmelen opp. Lyset var så sterkt at gjetarane måtte skjule ansiktet. Eit kor av tallause, lysande skapningar sang så vakkert at gjetarane kjende at tårene rant. Aldri hadde dei høyrt slik sang. Langt nede i magen kjende dei kor tonane buldra og ga fargar til natta dei aldri før hadde sett. 

Like plutselig som det hadde komt, var det over.  Det var ein heilt merkelig fred som låg igjen over markene. Den eldste av gjetarane, var den fyrste som sa noko. “I natt er sauene trygge. Gud sjølv har sendt englane sine for å fortelje oss at vi skal gå for å tilbe barnet. Eit slikt ærefullt oppdrag er det ikkje kvar dag ein skarve gjeter får! Kom, bli med til stallen!”

Sammen gjekk dei inn mot Betlehem, og ganske riktig. Rett utanfor det siste herberge, i fjellet, låg det ein stall. Det var eit svakt lys der inne, og dei kunne høyre svak lyd av eit lite barn. Den eldste gjekk inn først. Dei andre kom nølande etter.

“God kveld” Sa han. Mannen som stod ved sida av den unge kvinna som halvvegs sat i halmen attmed krybba såg skeptisk på han. “Vi hadde eit heilt englekor på besøk ute på marka og dei fortalde oss at Messias var fødd i natt, og at vi ville finne han i ei krybbe her i utkanten av Betlehem”. Mannen såg forundra ut, men den unge kvinna smilte strålande til han. “Velkommen inn, alle sammen!” Sa ho. Dei såg ned på barnet og fall på kne og tilba. Dei, av alle menneske, hadde fått sjå den store kongen! 

Etterpå sprang dei inn til byen og fortalde kva dei hadde sett. Men folk brydde seg ikkje om kva gjetarar sa. Dei har sikkert fått litt for mykje å drikke, sa dei, og lo. Gjetarane gjekk tilbake til dyra på marka, fulle av undring over mirakelet som hadde skjedd denne natta. 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s