Ho kjende den stikkande følelsen nederst i ryggen.
Ho visste at no var det ikkje lenge igjen til barnet ville kome. Og dei siste dagane hadde vore tunge. Det var ikkje særleg behagelig å sitte på ein eselrygg i fleire dagar. Å sitte på eselryggen i steikande sol var ikkje å anbefale når ein var høggravid.
Dei hadde komt til Betlehem seint på kvelden. Ikkje eit einaste rom var å oppdrive. Ingenting. Då mannen på det siste herberget hadde sagt at dei kunne få sove i stallen, høyrde det ut som ei seng på slottet i hennar øyrer.
Josef var ikkje heilt fornøgd. Han var bekymra. Han ville ta godt vare på henne, det var ho sikker på. Han var ein god mann. Han tok henne heim til seg etter at ho hadde fortalt om kva engelen hadde sagt til henne, fortalde alt om kven han var. Han sette si ære i fare med å ta henne til kone i den tilstanden. Om nokon hadde fått vite at barnet ikkje var hans, så ville det vorte stor ståhei. Men Josef hadde beskytta henne, heile tida.
Ho strauk seg over magen. Den var hard. Samtidig kjende ho smertene i ryggen. Den var sterkare no. Ho visste at i natt kom det sikkert til å skje. Dette var ikkje berre forvarsel.
Josef hjalp henne ned frå eselryggen. Han hadde laga ei slags seng for henne med halm og strå. Ho la seg ned. Ei ku kom og la seg tett attmed henne. Ho kunne kjenne varmen frå det store dyret. Det var som om ho inviterte til at ho skulle lene seg mot henne. Det var som ho forstod kva som var i ferd med å skje. Det kunne hende ho trengte noko å lene seg mot i natt.
Ho såg nokre små mus i hjørnet. Ho lo. Dei såg så nysgjerrige ut. Den eine hadde nylig blitt trakka på, for ho kunne sjå at han hadde sandalmerke på baken.. Han snusa seg nesten heilt opp til henne, men pilte tilbake til dei andre. Ei ny ri tok tak i kroppen hennar. No skjedde det. Ho skulle få møte mirakelet ho hadde bore under hjartet sitt sidan engelen hadde vore på besøk. I natt skulle Den heilage kome til jorda.
