Ho låg stille ved føtene til den vesle gjetarguten.
Ho hadde ikkje noko mor lenger. Ulven hadde tatt henne for nokre dagar sidan. Lammet hadde gått og bræka, då den vesle guten hadde funne det. Han hadde tatt henne med seg. Og no hadde han latt henne få ligge ved beina, nær bålet. Ho hadde nesten sovna. Det hadde nesten den vesle gjetarguten og.
Plutselig lyste det opp rundt dei. Gjetarane hoppa opp og lammet gjorde det same. Ho snudde seg mot lyset. Men det var jo berre ein engel. Ho vart heilt rolig. Ein fred som ho aldri før hadde kjent fylte heile henne.
Like plutselig som den fyrste engelen hadde kome, var der eit kor som var så stort at ho ikkje kunne sjå enden på det. Ho hadde aldri høyrt så vakker sang. Den fylte ikkje berre lufta, den fylte både hjarte og sinn. Det vesle lammet lukka augene og berre var i sangen.
Då den var over og alt var blitt mørkt, kjende ho framleis korleis tonene fylte henne. Den vesle gjetarguten hadde tatt henne på skuldrande og dansa avgarde, saman med dei andre gjetarane. Han kjende visst på at sangen fylte han og, for han sang heile veien til den vesle stallen som låg nesten inne i byen.
Ho såg barnet. Eit lite, skrukkete, raudt og nyfødd barn. I ei lita krybbe. Den vesle gjetarguten tok det vesle lammet ned frå skuldrane og førte det fram til krybba. Lammet la hovudet opp på kanten, men var forsiktig så ho ikkje kom borti barnet. Gjetarane fall på kne ved sida av henne. Dette barnet måtte vere noko heilt spesielt. Lammet såg, og såg, og kjende korleis englesongen framleis kviskra i kroppen. Dette var natta då jorda fekk møte himmelen.
