20. Desember: Han skulle berre vere med far på jobb

Han hadde fått vere med far på jobb i natt. Endelig var han gammal nok. Mor ville egentlig at han skulle vere heime litt til, men far hadde gitt etter. Og det var no ikkje akkurat slik at dei ikkje trengte pengane. To som fekk betalt var jo betre enn ein. 

Han trudde han hadde vore forberedt. Men det var tøft å vere ute på markene. Det var kaldt, og mørkt. Og dei vaksne snakka berre om ulven som hadde plaga dei i det siste. Han hadde ein liten kjepp og ein stav som han kunne hjelpe seg med, men han var likevel redd. Men det kunne han ikkje vise nokon.

Samtala rundt bålet gjekk livlig. Han sat der og kjente på varmen frå bålet. Han hadde eit lite lam som låg ved føtene. Han var søvnig. Det vart stadig vanskeligere å halde augene åpne. Han kunne jo berre lukke dei ei lita stund. Alle dei andre var jo vakne…

Han vakna med eit rykk. Alle dei vaksne gjetarane stod mot han med stavene framfor seg. Han kava seg på beina, og svinga seg rundt. Eit sterkt lys slo mot han. Ein skapning han aldri hadde sett  maken til før. Han hadde høyrt nokon fortelle om englar. Var det slik dei såg ut? 

Engelen fortalde at Messias, frigjeraren dei venta på, var blitt født i natt og at dei skulle gå inn til ein stall for å finne han. Gjetarguten kjende han vart varm i heile seg. Han, vesle han, skulle få sjå sjølvaste Messias!! Han løfta opp det vesle lammet, og la det på skuldrene sine. Det brækte han inn i øyret. Gjetarguten lo.

Då lyste heile himmelen opp. Så lyst vart det at han måtte lukke augene og dekke ansiktet. Og ein sang utanom det han nokon gong hadde høyrt, fylte kroppen hans. Då det vart mørkt igjen var alle enige om at dei måtte finne stallen. Han dansa avgarde, med lammet på nakken. Han skulle sjå Kongen. Og han ville gje han lammet!

Dei som var nær Betlehemsmarkene denne natta kunne sjå det merkelige følget av gjetarar som skunda seg mot byen. Nattemørket bar lyden av ei spinkel barnestemme som sang om ære til Gud i det høgste, og fred på jorda blant menneske som Gud er glad i.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s