Dei samla seg nær bålet. I kveld var det her det føltes riktig å vere. Det hadde vore ein lang dag. På morgonkvisten, før sola kom opp, hadde den farlege ulven vore og tatt eit av lamma. Dei hadde sprunge til det ikkje var luft igjen i dei. Og plutselig var dei ikkje lenger trygt i flokken sin.
Dei visste det ikkje var lurt å springe slik på måfå, men var fort gjort å gløyme det som ein veit er lurt når panikken tok tak i deg. Ein av dei yngre sauene hadde nesten hamna utfor ein skrent, men heldigvis hadde ein av gjetarane huka tak i han med staven sin. Takk og lov at dei hadde gode gjetere. Dei hadde jobba i timesvis for å få samla dei, og for å få roa dei ned igjen. Heile dagen hadde frykten for ulven rasa i kroppene deira.
Men no hadde natteroa kome igjen. Sauene hadde ein følelse av at dei var trygge i natt. Det var ei heilt merkelig stemning på Betlehemsmarkene.
Plutselig lyste det opp. Alle sauene såg mot den lyse skapningen. Fred. Det var det denne skapningen utstrålte. Fred. Dei visste dei var trygge. Det gjekk ikkje lenge, så var himmelen full av slike skapningar. Ein overjordisk vakker musikk fylte lufta.
Dei visste at dei var trygge, sjølv om gjetarane no sprang avgårde. Dei fulgte rolig etter der dei sprang innover markene. Dei forstod, utan ord, at i natt hadde noko heilt spesielt funne stad. I natt hadde jorda fått eit mirakel. Himmelen hadde kome på besøk.
