Ho låg og jorta, medan ho høyrde på støyen frå byen. Jammen var det godt å komme inn i stallen og få litt fred og ro. Heile dagen hadde ho vore ute i den brennande sola. Stort sett hadde ho vore nede ved den vesle elva. Der var graset grønast, og det var lett å få i seg nok vatn. Ho hadde ete seg god og mett, så i natt kom ho til å få sove godt.
No høyrde ho stemmer som nærma seg. Alle desse folka i byen. Kvifor skulle alltid menneska samle seg slik? Og kvifor måtte dei bråke sånn? Ho håpte berre det ikkje var nokon som hadde fått i seg for mykje vin og var blitt forvist til stallen for å sove. Stemmene kom nærmare og nærmare.
Ein mann, eit esel og ei ung, svært gravid kvinne var det som kom. Skulle dei berre forbi? Nei, dei kom inn, og mannen begynte å styre med å lage til seng til kvinna. Det var kaldt i kveld. Ho hadde ei kjensle av at fødselen kom til å skje snart. Det var ikkje mykje ho hadde å bidra med. Ho var jo berre ei ku. Kyra reiste seg og gjekk nærmare kvinna, og la seg ned slik at ho kunne få varme frå henne.
Kvinna såg på henne, og smilte. Ho rekte ut eine handa og klappa kyra forsiktig på halsen. Kyra såg tilbake på henne. Prøvde å vise henne at ho kunne berre lene seg mot henne. Då såg ho musene i hjørnet.. Alltid skulle no dei stikke nasene sine i andre sine ting. Kyra venta på hylet når kvinna såg dei, men i staden lo ho og småsnakka med den største musa.
Brått kjende ho at kroppen til kvinna stramma seg. Ho hadde hatt rett. I natt skulle det skje. Kyra visste at i natt ville ho få vere vitne til eit mirakel.
