17. Desember: Musene i stallen

Aldri hadde dei greidd å få tak i så mykje mat! Noko var i ferd med å skje i byen. Det var utrulig mykje folk der. Fleire av dei hadde opplevd å bli trakka på i løpet av dagen. Gamle Rufus hadde eit heftig sandalmerke på den breide baken sin, og Josefine hadde mista tuppen av halen. Men når det var meir folk, fall og meir mat på bakken. Så no var det fest det vesle hjørnet til musene i stallen. 

Brått høyrer dei ein lyd. Det kom nokon. Musene stoppa og vart ståande så stille som berre mus kan stå. Det brukte ikkje å komme folk så seint. Dei løfta nysgjerrig på nasa. Kva kunne dette bety?

Dei såg eit lite reisefølge komme inn. Eit ungt par og eit esel. Mannen hjalp kvinna ned frå eselryggen. Ho var høggravid. Dei såg seg rundt i stallen. Musene gløymde heilt maten, og sneik seg nærmare for å sjå bedre. 

Mannen prøvde så godt han kunne å lage ei seng av halm og høy for kvinna. Ho ynka seg då ho la seg ned. Mannen prøvde å gjere det komfortabelt for henne. Han fann eit teppe som ho kunne få varmen i seg. Så gjekk han bort til eselet igjen, og fann ein plass der eselet kunne få seg mat, drikke og litt kvile. 

Musene pilte bort til kvinna. Ho såg dei, men i staden for å hyle slik husfrua brukte å gjere, lo ho. Rufus hadde våga seg nesten bort til henne. “neimen, stakkars liten, du har no visst fått smake litt av ein sandalsåle du..” Ho smilte trøstende til han. Men så endra ansiktsuttrykket seg. Ho beit tennene sammen og lukka augene. 

“Josef” ho hadde pressa lyden ut. Mannen, som heldt på med bagasjen, kom bort til henne med det same. Han lo ikkje då han såg musene. Han hysja dei vekk, og dei pilte bak ei kasse. Dei vart ståande der ei stund og høyre på korleis ho kjempa for kvar ri som kom. Sakte, sakte kraup dei fram igjen, ein etter ein, slik at dei kunne sjå kva som skjedde. 

Det såg ut til å bli ei dramatisk natt. Og maten, og den vesle festen dei hadde planlagt nokre minutt tidligare, hadde musene i stallen heilt gløymt. I natt skulle dei bli vitne til eit mirakel.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s