16. Desember: Slektstreffet

Det var så mykje folk! Alle vegar krydde det av store og små. Denne folketellinga var krevande. Men samstundes var det ein fest. Alle hadde fått slekta på besøk. Heile byen var eit salig stort slektstreff. Det var kjekt å sjå dei ein ikkje såg så ofte. Men litt krevande når det kjentes som om ein budde i ei overfylt bikube. Det vart nokre stikk innimellom, og temperaturen kunne bli litt høg. 

Det fantes ikkje eit einaste rom å oppdrive i heile byen. Det var det reine vanvidd. Nei, å bu i Betlehem i disse dager var heilt utanfor alt som var normalt. Kven hadde trudd at det var så mange som egentlig kom herifrå. 

Og no hadde det vore fleire rykter også. Du kunne knapt gå ned ei gate utan å bli spurt om du visste noko om det som hadde skjedd. Det var dei villeste ryktene. Sjølvsagt hadde det starta med nokre gjetarar. Alle visste at det ikkje gjekk an å stole på gjetarar! Men disse gjetarane hadde fortalt ei heilt vanvittig historie om englar som sang og eit barn som hadde vorte født i ein stall. Nokre kongar hadde det visst og vore. 

Folka i Betlehem takka ikkje nei til ei god historie, men denne var no heilt på grensa av galskap. Nokre var likevel undrande til den. Særlig sidan gjetarane hadde påstått at det var ein stor konge som var fødd, og at han skulle frelse dei. Kanskje dei måtte sjekke dette ut. Kanskje kongen som skulle fri dei frå Romanane kom no? 

Jo, dei måtte sjekke det ut. Men fyrst måtte dei få unna denne folketellinga slik at folk kom seg heim igjen der dei høyrde til!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s