15. Desember: Ei lang og tung reise

 Det hadde vore ein lang og tung tur. Mange dagar hadde det tatt. Nesten 16 mil var tilbakelagt. Ho kjende at ho var trøtt i beina. Ein ting var å gå distansen, men ho hadde hatt både reisevesker og ei høggravid jente på ryggen.

Det var tungt, det!

Reisa hadde gått greit. Nokre farlege plassar hadde dei måtte passere, men stort sett var det så mykje folk at ho aldri hadde følt seg utrygg.

Maria og Josef var gode folk. Dei passa godt på at ho både fekk kvile, drikke og mat. Så ho kunne ikkje klage. Ho hadde sett andre esel bli behandla mykje dårlegare enn henne. Særleg Maria var opptatt av at ho skulle ha det bra.

Dei siste dagane hadde ho merka at Maria ikkje hadde det godt. Likevel hadde ho ikkje klaga. Det var galskap å legge ut på denne vandringa i den tilstanden ho var i. Det var både varmt, og tungt. Og Esel ville ikkje bli forundra om barnet kom snart, etter denne påkjenninga. 

I dag hadde det vore ekstra tungt. I byen dei hadde kome til var det så mykje folk, at ein måtte heile tida passe på at ein ikkje trakka på nokon eller vart trakka på. Ein skulle tru at det ikkje var så vanskelig å få auge på ei høggravid kvinne på eit esel, men der hadde ho tatt feil. Overraskande mange hadde kome bort i dei, og nesten dytta Maria av ryggen hennar. 

Josef sleit med å finne plass for natta, det var allereie seint på kvelden, men no virka det som om det hadde ordna seg. Mannen i det siste huset i byen peika og forklarte. Han peika mot ein stall som låg i fjellsida. Var det dit dei skulle?

Josef leidde dei bort dit. Inn i stallen. Han hjalp Maria ned frå ryggen hennar, og over på ei lita halmseng. Esel syns synd i Maria. Dette kom til å bli ei lang natt. Josef hadde sørga for at ho fekk mat og drikke, og skulle akkurat til å ta av resten av bagasjen, då ho ropte etter han. 

Esel såg bort og forstod at no var tida inne. Dei skulle bli vitne til eit lite mirakel i natt. 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s