Han sat ved døra. Heile kvelden hadde han sagt at han ikkje hadde rom til fleire. Likevel kom det stadig folk som ville ha rom. Hadde han rukke å bygge på den etasja han hadde snakka om i fjor ville han ha tjent den inn att, og vel så det, berre i dag. Det var så mykje folk i byen, og ryktene fortalde at alle herbergene var stappfulle.
Han hadde snakka med kompisen sin tidligare i dag. Han hadde fått 25 slektningar på besøk. Han greidde å snike seg unna i nokre timar før kona fann han igjen. No rekna han ikkje med at han fekk sjå meir av kompisen i år. Så sint hadde ho vore. Han hadde høyrt ord som “svigermor” og “ungane til bror din”, samt “sove på stova” komme frå henne då dei forsvann rundt hjørnet.
Han såg ut, ned gata kom ein mann gåande med eit esel på slep. På eselet sat ei ung, svært gravid jente. Han krympa seg. Han hadde ikkje lyst å seie nei til dei om dei kom hit. Men det fanns ikkje rom igjen. Han håpa dei hadde slekt dei skulle til, slik at dei berre gjekk forbi.
Så heldig var han sjølvsagt ikkje. Rett etterpå banka det på døra. Han åpna og der stod dei. Han beklaga så godt han kunne. Her var ikkje rom. Mannen klaga seg, den gravide såg på han med store auger. Ho var mykje yngre enn han hadde trudd. Tenk om ho hadde vore dottera hans. Han greidde ikkje seie nei.
Før han fekk sukk for seg datt det ut av han: “De kan få bu i stallen” Mannen såg bekymra bort på kona si. Ho smilte og takka. Alt var bedre enn å sitte på eselryggen. Han forklarte dei korleis dei måtte gå for å komme seg inn i den vesle stallen. Det var no meir som ei hole i fjellet, men dyra hadde ly der og mat. Han måtte berre håpe på at det unge paret ville greie seg der ute i den kalde natta
