13. Desember: Den maktsjuke kongen

Han sat åleine i den store salen. Åra hadde gått så veldig fort. Han hadde kjempa med nebb og klør for å vinne den makta han no sat med. Han hadde drept både fiender og familie. Han hadde gitt alt. No sat han her, det var ikkje mange igjen rundt han. Han hadde bygd eit fantastisk tempel. Likevel var det enkelte av jødane som murra og sa at han ikkje var ein skikkelig jøde. Han kjende korleis han nok ein gong kokte i sinne. Han prøvde å roe seg ned. Romarane stolte i alle fall på han.

Ein tenar banka på døra. Nokre kongar var her for å sjå han. Dei snakka visst om ein ny konge. 

Angsten greip tak i han som ei jernklo. HAN var kongen. Ingen andre skulle vere konge her!

Han ba dei komme inn. Han fekk spurt om kva dei visste. Stjernene hadde fortalt om ein ny, stor konge. Kva stjerner? Han kunne si historie. Tankane gjekk til David og Saul. Men han skulle ikkje la seg lure. Han kom aldri til å gje opp! Men han vakta seg vel for å avsløre kva han følte. 

Han kjende ein listig plan forme seg i tankane. Ja, han var kanskje begynt å bli gammal, men dei små grå fungerte framleis. Han fekk disse kongene til å love at dei ville komme tilbake når dei hadde funne dette kongebarnet. Når han fekk vite kor han var, skulle han nok ta seg av det problemet.

For det var ingen konge i Judea utan om Herodes!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s