12. Desember: Adaya

Han stod på fremste rad i englekoret. Han var litt mindre enn dei andre englane. Stemma var litt lysare. Han var litt meir forsiktig enn mange av dei andre. Ein kunne kanskje kalle han beskjeden. Han tenkte egentlig ikkje så mykje på det. Eller, jo, han tenkte egentlig ganske masse på det.

Han hadde ein hemmelig draum om at ein dag hadde han vokst seg like stor og robust som dei andre. Han drøymde om djupare, buldrende røyst av typen som la igjen vibrasjonar lenge etter at han hadde slutta å synge. Han drøymde om å få lov å synge solo. Men han visste at han ikkje hadde det som skulle til. Så derfor valgte han å holde seg litt i bakgrunnen. Sjølv om han alltid vart plassert på fyrste rad.

Han forstod ikkje kvifor Den Allmektige hadde skapt ein engel som var annleis. Han forstod ikkje kvifor nettopp han var den som måtte vere annleis. Korøvinga var akkurat slutt for i dag, og det hadde vore så vakkert å høyre sangen at han hadde gløymt å synge innimellom. No var rommet fullt av latter og ivrige samtaler. Alle var gira etter dei hadde fått beskjed om at dei skulle på kortur til jorda. Han gleda seg og. Det skulle bli så spennande å få sjå menneske, sånn på ordentlig.

“Adaya!” Han vakna med eit rykk frå tankane sine. “Adaya!” Han retta seg opp, og såg i retning av kvar stemma kom frå. Det var dirigenten. “Adaya. Eg har ei ekstra oppgåve til deg. Det er på oppdrag frå Den Allmektige.” Han såg seg forvirra rundt. Nokre av dei andre englane stoppa å prate og fulgte med på kva som skjedde.

“Veit du kvifor du fekk namnet ditt, Adaya?” Spurde dirigenten. Han rista svakt på hovudet. Han hadde alltid lurt litt på det, han hadde aldri følt at det heilt passa han. “Du veit det betyr Guds vitne, eller ein som fortel om Gud, ikkje sant?” Jo, han visste det. “Oppdraget du har fått er å fortelle gjetarane vi skal synge for om kvar dei kan finne Frelsaren.” Augene heldt på å falle ut av hovudet hans. Var han spesielt utvalgt til å gjere denne oppgåva? Men det var jo så mange andre, som var mykje større, og flinkare, og bedre, og … “Då Den Allmektige skapte deg, hadde han denne oppgåva spesielt i tankane. Du har alle dei evner og talent du treng for å gjere det. Faktisk er du heilt perfekt til denne oppgåva!”

Adaya nikka og tok imot teksten han skulle lære seg. Hadde han gleda seg før, så gleda han seg endå meir no. Han hadde fått ei stor oppgåve. Ei stor oppgåve som han var perfekt for. Han skulle fortelle om vegen til Frelsaren!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s