11. Desember: Baltasar

Han hadde reist i fleire netter. Stjerna hadde vist veien. Det vart tydeligere og tydeligere for kvar natt. Han var på rett vei. Men han hadde følelsen av at veien var lang frå Etiopia til dit stjerna viste veg. Men han nærma seg. Han hadde pakka reisevesken så snart han var sikker. Ein stor konge skulle komme til verda. Med i bagasjen hadde han med seg den finaste gåve han kunne tenke seg, Myrra. Den dyre, eksklusive salven.

Nettene gikk. Stjerna vart klarere og klarare. Han var sikker på at han var i rett område. Judea. Jødane sitt land. Han måtte finne den nye, store kongen som stjerna varsla. Men kvar skulle han starte å leite? 

Han hadde kome til Jerusalem. Det logiske var jo at kongen vart fødd på slottet. Her var både konge og slott. Det var daggry, så stjerna var ikkje like klar. Men han var nesten sikker på at det var her. Jo, det måtte vere her. Han gjekk mot slottet. 

Han var knapt komt til porten, då såg han dei komme. To andre konger. Dei helste på kvarandre. Her kom dei frå Persia, Arabia og Afrika og møttes på dørstokken til slottet i Jerusalem. Alle fordi dei hadde sett ei stjerne. Jo, dette måtte vere rette plassen.

Saman gjekk dei inn, og ba om å få møte den nyfødde kongen. Tenarane såg uforstående på dei tre kongene som stod der. Etter ei stund kom ein tenar ut og inviterte dei inn til kongen. 

Kong Baltasar forstod ikkje. Kongen som møtte dei var gammal, og det var lite som tyda på at det skulle fødes noko barn på dette slottet. Han kjende kulden legge seg om hjartet då han innsåg at han hadde stoppa å følge stjerna, og latt fornuften overta. Han såg dei to han kom saman med tenkte det same. Dei hadde gått feil. Og så grundig feil.

Kongen var full av spørsmål. Magefølelsen vitna om at dette var eit alvorlig feilgrep. Kongen var hyggelig, men det var noko som ikkje stemte. Dei svarte etter beste evne. Og etter ei lang stund, og løfte om at dei skulle komme tilbake når dei hadde funne den nye kongen slik at kongen framfor dei også kunne få bringe han gaver, fekk dei omsider gå vidare.

Dei gjekk til eit herberge, fekk seg rom for dagen. Til natta skulle dei saman finne vegen til den store kongen. 

2 thoughts on “11. Desember: Baltasar”

  1. Tak, Liv Helga ! Netop i dag har jeg fået at vide, at vi ikke får nogen gudstjeneste eller andet gudsord i julen, før og efter, Så er det godt med din fine julefortælling ! Skulle gerne oversætte den til dansk. ❤

    Likt av 1 person

  2. Tusen takk for gode ord, Ninna!❤️ oversett gjerne om du greier, min dansk er litt for dårlig, men om noe er vanskelig å forstå er det bare å si ifra ❤️

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s