10. Desember: Ei gammal mor

Han hadde kome heim etter tempelteneste ein dag. Den snakkesalige mannen hennar var stum som ein østers. Ho undra seg på kva som egentlig hadde skjedd. Men ho forstod at det var noko viktig, så ho hadde ikkje spurt noko meir om det. 

Eit par veker seinare hadde ho vorte kvalm. Men det var ikkje noko ho hadde ete. Ho var ikkje sjuk heller. Etter eit par dagar oppdaga ho at det var nokre lukter som vart veldig sterke i huset. Då ho klaga si naud til Sakarja, såg han berre rart på henne. Han kjende ikkje noko lukt. Ho la etter kvart saman symptoma, og alt peika i ei retning. Men det kunne då ikkje vere..

Ho var då altfor gamal. Det var ikkje vanleg at ei kvinne på hennar alder fekk oppleve slikt. Nei, dette var for utruleg.

Men etter kvart som dagane gjekk vart ho sikrare. Det måtte vere slik. Og ho gjekk til Sakarja og fortalde han at det hadde skjedd eit mirakel. Han såg på henne med strålande auge, og nikka. Han visste! Gud hadde høyrt bønene deira. Dei skulle få eit barn!

Det gjekk 5 månader før ho gjekk ut blant folk igjen. Ho gjorde alt for at barnet som vaks inne i henne skulle bli klar til livet. Ein dag banka det på døra. Eit klingande hallo, som berre kunne tilhøre Maria, fylte rommet. Då sparka barnet i magen. Ho kjende at noko skjedde i henne. Ho ante ikkje korleis ho visste det, men ho var sikker på at Maria og venta barn.  Unge, vakre Maria – ho var jo knapt forlova. Men djupt i hjartet kjende ho likevel: Dette er eit mirakel! Dette er eit Guds mirakel!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s