9. Desember: Erkeengelen

Det var hektiske tider i englebransjen. Det var ikkje ofte han fekk i oppdrag å gå med bodskap til menneska. Men no hadde han vorte sendt ut to gonger på kort tid. Fyrst hadde han vorte send til Sakarja i tempelet. Men den gamle presten nekta å tru på han. Den Allmektige hadde gitt klar beskjed om at dersom han ikkje trudde på han, ville han bli stum. Gabriel hadde håpa i det lengste at Sakarja ville tru på det han fortalde. Men, nei.. og stum vart han. Kvifor hadde menneska så vanskelig for å tru på Den Allmektige?

Menneska var rare. Ikkje ville dei tru på det Den Allmektige sa, og så vart dei alltid redde når dei såg han. Han, Gabriel. Han var jo snill som dagen var lang. Men Den Allmektige hadde fortalt at sidan englene var så nær han, fekk dei eit sterkt lys over seg og dette gjorde at dei vart eit mektig og skremmande syn. Dei gav menneska eit lite glimt av det heilage, og menneske tålte ikkje å sjå det heilage. Stakkars menneska. Dei gjekk glipp av noko så vakkert som å sjå det heilage.

Han var ikkje før ferdig med den oppgåva før han vart sendt ut på neste oppdrag. Han vart send til ei svært ung jente, og han fortalde henne om at ho skulle bli mor. Ho skulle bli mor til Den Allmektige sjølv. Gabriel hadde høyrt at Den Allmektige hadde planar om å bli menneske, men han hadde ikkje trudd at han ville velge seg ei så ung mor. Sjølv ville han kanskje valgt ei litt meir erfaren mor. Men Den Allmektige visste best, så han fortalde Maria akkurat det som han hadde fått beskjed om å seie. 

Maria var ikkje som den gamle presten i det heile. Ho hadde riktig nok eit spørsmål om korleis det skulle gå til at ho skulle få barn som ikkje hadde vore med nokon mann, men Gabriel hadde forklart akkurat som han hadde fått beskjed om. Og i staden for å komme med innvendingar, hadde ho berre akseptert at det vart slik. “Sjå, eg er Herrens tenestekvinne. Lat det gå meg som du har sagt” sa ho. 

Ho var nesten som eit barn. Då han forlot ho var han full av undring over at ho så lett kunne akseptere oppdraget Den Allmektige hadde lagt på skuldrane hennar. Så uskuldig, og likevel så rik på visdom. Menneska var og blei eit mysterie for han. Men han hadde ei aning om kvifor Den Allmektige var så glad i dei. 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s