Det var tidleg morgon og stjernetydaren venta på at kongen skulle vakne. Han kunne ikkje vente med å fortelje kva som hadde skjedd. Tenarane kom ut frå rommet til kongen. Endeleg var kongen klar til å ta imot han. Han kjende kor pulsen slo då han gjekk inn døra. Men han hadde snakka med dei andre stjernetydarane, og dei var alle enige om kva stjerna på himmelen fortalde.
Kong Melkior hadde vakna med tungt hovud. Det hadde vore veldig varmt i Saba dei siste dagane, og han hadde sove dårleg. Han visste ikkje heilt om han var i humør til å høyre kva stjernetydaren hadde å seie. Men han hadde insistert så veldig på at han hadde store, viktige nyheiter at han ikkje kunne ta sjansen på å ikkje høyre kva han hadde å seie.
Det var ein tydeleg nervøs stjernetydar som stod foran kongen. Kongen såg ikkje ut til å vere i eit særleg godt humør. Det hjalp ikkje på nervane. Men han fekk stotra seg gjennom meldinga. Stjernene fortalde om ein stor konge som skulle bli fødd i vest. Ei stor stjerne hadde dukka opp for nokre dagar sidan og den ville vise vegen til der denne kongen skulle bli fødd. Ingen av stjernetydarane i området hadde sett maken til stjerne.
Kongen kjende interessa steig. Kva slag konge fekk ei slik stjerne på himmelen? Denne kongen måtte han møte! Det var viktig å bygge gode allianser med mektige kongar. Brått fekk han det travelt.
Tenarane vart ropt inn, dei måtte pakke til reisa. Ingen visste kor lang den kom til å bli, ingen visste kvar den kom til å gå. Kamelane måtte få kvile til ettermiddagen før dei kunne reise. Sørg for at dei får rikelig med vatn. Dei måtte pakke mat, drikke, kle. Gave! Dei måtte ha med gave! Gull! Ein konge som er så mektig må få gull!
Kongen kommanderte, og tenarane sprang. Sakte, men sikkert vart det som trengtes plassert i reiseveskene. Dagen var på hell då dei endeleg lasta på kamelane, og satte kurs mot ørkenen. Det var best å reise då, slik at sola ikkje steikte for hardt. Dessutan trengte dei å sjå stjerna. Den skulle vise veg. Vegen til den store kongen.
