Han hadde ikkje trudd sine eigen øyrer, då Maria hadde fortalt han om engelen som hadde besøk henne og om graviditeten. Kven hadde ho vore i lag med? Det var ikkje han! Han hadde sagt han måtte tenke på kva han ville gjere. Maria hadde vore så rolig. Ho hadde sett rett på han, og sagt at alt ho sa var sant. Og at uansett kva han bestemte seg for så ville Gud sjølv sørge for henne.
Ho var så naiv og godtruande til tider…
Men eit par dagar seinare vakna han frå ein draum som hadde vore så levande. Han hadde drøymt om ein engel som sa at alt ho sa var sant. Han kjende det på seg at dette ikkje var ein vanleg draum. Det var altfor levande og ekte. Han fekk godta forklaringa hennar og ta henne heim til seg, slik at ho ikkje fekk fordømmande blikk når ho kom ut blant folk.
Det hadde gått veldig bra så langt. Maria var sprek, sjølv om ho var begynt å kjenne at ho var tyngre enn ho var van med. Og det var jo typisk at romanane skulle kreve ei folketelling akkurat no. Han høyrde til David sitt hus, og måtte reise til Betlehem. Det kom til å bli ein krevande tur.
Han hadde eit esel som kunne bere både Maria og reiseveskene på ryggen. Han kunne gå. Han pakka saman det dei trengte for reisa. Maria låg og kvilte litt no. Han såg bort på henne. Ho var så ung! Han hadde ikkje tenkt at dei skulle bu i lag før ho var blitt eit par år eldre. Ho var og strålande vakker. Den vakreste, syns Josef. Når han kom heim igjen måtte han bli ferdig med vogga til barnet.
Han rusla ut på tunet. Han stod og såg på ungane som leika. Snart kom han til å bli omtalt som far til barnet som Maria bar i magen. Han lurte på korleis det ville sjå ut. Tenk om alt Maria hadde sagt var sant! Han hadde aldri opplevd at ho hadde fortalt noko som ikkje var sant. Tenk om han skulle få oppdra Guds eigen son! Han vart nesten svimmel av tanken. Dét ville vere eit sant mirakel!
