Det var alltid kjekt på korøving i englekoret. Ingenting var som å tilbe Den Allmektige. Det brusa i rommet. Dei fleste var tidlig ute. Det var enno nokre minutt til det skulle starte.
Dei stod saman i ein liten ring i utkanten. Har du høyrt? spurde den eine. Ryktene svirra om at Den Allmektige hadde starta operasjon: Evig Håp! At dei ville gje menneska ein måte å finne vegen tilbake til Dei igjen.
Mange kasta seg inn i samtala. Tenk at Den Allmektige virkelig elskar menneska så mykje. Dei må vere noko heilt spesielt!
Stadig fleire hadde samla seg der i utkanten, då døra gjekk opp. Alle pilte tilbake på plassen sin. Dirigenten for englekoret såg ut over flokken sin. Vi skal ut på oppdrag. Vi skal heilt ned til jorda for å synge for menneska.
Dei som hadde vore med i samtala før han kom såg på kvarandre med store auge. Dette var større enn dei hadde trudd. Dei skulle synge når frelsaren for verda vart fødd.
Ein overivrig engel jubla! Vi skal ut på turne! Vi skal synge for alle menneska! Hurra! Dirigenten såg på henne. Vi skal synge for nokre menneske som jobbar på Betlehemsmarkene. I menneskene sin målestokk betyr ikkje disse menneska så mykje, men for Den Allmektige har dei uendelig verdi. Vi får ikkje eit enormt publikum, men Den Allmektige har bedt om at vi syng så vakkert at dei vil snakke om oss i årtusen!
Og med det var øvinga i gang. I heile himmelen kunne ein høyre dei vakre harmoniene som klang når koret stemte i:
Ære vere Gud i det høgste, og fred på jorda blant menneske som Gud har glede i!
