5. Desember: Presten som mista talegåva

Han gjekk opp til tempelet. Dei hadde hatt ein roleg morgon, han og kona, Elisabet. No var han på veg til å gjere tenesta si som prest. Som vanleg kasta dei lodd om kven som skulle gå inn og brenne røykelse på alteret. I dag fall loddet på han. 

Som vanleg stod folket utanfor og ba medan offeret vart bore fram. Sakarja tok oppgåvene sine på alvor, og konsentrere seg om å gjere alt rett. Plutselig såg han ein skikkelse på høgre side av alteret. Han stokk til. Det skulle berre vere han her inne. Han kjende at redselen tok tak i han.

Ver ikkje redd, sa skapningen. Han stoppa opp og såg på han. Det var ein engel. Det han fortalde var heilt meiningslaust. Eit barn. Han og Elisabet skulle få eit barn. Men det var dei jo altfor gamle til, og dei hadde jo slått frå seg alt som hadde med born å gjere. Han stod som limd til bakken. Nei, no hadde røykelse gått til hovudet på han. 

Han rista på hovudet. Engelen var der framleis. Han hadde meir på hjartet. Han skulle få ein son. Han skulle vere ein som fekk mange i Israel til å vende om til Herren. Han skulle vere til glede for mange. Stor i Guds auge. Fylt av Den Heilage Ande. Han skulle rydde veg for Herren sjølv. Slike store ord!

Men, vi kan jo ikkje få barn! Utbraut han. Engelen såg på han. Sakarja vart stille. Blikket sa alt, men likevel fekk han klar tale. Han hadde ikkje trudd på det engelen, Guds eige sendebod, sa. No vart han stum heilt til barnet vart fødd.

Han gjekk ut igjen. Dei andre såg på han. Dei såg at noko hadde skjedd. Kva er det, spurde dei. Sakarja løfta hendene, og gjorde teikn til at han ikkje kunne snakke. Dei forstod utruleg nok at han hadde sett noko stort. 

Då han kom heim, såg Elisabet på han og ho forstod med ein gong at noko hadde skjedd. Han signaliserte til henne at han ikkje kunne snakke. Ho smilte og sa at det ikkje gjorde så mykje, då kunne han jo lytte litt til henne i staden. Vekene gjekk, men så ein dag kom ho til han og fortalde at ho hadde store nyheiter. Ho kunne ikkje heilt forstå at det hadde skjedd. Det måtte vere eit mirakel!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s