4.Desember: Kaspar

Natta hadde senka seg over den persiske byen. Alle lys var sløkte, unntatt eitt. I tårnet på slottet kunne ein framleis sjå at nokon var vakne. Dette var ikkje eit uvanleg syn. Men dei siste dagane hadde lyset vore på både dag og natt. Noko hadde skjedd..

Han såg på stjernekartet han hadde laga, og så såg han opp mot himmelen igjen. Denne stjerna hadde ikkje vore der før! Og så klar som den var! Dette måtte bety noko heilt spesielt.

Kaspar leita gjennom alle stjernekarta sine. Prøvde å finne om det kunne ha ei anna meining enn det han trudde. Han fann ingenting. Det måtte bety at det skulle fødast ein heilt spesiell konge. 

Aldri før hadde han sett ei slik stjerne. Og han hadde studert stjernehimmelen i over 40 år. 

Så lenge han kunne hugse har han vore fascinert over stjernehimmelen. Han hadde gått i lære med astrologen ved hoffet då han vaks opp. Han hadde fått lære korleis han kunne lese tegn i tida frå korleis stjernene bevega seg. Men han hadde aldri opplevd at ei stjerne hadde dukka opp på denne måten. 

Hjertet dunka, dette var ei stor oppdaging! Han starta å pakke kista si. I morgon, så snart han hadde fortalt dei andre om kva han hadde sett, måtte han sette av garde for å finne kongen som stjernene fortalde om. 

Medan han pakka saman, tenkte han på kva han måtte få tak i. Ein slik konge måtte få ei heilt ekstraordinær gave. Så snart markedet åpna måtte han gå til kjøpmannen der basaren delte seg, og få tak i røykelse. Han kunne ikkje tenke seg ei meir passande gåve for ein konge. Og han visste at akkurat denne kjøpmannen hadde fått tak i ein heilt spesiell type, som lukta så vidunderlig at han aldri hadde kjent maken. Ja, røykelse måtte det bli sjølv om det kosta.

Kong Kaspar visste at han var nøydd å få seg nokre timar med søvn. Det var berre så vanskeleg. Han var så ivrig. Mykje måtte gjerast klar før han kunne ta laust. Han la hovudet på puta. Då kjende han kor trøtt han var etter å ha bladd gjennom bøker og kart i dagevis. Søvnen kom sigande med draumar om palass, røykelse og kongar på rekke og rad. Snart skulle ein ny dag komme, og ei lang reise skulle starte. Han skulle finne vegen til den store kongen.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s