3. Desember: Brevet

Eit brev frå Keiseren! Det var berre dagar sidan han hadde kome dit og starta i stillinga som Landshøvding i Syria. Han hadde tjenestegjort i over 10 år, men han kunne ikkje hugse at han hadde fått eit brev direkte frå keisaren. 

Mor hans hadde vore fortvila då han meldte seg til teneste. Han hadde jo alt han trengde. Familien var fornem, men hadde inga makt. Inga påvirkningskraft. Han hadde vokse opp med uro og tumulter. Han ville vere med på å endre det. Han ville ha noko å seie. 

Ryktene frå Roma hadde nådd den stille småbyen der han vaks opp. Keiser Augustus bygde, vann nytt land, skapte fred og holdt på den. Kvirinius elska å vere på vinnarlaget. Han kjente at dette var ein keiser han ville støtte opp under. Så han meldte seg til teneste, og på dei ti åra hadde han både fått tjenestegjort i Spania og fått bli guvernør på den vakre provinsen Crete et Cyrenaica. Det hadde jo sjølvsagt vore nokre slag der og, men han kom vinnande ut av det og keiseren hadde utnevnt han som romersk konsul! Ei slik ære!

Så kom den seige krigen mot Homonadane i Nordre Syria og Kilikia. Men også der, etter år i strid, vann han kampen. Og no var han her. I Syria. Utnevnt som øverste romerske embetsmann i Syria og Judea. Med eit brev frå keiseren. Han såg på seglet, og kjende på ei blanding av ærefrykt og stoltheit. Så åpna han det..

Det var inga lita oppgåve keisaren ba han om. Folketelling. Dette måtte han finne ei lur løysing på. Han sendte bod på rådgjevarane sine, og lufta problemet. Han lytta medan dei ivrig kom opp med ulike løysingar. Den eldste av dei, han som hadde vore i regionen lengst, stod stille og myste fram i lufta. Kvirinius såg at han tenkte på noko. Kva tenker du på, sa han til mannen. Dei andre vart stille. Mannen såg opp, og sa:” Eg har registrert korleis jødane heile vegen refererer til kva hus dei kjem frå. Kanskje vi kunne bruke det for å få det i system?”

Alle såg på han og tok inn det han sa. Dette var ei bedre løysing enn nokon av dei andre hadde foreslått. Dei nikka, og smilte. Kvirinius retta seg opp. Han beordra alle sendeboda om å få delt meldinga frå keiseren til alle i provinsen. Alle måtte melde seg til den store folketellinga, og jødane skulle melde seg i byen til det huset dei kom frå og registrere seg der. 

Ettermiddagen gjekk med på å organisere og delegere oppgåver, slik at dei fekk samla inn informasjonen keiseren hadde bedt om. Ingen måtte sleppe unna, det var viktig!

Då nattemørket senka seg over boligen til landshøvdingen i Syria kunne ein i lyset frå elden skimte at Kvirinius sat med eit smil om munnen. Han hadde kontroll. Keiseren kom til å bli veldig fornøgd med han. Dette hadde vore ein god dag.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s