2. Desember: Keiseren

Det var stilt i palasset. Ettermiddagssola var på veg ned. Keiseren gjekk fram og tilbake på golvet og funderte. Han såg ut vindauge og tok inn synet av alle byggeprosjekta. Roma hadde jammen endra seg sidan han kom til makta. Frå å vere ein litt sliten by, var det no i ferd med å blir storslått og vakkert. Og endelig var det nokolunde fred i Romerriket. Det var HAN som hadde vunne fram til det. Framleis var det nokre kampar i utkanten, og det frustrerte han at på grensa var det ein tendens til uro. Men i sjølve riket var det fred.

Han hadde gjort alt rett. Han hadde vunne nye områder. Aldri hadde riket vokse slik som under han. Innbyggjarane var lojale mot keiseren sin, og han tok vare på dei. Han sikra freden med å la små kongedømer få behalde ei viss grad av sjølvstyre utan for grensene til riket. Mot øst hadde han fått forhandla fram ei fredsavtale som hadde vist seg å vere solid. Han kjente på at han var stolt av alt han hadde utretta. 

Han vart ståande der ved vindauge og sjå utover byen han var så glad i. Nokre born leika i gata nedanfor. Det såg ut som dei bygde ein liten by med lause steinar og kvister. Han greidde ikkje å la vere å følge med på leiken. Ein av dei større gutane hadde samla seg ein solid haug med kvist og stein. Ei klar barnestemme skar gjennom lufta: “Eg er herskeren! Om eg skal bygge, må de betale meg!”

Han løfta blikket og såg på byen sin. Eg er keiseren. Om eg skal bygge, må dei betale meg. Jo, det hørtes fornuftig og rett ut. Han ville framleis bygge vegar til riket sine endar, han måtte sørge for at dei hadde ein stabil og god hær, og Roma trengte både politi og brannvern. Sjølv tenkte han at han trengte ein garde av livvakter, han hadde lært av historia og han måtte sørge for at ingen greidde å ta livet av han. Skulle han få til dette måtte han få samla inn midler.

Han trengte å samle inn skatt. Men korleis skulle han få krevd det inn frå alle? Han trengte å få ein plan på plass om korleis han skulle gjennomføre skatteinnkreving på ein smart måte. Han måtte starte i rett ende, han måtte få ei oversikt over kor mange han kunne kreve skatt frå.

Dei måtte halde ei folketelling slik at han fekk inn alle pengane han trengte. Han gjekk tilbake til stolen, og starta å formulere meldinga han skulle sende til landshøvdingen i Syria.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s