1.Desember: I Himmelen

Det var stille. Veldig stille. Dei såg utover skaperverket sitt. Det var så vakkert. Så perfekt. Galakse etter galakse hadde Dei laga. Soler som strålte, månar som kasta glans, stjerner som blinka og planetar i hopetal. Men ingen var så vakker som den vesle blå.

Smerten lyste i augene då Dei såg på den vesle planeten i solsystemet Dei hadde plassert litt til venstre. Krona på verket, mennesket, det som Dei ville gje alt, hadde valgt å ikkje høyre på råda om kva som var godt for det. Freistinga hadde vorte for stor. 

Dei såg på menneska, som var dei vakraste skapningane Dei hadde laga. Menneska var meinte for å gjere godt. Dei hadde skapt menneska i sitt eige bilete, slik at menneska i seg sjølv vitna om kven Gud er. Dei var skapt til å vere gode. Dei var skapt til gode fellesskap. Men no berre såra og øydela menneska kvarandre. 

Dei hadde forsøkt å gje dei råd og rettleiing, men egoismen råda. Fiendskap og ufred prega den vesle kloden. Alle ville vere størst. Alle ville ha det beste. Menneska jaga dei jordiske skattane, materiell rikdom, makt og ære. Dei var villige til å trakke på kvarandre for å oppnå måla sine. Dei laga seg system dei plasserte menneske inn etter kva dei såg som bedre eller dårlegare. Det handla om meg og mitt, ikkje om å skape ei god verd der alle kunne finne sin plass, og få blomstre med dei talent og evner dei hadde fått. 

Menneska hadde valgt å snu ryggen til Gud og ville klare seg sjølv. Det var ikkje mulig for dei å finne vegen heim igjen. Gud greidde ikkje å gje opp menneska. Dei var laga med endelaus kjærleik. Kvar detalj var laga med den største presisjon. Vi må gjere noko. Vi må gje dei ein veg tilbake. Gud snakka med seg sjølv. I sitt vesen var Gud eit vi, eit mysterium. Ein plan hadde forma seg. Dei ville gje menneska eit valg. Kjærleiken til menneska var så stor at dei kunne ikkje berre la dei gå til grunne utan å gje eit alternativ. Menneska trudde dei såg så klart, men dei treng eit lys som kan vise vegen. 

Vi må bli ein av dei. Vi må bli eit menneske. Gud nikka for seg sjølv. Dette var ein krevande plan. Men tida var inne. Operasjon: Evig Håp! var aktivert.

Og Ordet vart menneske…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s