Kva eg elskar med jobben min

Dei siste dagane har eg gått og tenkt masse. Mange har lest avisoppslag om arbeidsplassen min og arbeidsgiveren min. Det har vore mange som har stilt spørsmål. Mange som kjenner meg veit og at eg har ikkje hatt det så lett det siste året. At det har vore krevande tak. Eg kunne sikkert skrive mykje om alt dette. Men eg har ikkje lyst til det.

IMG_3282-PANO

Eg har derimot lyst å skrive noko om kvifor eg framleis jobbar her. Kvifor eg framleis er glad i Sjømannskyrkja. Kvifor eg, til tross for alt som ikkje har vore eller er på stell, elskar jobben min.

IMG_4018

Eg kan i grunnen oppsummere det i eit einaste ord. Menneske. Og for dei som ikkje er så stødige på nynorsk kan eg då bekrefte at ordet «menneske» i denne samanheng er fleirtal. Du forstår, eg simpelthen ELSKAR menneske. Eg elskar å møte dei. Eg elskar å vere saman med dei. Eg elskar å lytte til historiene dei fortel. Eg elskar å snakke med dei, kanskje diskutere og bryne meg sjølv på andre sine meiningar. Og det skjer rett som det er at eg får korrigert mine eigne oppfatningar i møte med andre menneske.

IMG_3900

Og her er det Sjømannskyrkja er unik som arbeidplass. Eg veit aldri kva ein arbeidsdag kan by på. Det er sjølvsagt nokre gonger at eg kan vere kjempefrustrert i møte med nokon som vil utnytte at eg er snill, for det er eg som regel. Men oftast er det menneske som lyser opp dagen min med smil og latter, ansikt som stråler når eg ser dei, hender som berører og sang og dans. Ofte får eg gå eit stykke veg saman med nokon, kanskje til og med hjelpe dei med eit problem dei har. Og så er det slik at nokre gonger får eg vere med på hellige øyeblikk der det faktumet at eg har tid til å stoppe opp, sette meg ned, lytte og berre vere til sammen med dei er det mest verdifulle som fins – både for dei og for meg.

IMG_4512

Eg trur heile mitt yrkesliv så har svaret mitt på kva eg likar best med jobben min vore: Menneske. Og eg trur det kjem til å fortsette å vere det. Og eg kjende at eg hadde eit enormt behov for å få sagt dette i dag. For til tross for kjipe konflikter, som oppstår når ein jobbar i lag med menneske, så er det likevel eit fokus i jobben min som eg elskar. Og til tross for at det siste året har vore kjipere enn dei fleste andre åra eg har vore på denne jorda, så må eg sei at eg har møtt så utrulig mange varme, nydelige, rause og rett og slett fantastiske menneske at eg føler meg uendelig rik!

IMG_3657

Eg måtte berre seie dette. For det er så mange menneske som har gitt meg så mykje både tidligare, men og dette siste året. Og det er eg djupt takksam for. Det gir meg stadig håp og tru på at skyene vil lette og ein plass der framme finnes noko godt som ventar på meg.

 

English;

What I love about my job.

The last couple of days I’ve been thinking a lot. Some people have read about my job and my employer in the newspapers. Some have asked me questions about it. And the people that know me knows that the last year has been far from smooth sailing. I could write about all of this. But I don’t want to.

What I do want to write about is why I am still here. Why I still love this organisation. Why I , despite everything that has gone down, still love my job.

I can summarize it in one word: People.  People in plural form. You see, I love people. I love to meet them. I love to spend time with them. I love listening to other peoples story. I love to speak to them, and maybe even discuss stuff and check out if my own opinions and beliefs are really something I do belive in. And more often than I like to admit I have to adjust my own opinions because I learn something from other people.

And this is where the Norwegian Seamen’s Church is an amazing workplace. I never know what the day will bring. Of course there are frustrating days where some people take advantage of my kindness, because I try my best to be kind to others. But most days people brighten my days with their smile and laughter, with faces that light up when I see them, with hands that touch and with singing and dancing. Often I get to walk a mile with someone, and maybe I can even be of help. And some times I get to share sacred moments, where the fact that I have time to stop, sit down, listen and just be there together with an other person is the most beautiful thing – both for them and for me.

In all my years of working, whenever somebody asked me what I like the most about my job, my answer has always been: The people. And I belive this will continue to be my answer. And today I felt that I had to writ something about that. Because, even if there has been challenging conflicts as it often is when you work with people, there is still an element of my work that I really love. And despite the fact that the last year has been more challenging than most of the other years I’ve been on this planet, I have to say I have been so privileged to meet so many warm, beautiful, generous and fantastic people. It makes me feel rich.

I had to put this out there. Because there are so many people that has given me so much both before Gran Canaria, and this last year. And I am so grateful for that. It gives me hope and makes me belive that these are just clouds passing by. And there is a silver lining somewhere.

 

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s