Eg er veldig glad i ein podcast som heiter Pia og psyken. Her snakkar Pia Pedersen med ulike personar saman med enten ein huspsykiater eller huspsykolog om psykisk helse. Og dette er eit tema som eg er opptatt av.
For ei vekes tid sidan høyrde eg på ei episode der Carina E. Carlsen, som og er kjent som blogger/influenser bak «Fet, men fattet», var med. Det var ei fin episode om kroppspositivisme. Men heilt mot slutten kom psykiater Finn Skårderud på banen med nokre velvalgte ord, som eg håpar ikkje var altfor gjennomtenkte.
Slik eg oppfatta det var det meint å vere ein kommentar til helsearbeidere og andre som vil hjelpe folk å finne eit sunt kosthold, og at måten informasjonen ofte blir gitt på ikkje fungere så bra. Han påpekte at ein begynne å leite forebyggingsstrategier som har effekt. Og at «fedme er eit problem, du må gjere noko med det» ikkje er ein god strategi. Så langt er eg heilt enig med den godeste Skårderud. Sjølv om eg blir litt urolig av å høyre ein som har spesialisert seg på spiseforstyrrelser sette = mellom anoreksi/bulimi og undervekt.
Men så kom det: «Vi ser jo f.eks. når det gjelder veldig mye helseformidling når det gjelder vekt og sunt kosthold.. Det treffer jo ofte motsatt. Altså det at du skal bli mer restrektiv og mer opptatt av sunnhet, det treffer ofte de som er litt for opptatt av sunnhet fra før og så bommer det på de som ikke er opptatt av det.»
Her håpar eg Skårderud svarte litt fort uten å tenke seg om. For eg trur ikkje dette stemmer. Eg har blogga om min kamp mot maten før, på den gamle bloggen min: Spiseforstyrra, så eg skal ikkje skrive det samme igjen. Men eg kjenner på at eg har lyst å skrive nokre linjer om dette temaet igjen.
Slik eg oppfattar Skårderud, meiner eg at han tek feil. Noko har han rett i. Folk som er over middels opptatt av vekt og sunt kosthold tar til seg slike meldingar. Men det var disse eg ut frå konteksten oppfattar at han definerer som ikkje opptatt av det som plager meg. For eg oppfattar det som at dei han plasserer der er dei som slit med overvekt. Høyr gjerne episoda (episode 128) og sei kva du meiner, men slik eg høyrer det altså slik.
Då har eg lyst å seie at eg kjenner ikkje ein einaste overvektig person som ikkje kan ramse opp alt ein bør gjere, og som ikkje er opptatt av helse og sunt kosthold. Det finnes sikkert nokon av dei, men dei eg kjenner som gir blaffen i alt slikt, er stort sett slanke mennesker med lite kroppsfett og som er så heldige at dei kan ete alt uten å legge på seg eit gram.
At informasjonen retta mot menneske som slit med overvekt bommar på mottaker, er både rett og feil. Det bommar fordi det blir for enkelt. Det er som å seie til ein som slit med undervekt at du må ete meir for du er altfor tynn. Og eg håpar det var det Skårderud prøvde å seie. Men det han faktisk sa, er det som er ein typisk tanke i samfunnet – er du overvektig eller feit så er det fordi du ikkje bryr deg. Og det er eg heilt sikker på at er feil.
I dag er vi på dag 10 i fasten. Eg har som mål å komme meg gjennom 40 dager uten sjokolade. Og grunnen til dette var at eg veit at mat er ei av mekanismene eg brukar for å kontrollere følelsene mine. Eg er så heldig at forbrenninga mi er fryktelig lav etter årevis med jojo-slanking og altfor få måltid, så når eg blir stressa sluttar eg å ete, og når eg et for lite, så legg eg på meg. For ikkje berre dropper eg måltid, men når eg endelig et, så et eg feil type mat. For eg orkar ikkje å lage noko skikkelig.
Det tok meg mange år å innsjå at det ikkje handla om viljestyrken min, men om følelsane mine. At det handla om kontroll og straff. Eg straffa meg sjølv for at eg var så svak at eg åt sjokolade med å ikkje ete. Ikkje bevisst, men det var til sjuande og sist det som var saken.
Vi har alle vårt å slite med. Vi har alle våre forsvarsmekanismer og overlevingsstrategier. Og mange ting kan spele inn i forhold til kvifor menneske et seg sjuk, eller svelt seg sjuk. Men at det handler om korleis vi har det på innsida, det er eg ganske sikker på. Meir enn korleis vi ser ut på utsida.
For mange har kampen mot kiloa utvikla seg til kampen mot maten. Ofte blir mat trøst, eller den vennen som aldri svikter, flukta frå virkeligheta, minutta med nytelse som snart blir erstatta med skam og sjølvforakt.
Eg trur Skårderud har heilt rett i at vi må begynne å leite etter forebyggingsstrategier som fungerer. Eg trur ikkje dei kjem i form av klinisk analyse av at overvekt er usunt. Ein har i årevis visst at anorexia og bulimi ikkje berre handler maten. Det handlar og om synet på seg sjølv og eigen kropp. Det handler mykje om kontrollbehov. Det handler i stor grad om den psykiske tilstanden ein er i.
Dersom nokon slit med undervekt som resultat av bulimi eller anorexia så får ein hjelp, då vert heile mennesket satt i fokus og ein jobbar mykje med korleis ein skal handtere eige sjølvbilde og følelsar og med korleis ein skal ete rett. Men det er unntaktsvis at eg har høyrt om menneske som slit med overvekt får hjelp på ein liknande måte, som handlar om alle falsettene ved å vere menneske.
Eg har slitt med overvekt mesteparten av livet. Eg er feit. Eg kan fortelle om møter med helsevesen i forbindelse med det, og eg har aldri fått noko tilbud om hjelp til å bli venn med maten. Eg har berre fått beskjed om å ete mindre og trene meir. Eg har gjort det, og kvar gong eg har gått med på eit av disse slankeprosjekta har det gått over til manglande matlyst og kutting av måltid. For andre veit eg det har eksplodert i ekstreme mengder mat. Uansett trur eg det handler om at ein ikkje orkar å handtere følelsane sine.
Presset om å skulle bli tynn, og alle dei velmeinande råda, blir lett ekstra byrde til det. Det er skikkelig kjipt å skrive, men det er dessverre sant. Vi veit vi er feite. Vi veit vi skulle tatt av x antall kilo. Og tru meg, dei aller, aller fleste av oss kunne ofra ganske masse for å greie det. Men av ein eller annen grunn får vi det ikkje til.
Og eg, og mange med meg, har hatt eit hatforhold til kroppen i årevis. Vi er fullstendig klar over alle feila ved den, korleis fettet her beveger seg, eller kor stygt det ser ut frå den eine eller andre vinkelen, om ikkje alle vinkler. Vi ser blikka og vi krymper oss. Vi høyrer meldingane. Vi veit. Vi er nemlig ikkje dumme. Og det kan fort utvikle seg til eit hatforhold til heile mennesket vi er. Det er nemlig ikkje berre kroppen min det handlar om. Det handlar om kven eg er. Og plutselig er eg feit, stygg, dum, udugelig og sånn går dagane.
Eg trur ein ikkje treng å leite så langt etter å finne gode forebyggende strategier. Spiseforstyrring på den andre sida av vektskalaen har ein jo masse kompetanse på. Kvifor ikkje sjå litt på kva som fungerer der? Kan det vere at om ein startar å behandle heile menneske, både sinn og kropp, kunne vere meir helsefremmande? Kunne det vere slik at når ein ser nokon slit med vekta, så bør ein sette inn tiltak på korleis ein håndterer følelsane sine også?
Og til deg som les dette som har eit barn som slit med vekt og som du ser slit i forhold til mat:
Dette har eg ikkje forska på, men eg trur det er lurt å ikkje fokusere så mykje på kva barnet putter i munnen. Med det meiner eg at når eg heile tida fekk kommenterer på at eg tok for stor porsjon, eller åt feil, så skapte det eit skam-forhold til mat. Det var medvirkende til at eg har fått så store problem med mat seinare.
Det betyr ikkje at du ikkje skal ta grep i forhold til det problemet du ser barnet ditt er i ferd med å utvikle. Eg trur på strategier som at familien legg om kostholdet samla. Der det ikkje blir uttalt at no skal vi ete sunnere fordi barnet har problem med mat, men der det berre blir innført av oss som er vaksne. Eg har og tru på rutiner for snop er sunt. Ingen har godt av å ete søtsaker til alle mulige tider, heller ikkje vi vaksne. Igjen trur eg det er bra å innføre rutinen for heile familien og ikkje berre for barnet som har problem.
Og viktigst av alt, eg trur det er viktig å snakke med barnet. Spør. Grav. Få ut litt av det som rører seg på innsida. Hjelp barnet å få eit språk i forhold til følelser. For det er vanskelig å snakke om følelser, særlig dei som ikkje er gode. Og vi kan alle trenge litt hjelp til å få snakke om det.
Vi trenger å få satt ord på det som er tabubelagt. Det å kjenne på at ein sliter, det å ha utfordringer og møte på hindringar, det å ha psykiske lidelser eller sår, er heilt vanlig. Vi har alle ei psyke, vi har alle både det som er godt og det som er vondt med oss. Ingen er usårbare eller uknuselige. Men vi ser på dei andre og trur dei får det så mykje bedre til. Vi trur vi er åleine, heilt til nokon set ord på det. Så derfor seier eg med Pia i Pia og psyken: «Snakk om det!» Vi er nemlig alle verdifulle, vakre og fortjener å bli lytta til – uansett kva fasong vi har!
In English:
I love a Norwegian podcast where Pia, a journalist, together with a psychiatrist talk with people about mental health. Mental health is one of my favourite topics.
About a week ago I was listening to a podcast where Carina E. Carlsen, a Norwegian influencer, was talking about body positivism. It was a great episode. At the end the psychiatrist was commenting, and I hope he didn’t mean what he actually said.
The comment was about the way healthcare providers talk about weight and a healthy diet, and how a lot of the communication doesn’t have the effect it is supposed to. He said we have to look for strategies that will help. And that «You are obese. You have to do something about it» is not a strategy that helps anyone. Up and til then I could agree with him, even if I don’t like to hear someone who is specialised in eating disorders put = between anorexia/bulimia and being underweight.
But then he said: » We can see that when it comes to a lot of communication regarding weight and a healthy diet.. it has an opposite effect than what we want. So the message that you should be more careful and care more about your health, reach the ones who are already too concerned by these thoughts and it does not affect the ones that don’t care»
I hope he answered without giving it too much thought. Because I don’t believe it is right.
Based on the way I understand what he said, I am pretty sure he is wrong. Some of it is right though. People that are concerned about their weight and a healthy diet, listen to those messages. But the people that don’t care is the ones that caused my reaction. From the context I understand the people he is talking about, that don’t care, are those who struggle with obesity.
For the record, I want to make a point out of the fact that I do not know a single person that is struggling with their weight that are not able to give me a full list over what you should do to loose weight. These people are extremely concerned about health and a healthy diet. There are probably some who don’t, but the ones I know that don’t care are skinny people that are able to eat whatever they want, whenever they want, without gaining a pound.
That information to people struggling with obesity don’t work the way it is supposed to, is both right and wrong. It doesn’t work because it is too general and simple. It is as if I would tell a person who struggle to gain weight that he just have to eat more because he is to skinny. I hope that is what the psychiatrist tried to say. But what I heard him say is actually a very common thought in society: if you are obese, it is because you don’t care. And I am pretty sure that is wrong.
Today it is day number 10 of Lent. My goal is to get through all 40 days of Lent without chocolate. And the reason for that is that I know food is one of the things I use to control my emotions. I am the lucky winner of a slow metabolism after years of dieting, so when I get stressed I stop eating, and when I stop eating, I gain weight. Because even if I stop eating, I still eat some – and I eat the wrong type of food because I don’t have the energy to make the good kind.
It took me years to realise that this wasn’t about the strength of my will, but about my emotions. It was about control and punishment. I punished myself for being so weak that I ate a chocolate, by not eating the next day. It was not something I consciously chose, but in the end that was how it actually worked.
We all struggle with something. We all have our defence mechanism and survival strategies. And a lot of things can influence why we stop eating or overeat. But in the end it is all about how we feel on the inside, more so than on the outside.
The fight to loose weight has for many developed into the fight against food. For some food becomes comfort, or the friend who never let you down, for some it is the escape from reality, or the minutes of pleasure before the shame and self loathing.
I belive the psychiatrist is right when he says we have to start looking for strategies that works. And I don’t belive this comes from clinical analyses telling us that obesity is unhealthy. We know that anorexia and bulimia isn’t just about the food. It is about the way you look at yourself and your body. It is about control. It is about the state of your mental health.
If you struggle with bulimia or anorexia you get help. The whole human being get help, and a lot of the focus is about how you look on yourself and how you handle your emotions. I cannot remember hearing about similar approach to treating people struggling with obesity.
I have been overweight most of my life. I am fat. I can tell you about healthcare providers I have met over the years, trying to get help. I have never been offered help to make food my friend. I have received plenty of «Eat less, work out more». I have done as they have said, and every time I dive into one of these diets it has evolved into not eating. For others it can explode into an overload of food. Any way, I believe it is all about the fact that we don’t know how to handle our emotions.
The pressure of dieting, to become a better version aka slender, and all the good advice, easily becomes an extra burden. It is not fun to write, but it is the truth as I experience it. We know we are fat. We know we should loose weight. And believe me, most of us would have given anything to be able to loose weight. But somehow we are unable to..
And I, and many with me, have developed a hate against our body. We are fully aware all its shortcomings, how the fat moves, or how ugly it is and from what angle it is at it’s ugliest.. We see how you look at us, and feel bad. We hear what is said. We know. We are not stupid. And over time this can evolve into general self loathing. My body is only part of it. It is about who I am. And all of a sudden I am fat, ugly, stupid, incompetent and so on.
I do not think we have to look far to find strategies to prevent obesity. On the other side of the eating disorder scale there is a lot of strategies that I suspect would work on this side too. How about looking into that? What about treating the whole person, not just the body? Could it be that someone who is struggling with obesity could get better if they got some help to handle their emotions?
And to you who have a child that struggle with food and weight;
I do not believe that it is smart to put a spotlight on everything the child eats. This is my opinion based on the experience of how every comment I received as a child about eating to much, or picking the wrong food to eat, created a connection between food and shame. And it has been contributing to the problems I have developed when it comes to food.
It doesn’t mean you shouldn’t do anything about it. I think a good strategy is to change how the whole family eat, without focusing on the problem at hand. I also belive in rules and regulations when it comes to candy. No-one should eat chocolate and candy all the time. And again, I think it is wise to have the same rules for the whole family (the grown ups as well).
But most important of all: I think it is important to talk to the child. Ask. Figure out what is happening on the inside. Help the child create a language about their emotions. It is hard to talk about emotions. Especially the bad emotions. And we could all need some help to be able to talk about it.
We need to break the taboos. To struggle, to meet challenges or obstacles, to have mental disorders or just hurt, is normal. We all have mental health. We carry what is good and what is bad inside us. No one is unbreakable, everybody can get hurt. But we look at all the others, and we belive we are the only one hurting. We believe we are alone, until someone put it into words. That is why I am saying as the journalist in the podcast: «Talk about it!» You see, we all have an unlimited value, we are beautiful and deserving to have someone listen – no matter what shape your body is.
Du har en fantastisk fin måte å utrykke deg på. Det er alltid interessant å lese din Mail.
LikarLikar