Dette har vore veka i nåden sitt teikn. Det har vore mykje snakk om det der eg har vore, i ulike samanhengar. Det er noko godt med nåden. Det er noko å kvile i.
Nåde er eit litt krevande begrep og. Kva betyr det egentlig? Kvifor treng eg den?
Det handlar om å få tilgjeving ufortjent. Det handlar om å få legge bak seg det ein har gjort gale. Vi snakkar som regel om at det handler om tilgjeving for det vi har GJORT gale. Men som ein påpeika for meg her ein kveld, så handlar det og om det vi har tenkt gale.
Og det har eg blitt gåande å tenke på. Alt det vi tenker som er gale. Ein ting er det vi tenker om andre. Men kva med det vi tenker om oss sjølve? Eg har ofte tenkt så stygge og negative tankar om meg sjølv, og kjent på skammen over å ikkje vere noko anna enn den eg er.
Av og til slepp disse tankane ut. Dei blir sagt høgt. Og eg forventar liksom å få det bekrefta, samtidig som eg er livredd for at dei skal bli det. Men så har eg ein kjæreste som set meg på plass. «Slutt med det der! Det du seier no, seier du om kvinna eg elskar!» Det gjer han vondt når eg snakkar stygt om meg sjølv.
Eg har tenkt på dette. Gud har skapt meg. Kor vondt må det vel ikkje vere å høyre alle dei negative tankane om meg for han? Kor vondt er det ikkje for ein forelder å få vite at barnet ikkje likar seg sjølv? Eg har aldri tenkt at eg treng nåden for dette. Men dei siste dagane har eg kjent at det treng eg jammen meg.
Kun gjennom nåden, den ufortjente tilgivelsen, kan eg få legge fra meg det tunge sjølvbildet eg til tider drar rundt på. Kun gjennom nåden, kan eg få kjenne ein fred som kan fylle meg og som går vidare enn meg og mitt. Kun gjennom nåden, får eg frimodighet og glede som gjer meg i stand til å stå i den jobben eg gjer og leve i den trua eg har.
På slutten av gudstenestene er det vanleg å seie: Gå i fred og ten Herren med glede. Jo eldre eg blir, jo vanskeligere er den andre delen av setninga. Ikkje fordi eg ikkje vil tene Herren med glede, men det er ikkje alltid at dette kravet er det eg treng å høyre. Eg kan fort ha nok med alt eg står midt i. Eg syns derfor det er så godt, når vi avsluttar morgonbønn her på Sjømannskyrkja på Gran Canaria med setninga: «Gå i Guds fred. Kvil i Guds nåde.»
Det drar meg inn. Tilbake til det sentrumet der eg høyrer heime. Midt i Guds nåde. Der kan eg tene. Eg kan gråte, le, kjenne på glede og sorg, pågangsmot og motstand, ja, til og med nederlag, akkurat der. Så kan eg gjere nettopp det. Kvile i at eg er der eg høyrer heime. Enten eg er sterk eller svak.
Så til deg som les dette vil eg gje deg disse orda med deg inn i natta, eller dagen, alt etter kor du er akkurat no: Gå i Guds fred. Kvil i Guds nåde.
English:
This has been the week of grace. Everywhere I have been the subject has come up. And it is something good about grace. You can rest there.
Grace is also a bit challenging. What does it really mean? Why do I need it?
It is about undeserving forgiveness. It is about being able to put what you’ve done wrong behind you. And we usually talk about what we have DONE wrong. But the other night someone reminded me that it is not only about what we do, but also about our thoughts.
This got stuck on my mind. All the things we think about that is just plain wrong. One thing is what we think about others. But what about what we thing about ourselves? Often the thoughts I have about myself are so ugly and negative, and it fills me with shame for not being someone else.
Sometimes these thoughts get out. I say them out loud. And I kind of expect that they will be confirmed, at the same time I am terrified they will be. But I have a boyfriend who tells me «Stop it! You are saying these things about the woman I love!» It is hurts him when I talk bad about myself.
I have been thinking about this: God created me. How much does it hurt him to listen to all the negative thoughts I have about myself? How much does it hurt a parent to hear their childen express hatred toward themselves? I have never thought I needed grace for this. But these last few days I have realised I do.
It is only through grace, the undeserved forgiveness, I can put my burden of a negative self-image down. Only through grace can I be filled with a peace that is bigger than me. Only through grace can I find courage and joy that makes me able to do my job and to believe in what I do.
At the end of the service in the Norwegian Church it is normal to say: «Go with peace and serve the Lord with joy.» The older I get, the more problems I have with the second part of that sentence. Not because I don’t want to serve the Lord with joy, but because a lot of times these are not a command I need to hear. Sometimes I am struggling enough as it is. Here, at the Seamen’s Church in Gran Canaria we end the morning prayers with the sentence: «Go with God’s peace. Rest in God’s grace» – in these words I find comfort.
It pulls me in. Back to the center of things. Right to the middel of Gods grace. And from there I can serve the Lord. I can cry, laugh, feel happiness and sorrow, be courageous and feel challenged, even defeated. I can rest knowing I am right where I am supposed to be. No matter if I am strong or weak.
So, to you who are reading this I want to give you these words, on your way today or tonight, right where you are now: Go with God’s peace. Rest in God’s grace.