Å puste i sugerør

Sjå alltid lyst på livet.

IMG_6367.jpg

Det har vorte ei norm i samfunnet vårt. Ver positiv. Drukne det negative. Ingen likar den som klager. Tenkt på alt det gode du har. Tell velsingingane. DU er heldig! Ver glad for mulighetene du får. Ver takknemlig.

Det er slik det skal vere. Vi skal vere glad og takknemlig og fornøgd. Men er det slik livet egentlig er?

IMG_5916.jpg

Har du nokon gong fått beskjed om å ete opp maten din, for berre tenk på alle dei svoltne barna i verda? Det er ein logisk brist i dette. For barna som svelt vert nemleg ikkje mette av at eg et opp mat eg ikkje likar eller har rom for. Men eg kan ende opp med skuldkjensle for noko eg personlig ikkje er skuld i.

IMG_2583.jpg

Eg har tenkt på dette heile jula. Korleis vi presser oss inn i det positive og undertrykker det negative. Korleis det blir forventa at du skal vere positiv, og om du ikkje er det, så møter du mange som prøver å overbevise deg om at du berre treng å snu litt på det for at livet skal bli bedre. Eg har vore ein av dei. Forsøkt å få folk til å innsjå kor heldig dei er.

DSC_0607.jpg

Frå tid til annan treng vi alle å få slike innspel, slik at vi kan få sett ting i riktig perspektiv. Vi treng å vere takknemlig for det vi har. Vi treng å fokusere på det gode i livet. Det er bra å vere positiv, når det er det som er sannheten. Men vi må og få ha rom til å uttrykke frustrasjon, sinne, sorg og sakn. Vi må få lov å sette ord på det negative.

IMG_3960.jpg

Å sette ord på det som er vondt nuller ikkje ut det som er godt. Men om vi ikkje har rom for å uttrykke det vonde, er det som å puste i sugerør. Du får framleis luft nok til å leve, men det er så krevande og det går ikkje lenge før det einaste du greier å fokusere på er å puste og alt som presser på..

IMG_1447.jpg

Smerte er ein del av livet. Frustrasjon er ein del av livet. Sinne er ein del av livet.  Sorg er ein del av livet. Ein del. Men om det ikkje får komme ut ein plass, om vi ikkje får uttrykke det, kan det fort ta over og bli altoppslukande. Det kan kvele livet. Fordi det blir så strevsomt å leve bak ei positiv maske heile tida. Fordi vi ikkje var skapt til å puste i sugerør.

IMG_0624.jpg

English:

BREATHING THROUGH A STRAW

Always look on the bright side of life.

It is kind of a social norm today. Be positive. Drown the negative. Nobody like the one who always complaints. Think about all the good things in life. Count your blessings. YOU are lucky. Be grateful for the opportunities you got. Be grateful.

That is how it is supposed to be. We are supposed to be happy and grateful and satisfied. But is that how life really is?

Have you ever been told that you should eat your food, just think about all the starving children in the world? It doesn’t make sense. The children starving doesn’t starve less just because I eat food on my plate that I don’t like or don’t have room for. But I could end up feeling guilty for something I personally am not responsible for.

I’ve spent a lot of time thinking about this over Christmas. How we squeeze ourselves into these positive terms, and suppress the negative. How you are expected to be positive, and if you’re not, a lot of people will try to make you see that if you just turn things around a little, life will be so much better.. I have been one of them. Trying to make others see how lucky they are.

From time to time we all need to hear that, so we can put things in the right perspective. We should be grateful for what we have. We should focus on what’s good in life. It is good to be positive, if it comes from an honest place. But we have to be able to express frustration, anger, grief and longing. We have to have to be allowed to express what’s keeping us down.

To put into words what’s bad does not remove what is good. But if we don’t allow ourselves or others to express the bad stuff, it will be like breathing through a straw. You can still get enough air to live, but it won’t take long until all you can focus on is to breathe and everything keeping you from breathing freely.

Pain is a part of life. Frustration is a part of life. Anger is a part of life. Grief is a part of life. A part. If we don’t give it an outlet, it can take over. It can kill everything. Because it is hard to live behind a mask of positivity. Because we are not created to breathe through straws.

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s