Kjære landsmenn(og kvinner)

Tenk deg at sola varmer og det er sommar, der heime i Norge. Tenk deg at gradestokken viser mellom 25 og 30 deilige grader. Du har fri og kan nyte det gode veret. Kanskje sit du i solveggen. Kanskje tek du deg ein tur på stranda. Kanskje går du deg ein tur. Du gjer i alle fall som nordmenn flest i strålande ver, du kler av deg. Du nyt livet ikledd ein variasjon av bikini eller shorts. Ikkje særleg mykje meir.

IMG_4525.jpg

Etter ei stund må du på butikken for å få tak i litt drikke. Eller kanskje finn du ut at det hadde vore deilig å ta lunsjen på den lokale kafeen. Du pakker med deg det du treng. Så går du. Kanskje åleine. Kanskje saman med nokon andre. Og no kjem spørsmålet, tek du på deg meir kle?

IMG_5940

Eg kan ikkje hugse at eg har sett folk i berre bikini eller bar overkropp verken på butikken eller på kafé eller restaurant i Norge. Eg har sett lettkledde folk, men det har alltid vore minst ein singlet som har blitt slengt over bikinien når ein går inn i eit offentlig område, i alle fall innandørs. Om ein gjer noko anna vert det reagert. Det er som om du ikkje har respekt for dei andre som er der.

Men i syden derimot….

Eg las ein kommentar frå ein som var så støtt over at det var nokon som hadde bedt han kle på seg då han kom med bar overkropp inn i ei kyrkje her nede. Det måtte no vere litt raushet å hente for folk som ikkje tålte varmen så godt. Eg lurer på om han på ein varm sommerdag ville gått inn i ei kyrkje i Norge i bar overkropp… Og om han ikkje tåler varmen så godt, kva gjer han då i syden?

IMG_5957

Eg kjenner faktisk at eg blir litt flau på ein del nordmenn sine vegne her på Gran Canaria. Det er skilt på alle dører om at ein skal kle på seg før ein går inn. Men mange nordmenn meiner tydeligvis at det er ein menneskerett å få gå halvnaken rundt.

Eg trur ikkje så mange restaurant- eller butikk-eigarar i Norge ville syns det var så stas om det kom busslaster med spanjoler som sprada halvnakne rundt og fekk andre til å miste både kjøpelyst og apetitt.

IMG_6099

Misforstå meg rett. Eg likar kropp. Eg likar kropper i alle fargar og fasonger. Eg meiner alle har bikiniform, så lenge bikinien passar. Og eg digger det når menneske som ikkje har modellkropp regjerer på stranda. Kroppspotivisme er eit ord eg likar. Alle kropper har noko fint ved seg. Men eg foretrekker å sleppe å sjå på nakne, framande kroppar når eg skal handle maten min, eller ete den. Eg er kanskje sær. Men om du tenker deg om så kan det hende du ikkje er heilt uenig.

IMG_6165

Eg var på eit foredrag om alkohol då eg gjekk på MF, der ein biskop sa at «han aldri drakk nord for Køben i fare for å møte sine sognebarn i ein berusa tilstand». Eg skvatt då eg høyrde det. Makan til dobbeltmoral! Etter dette har eg alltid tenkt at dersom eg ikkje kan gjere det nord for København, så skal eg i alle fall ikkje gjere det sør for København.

Eg trur det kan vere ein grei ting å tenke på neste gang du er i syden, enten det gjeld kle eller alkohol. Er dette noko eg, under samme omstendigheter, ville gjort heime? Om svaret er nei kan det vere lurt å tenke seg om ein gong til 😉

sdr

English translation (short version):

Imagine you’re in Norway. It is summer, sunny and warm. You are able to just relax and enjoy. Maybe you go to the beach, maybe you stay on your balcony. Maybe you go for a walk. You enjoy life dressed in bikini, shorts or something like it. And then you decide to get lunch.

Maybe you go to the store. Maybe you decide to eat out. The question is: do you put on more clothes before you go there?

I cannot remember seeing people dressed in bikini in a store or a restaurant in Norway. I’v seen people without much clothes, but at least they wear a tank top if they are in a public place. If they didn’t someone would react. People would think you didn’t respect them. But when Norwegians go to the countries around the Mediterranean Ocean or to The Canary Islands, their mentality changes…

I read a comment from someone who was offended when he was asked to put on a t-shirt when he entered a church here. His argument was that everyone didn’t handle the heat that well.. I wonder if he would enter a church with the same attitude in Norway. And if he can’t handle the heat, why is he here?

Quite frankly I am a little embarrassed by the way some Norwegians act around here. Everywhere there are signs on the doors asking people to put on clothes before entering stores, cafes and restaurants. But a lot of Norwegians obviously think it is a human right to walk around almost naked.

I do not think store owners in Norway would appreciate if Spanish people started to walk around like Norwegians do here.

Please, don’t get me wrong. I like the human body. I like that it comes in all sizes and shapes. I think everybody has a bikini body, as long as the bikini fit. I love when ordinary people, in all kinds of shapes, rules the beach. But I prefer not having to look at the naked body of some stranger when I go grocery shopping or are dining out. I might be weird, but if you think about it a little, don’t you agree?

When I was a student I attended a lecture where a bishop in the Norwegian Church said that he never drank alcohol north of Copenhagen, because he was afraid he would meet someone he knew while intoxicated. Somehow that one stuck with me. To me this became the definition of double standard. If I can’t do something north of Copenhagen, I shouldn’t do it south of Copenhagen.

Maybe that is something you should think about the next time you visit one of these warm and sunny countries south of Denmark. Is this something I would do under the same conditions at home? If the answer is no, think twice before you do it 😉

 

 

 

 

Kommenter innlegget