Kvite, redde, rike menn

Eg har latt dette innlegget ligge ei stund. Eg har vore for provosert til å skrive det. Men eg har tenkt. Eg har tenkt mykje. Og eg er framleis provosert. Eg trur det eg kjenner på er det ein på godt norsk kallar hellig vrede.

Det handlar om rike, kvite menn. Eller kanskje er det riktigere å seie privilegerte, kvite menn? Det handler om korleis dei greier å snu sin eigen, eller andre kvite menn sin, grenseoverskridende atferd til at dei sjølve er offeret. Og samtidig greier å framstille seg sjølv som bedre enn andre.

IMG_2456

La meg starte i ein slags ende. Eg vakna ein morgon med varsel på mobilen om at nokon hadde kommentert noko eg hadde posta på Facebook. Det var noko eg hadde posta om høgsterettsdommarvalget i USA. Kommentaren var: Kva har du mot kvite?

Eg vart ærlig talt heilt paff. Eg hadde stilt spørsmål ved om dei som no sat og forsvarte kandidaten ville gjort det samme om han hadde ein annan hudfarge eller eit anna kjønn. Sjølv om eg veit at det finnes historiske bevis på at ein kan ha ein annan hudfarge, og vere beskyldt for noko liknande, og likevel havne som høgsterettsdommar, så trur eg likevel at hudfarge ikkje var heilt uvesentlig i denne sammenhengen. Denne trua baserer eg på kva eg høyrde dei seie under utspørringa. Eg baserer det og på kva haldningar mange har vist i og etter 8 år med ein av dei beste presidentene i USA si historie. Han var ikkje feilfri, men han var svart. Det har dessverre avslørt ein del haldningar hos den kvite delen av befolkninga. Og det har og tydeliggjort haldningane til ein del som sit i maktposisjon.

dav

Så såg eg ein kommentar til ein artikkel i Bergens Tidende om at Kavanaugh vart valgt, der vedkommande hadde skrive at det var «ein god dag for kvite, privilegerte menn… » Der såg eg ein eg kjenner hadde svart på denne kommentaren med «Det er den gruppa som har påvirka verden mest dei siste hundre år om du likar det eller ikkje.» Då heldt det på å koke over for meg. Eg kjende eg vart fysisk dårlig av å lese dette.

Eg visste at dette må eg skrive om. For om det er noko eg har noko i mot, så er det ein slik arroganse og eit slikt forkledd utrykk for rasisme. JA. Dette er RASISME! Det handler om å trakke på andre menneske basert på kva hudfarge dei har, og å opphøye seg sjølv på bakgrunn av kva hudfarge ein sjølv har. Og samtidig vil eg framheve det faktum at han tek feil. Han tek grundig feil.

IMG_1428

Lat meg nemne nokre dømer på menneske med ein annan hudfarge som har forma verda til det den er i dag: Rosa Parks, Pele, Nelson Mandela, Operah Winfrey, Martin Luther King Jr, Bruce Lee, Aretha Franklin, Michael Jackson, Louis Armstrong, Katherine G. Johnson, Muhammed Ali, Mahatma Gandhi, Prince, Malcom X og Barak Obama. Eg kunne heilt sikkert fortsatt lista ei god stund til. Det er mange som ikkje er kvite som har hatt vesentlig påvirkning på korleis verda er i dag. Sjølvsagt har det vore kvite og. Men å påstå at det i hovedsak er kvite som har forma historia dei siste 100 åra kan lett motbevisast.

Eg har tenkt over gjennomsnittet mykje på dette. Kva er det som får menn som har alt, til å oppføre seg slik? Kva er det som gjer at du som ikkje anar kva det er å bli behandla dårlegare ut frå ting du ikkje kan gjere noko med som f.eks. hudfarge, legning, kjønn, må kommentere om din eigen hudfarge, legning eller kjønn dersom nokon forsvarer andre som ikkje er som deg?

IMG_3519

Kvifor treng du som kvit, priviligeret mann kreve din rett til å bruke ord som n-ordet? Eit ord som har blitt brukt til å undertrykke og trakke på andre menneske. Det blir ikkje bedre om du prøver å pynte på det med liknande uttrykk for deg sjølv. DU brukar eit ord som seier noko nedsettende om andre menneske. DU brukar eit ord som vart brukt av dei som ikkje rekna menneske som hadde ein annen hudfarge som fullverdige menneske, og derfor brukte dei dette ordet. Kvifor treng du å påpeika at hudfargen din gjer deg bedre enn andre? Kvifor er du så redd for å la menneske med andre uttrykk enn deg få skinne?

IMG_5346

Eg blir så redd når eg ser den kvite maktbølga som veks fram. I USA har det blitt stuereint å tilhøre klanen igjen. Høgreradikale fundamentalister får stadig fleire følgarar. Kva er det som er så truande med at nokon har ein annan hudfarge, ein annen legning, eit anna kjønn eller ei anna tru enn deg? For det må jo vere derfor du du sit der og slenger ut ytringer som fortel at du er betre enn dei, og dei er dårlegare enn du. Ytringer som fortel verda at du tenker at du høyrer til den suverene rasen.

IMG_3790
Lånt fra internett

Var det ikkje det du meinte, seier du? Var det ikkje å trakke på andre du ville? Tenker du ikkje at du er overmenneske? Kvifor argumenterer du då så intenst for at dei som ser ut som deg er dei som har dei rette meiningane? Kvifor tåler du ikkje å høyre at det du seier og gjer ikkje er ok, når det du gjer og seier rammar nokon du ikkje kjenner? Kvifor er det så truande for deg at nokon står opp for ei gruppe menneske som du ikkje høyrer til i? Gjer det f.eks. noko med din livskvalitet at eg, ei kvit jente som du har absolutt ingen interesse i, har funne kjærleiken hos ein som har ein annan hudfarge? Truar det din virkelighet?

IMG_3349
Lånt fra internett 😉

Kvifor er du så redd, du rike, heterofile, kvite mann? Ingen kjem og tek plassen din. Du forstår, her er nok plass til alle. Ingen har noko i mot at du er kvit, men vi har noko i mot at du brukar hudfargen din som bevis på at du er meir verd enn andre. Og det er faktisk det du seier når du påstår at dei kvite har hatt meir innflytelse enn dei med annen hudfarge. Det fortel og enormt mykje om din forståelse av andre menneske og evne til empati når du vrir «Black Lives Matter» til «All Lives Matter». Som kvit treng vi ikkje minne andre på at livet vårt er verd like mykje som andre sitt. Vi har brukt altfor mykje tid på å forsøke å overbevise verden om at vi er meir verd. Og det berre av det faktum at vi manglar pigment i huda.

edf

Er det frykta for at du skal bli avslørt som ikkje like god, som ligg der og lurer? At du innser at den kvite mann har gjort mykje vondt mot menneske som aldri hadde gjort den kvite mann noko? At du veit at historia til dine forfedre er prega av menneske som invaderte, og tok for seg, og trudde at dei var suverene – noko dei overhode ikkje var? Er det frykta for at det snart er på tide å betale for forfedrene sine synder som ligg der og lurer? Eller misunnelse som ligg der og lurer?

IMG_1420

Eg har ingen problem med kva farge huda di har. Eg trur verda blir ein bedre plass om vi gjev kvarandre den plassen og dei mulighetene som vi alle burde ha tilgang på. Om vi levde side ved side, i respekt og kjærleik til naboen, sjølv om vi trur på ulik Gud ville gjere kvardagen mykje lysere og gladere. I fellesskap på tvers av religion, etnisitet eller seksuell legning, kan vi gjere verda både tryggare og bedre. Bruk tida di, og evnene dine, på å brenne for noko viktig for felleskapet. Kjemp for dei som treng å bli kjempa for. Og beklager å seie det, men kvite, rike, heterofile menn går ikkje inn i den kategorien.

Så kva er du egentlig redd for, du rike, kvite mann?

IMG_2837

English:

This blog has been on my mind for a while. But I have been too provoked to write it. I have been thinking. A lot. And I am still provoked.

It is all about rich, white men. Or maybe it is better to say that is is about privileged, white men? It is about how they are able to turn their own transgressions into them being victims. And at the same time telling us that they are better than others.

Let me start with a sort of beginning. One morning I woke up to a notification that someone had commented on a post on my Facebook-page. It was about the supreme justice nomination. And the comment was: What do you have against white people?

Honestly, I didn’t see that question coming. My question was if the people defending the nominee would have been as eager if he wasn’t a white man. I know there are historical evidence that you can be of a different color, be accused of a similar offence, and become a Supreme Court Justice. However, I believe color would have been an issue here. I base this belief in what was said during the hearing and also on the attitude a lot of people displayed during and after the 8 years with one of the best presidents in the history of USA. He was not flawless, but he was black. Unfortunately that brought into the light the worst of many white people, and made it clear that a lot of white people with power do have a problem with people who aren’t like them.

Then there was an article about the fact that Kavanaugh was elected in a Norwegian newspaper, and someone had commented on it by saying with sarcasm: «It’s a good day for white, privileged men….» And I could see someone I knew commented on his comment by saying: «Like it or not, this group of people that has influenced the world the most the last 100 years» I was boiling with anger. And I got physically ill by reading it.

I knew I had to write about it. Because if there is something I can’t stand, it is this kind of arrogance and subtle racism. YES! You heard me. This is RASIM! It is about  decrease someone’s value because of their skin color, and to increase your own because of your skin color. And at the same time I want to emphasis that he is wrong. Very wrong. And I believe that he know he is wrong. Because he is a white, privileged man.

Let me give you a couple of examples of human beings, with a different skin color than me, that has been significant for the development of the world in the last century: Rosa Parks, Pele, Nelson Mandela, Operah Winfrey, Martin Luther King Jr, Bruce Lee, Aretha Franklin, Michael Jackson, Louis Armstrong, Katherine G. Johnson, Muhammed Ali, Mahatma Gandhi, Prince, Malcom X og Barak Obama. I could keep it going for a while. There are plenty of people that doesn’t have a white skin color that has had a significant impact on our history. There have been a couple of white people too. But to say that the white people have made the greatest impact on the world history over the last hundred years can easily be proven wrong.

I have been thinking about this way more than average. What makes men, that has everything, behave this way? Why do you, that have no clue what it means to be treated differently because of your skin color, sexual orientation or sex, absolutely have to make a statement regarding your skin color, sexual orientation or sex if someone stands up for  someone different from you?

Why do you, as a white, privileged man think you can use the N-word? A word that has been used to suppress people. It doesn’t help to use another version of it to describe yourself. YOU are using a word that tells the world that you think less of someone.  YOU are using a word that was used by people that didn’t count people with a different skin color as equal, and not even as real men. Why do you have this urge to point out that your skin color makes you better than others. Why are you so afraid of letting people with a different way of doing things step into the spotlight?

It scares me so much to see this white power wave coming. In the US it has become legit to be part of the Klan. White right wing extremists organisations are growing. Why are people so threatened by someone with a different skin color, sexual orientation, sex or religion. It has to be that you feel threatened by it that makes you sit there and spew statements that tells the world that you are better than them, and they are less than you. Statements that tells the world that you belong to the supreme race.

That is not what you tried to say? You didn’t want to step on anyones toes? You don’t think of yourself as a supreme being? Then why do you argue that the people that looks like you are the ones with the right opinions? Why do you get mad if someone points out that what you say and do is far from ok? Why do you perceive it as a threat when someone stands up for a group of people you cannot define yourself as a part of? Does it do something with your quality of life that I, a white girl you have no interest in, have found love with a man of a different skin color? Is that a threat to your reality?

Why are you so afraid, you rich, heterosexual, white man? Nobody is going to take your place. You know, there is room for everyone. Nobody minds you being white, but we do mind you using your skin color telling us you are worth more than others. And that is actually what you are saying when you argue that white people have been more influential than others. It also speaks volumes about your understanding of others and your ability of empathy when you twist «Black Lives Matters» into «All Lives Matter». As white we do not need to make others aware of our worth. We have spent way to much time trying to convince the world that we are worth more than others. And that based in one single fact: a lack of pigmentation in our skin.

Is it fear of not being good enough that is bothering you? Is it the fact that you know the white man has done so many wrong over the history, and hurt innocent people, that makes you this on edge? Is it the fact that you know the history of your people is shaped by men who thought they were superior(which they were not),  invaded other peoples land, robbed and raped wherever they went? Are you afraid that the payback time for the sins of the fathers are due? Or are you just jealous?

I don’t have a problem with the color of your skin. But I believe the world would be a better place if we give each other room and the opportunities we all should have access to. If we lived side by side, in respect and love to our neighbour, even if we believe in a different god, the everyday would become brighter and merrier. Together, despite religion, ethnicity and sexual orientation, we can make the world better and safer. Use your talent and your time for good, for something that everyone could benefit from. Fight for the ones that need someone to fight for them. And I am sorry for breaking it to you, but rich, white, heterosexual men is not in that category. Not even close.

So – what are you afraid of, mr. Rich and White?

 

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s