Liv(et) sine bord

Eg sat på gudstjeneste i går og skulle følge med på kva presten snakka om. Normalt sett brukar eg å vere ganske god på det. I går derimot fekk eg berre med meg delar av det han sa. Eg vart i staden sittande å tenke på noko av det første han sa, om at vi var velkommen til å finne kvile og på kva slags bord eg har i livet mitt.

Ein underlig tanke kanskje, men la meg ta deg med på ei vandring til dei viktigste borda mine.

sdr

Det som gjennom heile oppveksten og i kvardagen fort blir det viktigste er kjøkkenbordet. Der møtes familien. Der diskuterer ein. Der samlar ein seg på kvardagane og får daglige føda. Det er og ein plass som ungane kan bruke til lekser, eller hobbyaktiviteter. Dei beste samtalene startar ofte her. Det er eit godt bord. Eit trygt bord.  Det er solid. Både gleder og sorger har vore ein naturlig del av livet rundt kjøkkenbordet.

mde

Nest etter kjøkkenbordet kjem salongbordet. Det er der ein sit når ein skal sjå på tv. Det er der ein slapper av. Der er sofaen og godstolen. Der eg vaks opp var det alltid aviser og blad å finne der. Andre, har salongbordbøker. Dette er bordet som oftast blir brukt til kaffe og kaker (eller ost og kjeks) om nokon kjem innom på besøk. Det er ikkje eit formelt  bord. Det innbyr til avslappende stemning og gode samtaler.

edf

Så er det spisestuebordet. Dette er eit litt meir komplisert bord i mitt hovud. Dette bordet vart i min oppvekst brukt som eit arbeidsbord. Det var eit bord som ikkje måtte ryddast av for kvart måltid, så det var ideelt dersom ein hadde større prosjekt. Som f.eks. når ein var rektor før fancy dataprogram overtok timeplanlegginga, og ein trengte eit stort bord til rutearka som skulle sørge for at 9 klasser skulle få lærer kvar time det neste året. Men spisestuebordet gir og løfter om fest. Det var her vi inntok måltid når vi hadde gjester. Det var her vi feira jul og påske. Søndagmiddagar vart det også nokre av. Det kunne vere både uformelt og formelt. Men mykje glede har vore delt rundt dette bordet.

sdr

Eit anna viktig bord for meg har vore kafébordet. Det har vore ein møteplass. I likhet med alle dei andre borda eg har nemnt her, så er det ein plass for fellesskap. Eg har drukke mange kopper kakao og kaffe ved eit kafébord i samtale med ein, eller fleire, venner. Både lette og djupe samtaler har det vore, og meir enn eitt problem har blitt løyst ved eit slik bord.

cof

Så har du festbordet. Det som alle kjem stivpynta til. Der det er feiring og fest. Der pynten er ekstraordinær og alle finn fram sin beste oppførsel. Der maten er ekstra fint dandert. Då snakkar vi ikkje kvardagskost lenger.

edf

Og som nestensunnmøring må eg jo nemne kakebordet. Det elska kakebordet. Der finn ein alt det sukkeret som ein ellers prøver etter beste evne å unngå. Delikate kaker og fristande desserter syg deg inn, og du erfarer at magen blir mett lenge før augene…

Det finnes sjølvsagt mange andre bord. Skrivebord, hobbybord, biljardbord.. Det finnes bord for mange ulike anledninger  i livet. Men det er eit bord til eg vil nemne, eit bord som blir viktigare og viktigare for meg. Eit bord som altfor mange ønsker å komme til, men som mange ikkje vågar å ta skritta fram til. Det er bordet som gjev kvile. Det er nådens bord.

cof

Altfor mange kjenner at dette eit bord dei ikkje har rett til å komme fram til. At det berre er for dei som fiksar dette med kristen tru og kristent liv. At dei egentlig ikkje forstår kva nattverden er, og derfor ikkje kan ta imot. Om du sit og kjenner det slik, så har eg noko viktig å fortelle deg. Eg trur ikkje eg kjenner nokon (Og eg kjenner mange prester) som  kan forklare kva som skjer i nattverden på ein forståeleg måte.  Det er eit mysterium.

Det som ikkje er eit mysterium er kven som er invitert til å komme fram og ta imot. Det er alle oss som ikkje fiksar livet heile tida, og som stadig gjer eller seier ting vi skulle ønske vi ikkje gjorde. Det er vi som blir sinte, vi som blir misunnelige, vi som er sure, vi som er glade, vi som er optimister og vi som er pessimister. Det er vi som ikkje greier heilt å tru på det vi seier vi trur på, vi som føler vi kjem til kort, vi som føler at alle andre takler ting bedre og vi som skulle ønske vi greidde å tenke på kva Jesus ville ha gjort i kvar situasjon, men som oftast ikkje gjer det. Det er vi som treng nåde, tilgivelse og kvile frå alt vi ikkje får til som blir spesielt invitert til nattverdsbordet. Så vit det neste gang: DU er spesielt invitert! Du er invitert til å ta imot alt som Jesus vil gje deg. Du er invitert til å ta imot nåde, tilgivelse, kvile og sannheten om kven du er, uten fordømmelse. Du er invitert til å få høyre, om og om igjen, at du er elska akkurat som du er.

edf

Erik Hillestad formulerer det så fint i Sigvart Dagsland sin sang Fast som fjell:

Før sløret for mine øyne
Ska falla av som skjell
Mens tågen vente på vinden
Står någe fast som fjell:
Et brød og litt vin på et bord
Et navn og enfoldige ord
Mennesker skulder ved skulder i bønn
Og arbeid for fred på Guds jord
Å, Jesus, der begynne din himmel
Ditt gull blant juggel og kram
Det voktes av ivrige fromme
Dit trenge eg meg fram
Om någen av disse som tror
Tør sei at min synd e for stor
Vise eg stolt te ditt liv og din død
Og kreve min plass ved ditt bord
Før sløret for mine øyne
Ska falla av som skjell
Mens tågen vente på vinden
Står någe fast som fjell

cof

English:

Yesterday I was supposed to listen to the pastor at the service. Normally I am pretty good at listening to him, but yesterday I only listened to some of it. I got preoccupied by something he said in the start about us being welcome to find rest. And I thought about the different kinds of tables I have in my life.

A weird thing to think about, maybe, but let me take you to the tables that are important in my life.

Growing up the most important was the kitchen table, and it probably still is. This is where the family got together. There was discussions. This is where we met every day to get the food we needed. This is the place the kids could sit doing their homework, or art work. The best conversations often start at this table. It is a great table. It is a safe table. It is solid. Both happiness and sorrow is a natural part of what happens around this table.

The next table is the coffee table. This is in front of the tv. This is about relaxing. You find the sofa here, and maybe the most comfortable chair in the house. When I grew up, you would find papers and magazines here. Some people have coffee table books. This is the table where we served visitors coffee and cake (or cheese and crackers). It is not formal. It invites you to relax and good conversations.

Then there is the living room table. This table is a little more complicated in my head. This was used as a working table when I grew up. You could start a project here, and didn’t have to remove it when it was time for food. For instance before the fancy computer programs took over, an the head master had to use the space this table provided to make sure that 9 grades had a teacher every class the next year. But this table also had an invitation to party. This is where we would eat when we had guests. This is where we had our Christmas dinner, where we would celebrate New Year and Easter. It could be both formal and casual. Joy has been shared around this table.

Another important table for me has been the table at cafés. It has been a meeting point. Just like all the other tables I have mentioned, it is a place for fellowship. I have been drinking a lot of hot chocolate and coffee with these kinds of tables, in conversation with one, or several, friend. All kinds of conversations, and more than one problem has been solved there.

There is also the party table. The one everyone dress up for. Where you celebrate and party. Where the decorations is extraordinary and everybody are behaving really good. And the food is always a little extra. It is not the regular food they serve here.

And I am from a part of Norway that are famous for their cake spread. Also known as the cake table. We love the cake table. You will find all the sugar you try to avoid there. Delicious cakes and tempting desserts call your name, and you experience that your tummy fills up before your eyes are satisfied… (a Norwegian saying)

There are of course a lot of other tables. The desk. The table for arts and craft. The pooltable… Just to mention some. There are tables for every occasion in life. But there is one more table I want to talk about. A table that is becoming more and more essential to me. A table that many wants to approach, but also a table many don’t have the courage to step up to. It is the table that gives you rest. It is the table of mercy.

Too many think that this is a table they don’t have the right to step up to. That this is a table for the ones that has everything in order, especially when it comes to christian belief and christian lifestyle. That think that they don’t understand what communion is, and therefor they are not worthy of it. If you feel that way, I have an important message for you. I do not know anyone (and I know a lot of pastors) that are able to explain exactly what happens in the communion. It is a mystery.

What’s not a mystery is who is invited to receive communion. It is all of us who have a hard time fixing life all the time, that say or do stuff we wish we hadn’t over and over again. It is all of us who get angry, that envy others, that get upset, that are happy, that are sad, that are optimistic or pessimistic. It is all of us that doubt what we say we believe, that feels like we are not good enough, that thinks everyone else handle things better than us. And it is all of us who wish we were able to think about what Jesus would do in every situation, but forget to do it most of the time. It is all of us who need mercy, forgiveness and rest from everything we can’t handle that receive a special invitation to come forward to receive communion. Next time you are sitting in church, thinking you are not good enough, know this: YOU are invited as VIP! You are invited to receive all Jesus want to give you. You are invited to receive mercy, forgiveness, rest and the truth about who you are  – without being condemned. You are invited to get this message, over and over again: You are loved just the way you are!

The Norwegian writer Erik Hillestad says this so perfectly in a song «Fast som fjell», and this translation is not very good, but I hope it is understandable.

Before the veil in front of my eyes are going to fall off like shells, while the fog waits for the wind, there are things that are solid as rock:

A bread and some wine on a table, a name and simple words, people shoulder by shoulder praying and working for peace on Gods earth.

Oh, Jesus, that is where your heaven begins, you gold in-between all the fake, it is guarded by eager devotees, and I am pushing my way up there.

If any of these that believe dare to say that my sins are too big, I refer to your life and death and demand to have a place at your table.

Before the veil in front of my eyes are going to fall off like shells, while the fog waits for the wind, there are things that are solid as rock

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s