Eg var og trena i dag. Eg brukar egentlig å trene ganske ofte. Men i perioder blir det mindre, særlig når det er hektisk på jobb og tida ikkje strekk til. Og skal eg være ærlig så er det slik at tida strekk som regel ikkje til fordi eg ikkje er noko morgonmenneske.
Men i det siste har eg fått inn i allefall 3 økter i veka, nokre veker har det faktisk vore 4-5. Eg likar å trene. Eg likar å bruke kroppen min. Men sjølv om eg trener mykje, og variert, så blir eg ikkje slank med vaskebrett og uten dobbelhake.
Eg kjenner folk som trener med det som motivasjon. At dei skal sjå bra ut. Det er heilt greit det. Men det kan føre til at motivasjonen svikter når ein ikkje får dei resultata ein ønsker – eller at motivasjonen forsvinn når ein ser ut som ein vil. Når dei 5 kg ein ville ha av forsvinn, så kan ein jo gå tilbake til det meir komfortable livet med sofa og film og heller droppe den treninga. Eg har sett det skje.
For meg har motivasjonen heile tida vore å komme i bedre form. Eg vil bli sterkare. Eg vil holde ryggen min, med dei skadene den har fått, i sjakk. Eg vil få bedre kondis. Og eg likar bevegelse. Og det gjer at eg held på motivasjonen. Eg konkurrerer ikkje med sidemannen på tredemølla (sjølv om eg digger å ta på meir vekter på eit apparat, dersom det er ein mann som har vore der før meg), eg konkurrerer med meg sjølv. Det er sjølvsagt dagar der eg syns det er eit slit. Der eg helst vil ligge på sofaen med sjokolade. (og sjokolade er nok det største grunnen til at eg ikkje går ned i vekt. Eg innrømmer det glatt) Men eg veit det gjer godt å komme meg ut og få i gang endorfinene.
I dag gikk eg gjennom garderoben etter eg hadde dusja, og det slo meg at eg aldri dusja på trening i Norge. Riktig nok låg treningssenteret berre eit steinkast frå leiligheten min, men hovedgrunnen var at eg ikkje følte meg komfortabel med å kle av meg foran andre der. Alle var så «perfekte» – med riktige kle, flage magar og spretten rumpe. Eg er klar over at mykje av det var i hovudet mitt. Men det er utvilsomt eit større mangfold av former og fasonger på treningssenteret eg går no. Og eg syns det er så fint!
Nokre er tynne. Nokre er veldig tynne. Nokre er veltrente. Nokre har nokre kilo for masse rundt midja. Nokre har som meg mange kilo for mykje rundt midja. Nokre er høge. Nokre er lave. Nokre har vekta etter forrige barnefødsel. Nokre har vekta av fleire barnefødsler. Nokre har vekt av mange år med sjølvhat og kamp mot mat. Nokre har breie hofter. Nokre har smale hofter. Nokre har store lår. Nokre har det berømte mellomrommet. Nokre har store puppar. Nokre har små. Nokre har fregner. Nokre er brune. Nokre er bleike. Nokre er unge. Nokre er middelaldrende. Nokre er gamle. Det er uendelig mange variasjonar eg kan trekke fram. Felles for alle er at vi kom dit for å bruke kroppen vår. Og det er fantastisk.
Det er inga skam å ha ein kropp som ser annleis ut. Det er noko av det eg syns er fantastisk her i USA. Sjølv om det er stigmatiserende å ikkje passe inn i A4-kroppsidealet ute i verda, så er det mange som heier på deg når du kjem deg på trening. Når du vel å behandle kroppen din, sjølv om du ikkje er, og kanskje heller ikkje blir, slank og perfekt. Kroppen vår fortel ei historie om kvar vi har vore. Den fortel ei sterk historie om kven vi er. Den historia skal den fortsette å fortelle.
Kvinnekroppen er fantastisk. Bare tenkt på alt den er i stand til! Men altfor ofte snakkar vi jenter oss sjølve og kvarandre ned, og fokuserer på alt som ikkje lever opp til slik vi vil ha det. Og mange, særlig unge jenter, bruker rosabloggere (eller reality stjerner) som opererer seg sjølv for å sjå mest mulig perfekt ut, og som ikkje har særlig mykje intellektuelt innhold å komme med, som sine store forbilder. Det er ikkje bra! Så jenter: Kva med om vi heier på kvarandre, og fokuserer meir på å bli sterkere, friskere og gladere enn å sjå mest mulig perfekt ut?
In English:
I was at the gym today. I try to work out as often as possible. There are periodes where I don’t work out as much as I should, especially when it is hectic at work and time is an issue. Well, I’ll be hones, time is only an issue because I am not a morning person…
The last few weeks I have been able to fit in at least 3 work outs during the week, some weeks it has been as many as 4-5. I like working out. I like to use my body. But even if I work out a lot, and varied, I don’t get skinny and I have still not been able to loose my extra chin.
I know people that works out with getting skinny as their motivation. They want to look good. That is totally fine by me. But a lot of them end up loosing motivation when they don’t get the result they want – or they actually do achieve their goals. When the 10 pounds they wanted off disappear, it is so much more comfortable to go back to sofa and a movie, and just skip the work out. I’ve seen it happen.
To me motivation has always been to get in better shape. I want to become stronger. I want my back, with all its injuries, to stay okay. I want to get better stamina. And I like to move. That keeps me motivated. I don’t compete with the person next to me on the treadmill (even though I have to admit that I love to put on more weights if a man has been at one of the machines before me), I compete with myself. And of course there are days that it is pure pain. Days I’d rather stay at home eating chocolate. (And chocolate is probably the number one reason I don’t loose weight. There, I’ve said it. ) But I know that it is good for meg to get out and get the endorphins running.
Today I went through the locker room after I showered, and I realised that I never showered at the gym when I lived in Norway. The gym was right by my house, but that was not the reason why I went home to shower. Everyone there was so perfect – they had the right clothes, flat tummy and a perky behind. I know a lot of this was in my head, my perception of things. But I know for sure that the diversity at my gym here is far better than it was in Norway. And I love it!
Some are skinny. Some are very skinny. Some are fit. Some have a few pounds too much. Some are like me, with a lot of pounds too much. Some are tall. Some are short. Some carry weight from the last kid they put into this world. Some carry the weight of several births. Some carry pounds of years of self loathing and the fight against the food. Some have wide hips. Some have narrow hips. Some have big tighs. Some have the famous gap. Some have big boobs. Some have small boobs. Some have freckles. Some are tan. Some are pale. Some are young. Some are middle-aged. Some are old. There are limitless variations. But what we have in common is that we went there to use our body. And that is fantastic.
There is nothing wrong in have a body that doesn’t look like everybody else. And that is one of the things I really like about the US. Even if it still is kind of stigmatised to not have a body close to the ideal body image in the world, there are so many people cheering for you when you take the step and start working out. You choose to treat your body right, even if you are not skinny and perfect, and maybe never will be. Our body tells a story about where we have been. It tells a important story about who we are. And it is supposed to continue to tell that story.
The body of a woman is nothing less than amazing. Just think about all it is able to do! Too often women choose to talk badly about it. I do too. And we choose to focus on all it is not. A lot of girls, especially young girls, choose to listen to bloggers (or reality stars) that uses surgery to achieve the perfect body and frankly they don’t bring much intellectual to the table. These people become their role models. That is not good! So, all my fellow girls: What about us cheering for our selves and other girls, and focus more on becoming strong, healthy and happier, rather than spending our life in search of the perfect look?
Fantastisk beskrevet! Du er litt av en skribent såvel som kunstner, Liv-Helga, og beskriver her noe alle kan relatere til! En kan vel legge til at ettersom «alderen» sniker seg fram, kommer også rynker, løse hudområder, ekstra belte rundt livet og grått hår! Noe man egentlig bare kan forsinke prosessen av med blant annet TRENING!!! Vi kommer ingen utenom det at vi etterhvert eldest og ikke er eller blir perfekte, men Gud som har skapt oss, er perfekt og elsker oss alle! Det er opp til oss å gjøre det beste utav det hele og oppmuntre hverandre hvor vi befinner oss i prosessen! Tusen takk for forfriskende tanker til motivasjon og trøst!
LikarLikar
Herlig og ærlig! Takk ❤
LikarLikar