Kvar kjem hatet frå?

Eg er glad i dokumentarer. Eg likar å høyre andre menneske sine historier og perspektiv. Eg likar å bli utfordra på eigne haldningar og meiningar. Eg prøver å forstå. Eg lukkast ikkje alltid. Men eg gjer mitt beste.

For to dagar sidan såg eg to dokumenterar som gjorde veldig inntrykk på meg. Den fyrste  (Hatets vugge) handla om den politiske situasjonen i Hellas, der eit høyreekstremt parti har karra seg til posisjonen som det tredje største partiet i landet. Den andre (Meeting the Enemy) handla om nynazismen som veks fram, der ein kvinneleg, muslimsk journalist som fekk møte nokre av toppane i bevegelsen i USA.

IMG_3361

Eg tok til tårene fleire ganger, særlig i løpet av den siste dokumentaren. Å høyre ytringar som handlar så utelukkande om å hate andre menneske gjer vondt langt inn i meg. Og desse menneske som ytra dei hadde ein så sterk forståelse av å vere bedre enn andre berre fordi dei hadde kvit hud.

cof

Er det ein ting eg er sikker på så er det at min kvite hudfarge ikkje gjer meg til eit betre menneske. Eg kjenner at eg skammer meg over både hudfarge, nasjonalitet og kva tradisjon eg kjem frå når eg ser korleis det blir brukt mot andre menneske. Og eg greier ikkje å forstå korleis og kvifor menneske kan hate så inderlig…

Eg sat der og lurte på eit spørsmål, og det spørsmålet har større og større etterpå: Kvar kjem dette hatet frå?

Det er kun ei gruppe menneske eg veit om som aldri har opplevd noko vesentleg diskriminering. I alle fall ikkje for kven dei er. Det er dei kvite, heterofile menn. Og det er menn frå denne gruppa som frontar dette hatet. Kvifor er det slik?

Eg trur mykje ligg forankra i frykt. Frykt for det ukjente. Frykt for å bli i mindretal. Frykt for forandring. Eg trur mange er redde. Eg trur og mange kjenner på sinne.

edf

Mange prøvar å legge skulda over sin eigen mangel på suksess over på at andre kjem og tek deira plass. Dei «får» deira skuleplass, deira jobb, deira berømmelse og ære. Men om ein ser litt nærmare på det, så vil det oftast avsløre at dei som «fikk» har jobba tre gonger så hardt for det.oznor

Eg trur og mykje ligg forankra i språk. Kva vi seier. Eg trur orda våre skaper haldningar. Det er ikke nødvendigvis slik at vi meinte noko gale med det, men når ein brukar n-ordet for å spøke så legaliserer vi bruken av det. Om vi brukar jøde eller homo som skjellsord, så skaper vi rom for hat mot nettop dei som identifiserer seg som det. Eg har ikkje tall på kor mange ganger eg har høyrt folk seie at «eg meinte no ikkje noko med det» etter å ha blitt arrestert på slik ordbruk. Eg er uenig. Om du brukte hudfarge, religion, kjønn eller seksuell orientering på ein nedsettende måte for å beskrive eit anna menneske, då meinte du det. Kanskje har du ikkje tenkt gjennom kva du sa, men du meinte det.

dav

Før du begynner å forsvare deg, la meg forklare kvifor: Om du snakkar slik, har du ein forståelse av at det du seier er heilt ok. Du har ingen forståelse av at du trakkar på andre menneske. Du har forståelsen av at du er bedre enn dei du snakkar nedlatende om. Kvar du har denne forståelsen frå er det berre du som veit. Kanskje er det berre nedarva holdninger som egentlig ikkje stikk så djupt. Kanskje er det på grunn av erfaringer du har gjort. Kanskje er det nokon du lyttar til  som har holdningane. Kanskje talar du ut frå di eiga frykt.

Eg syns det er så skummelt at mange leiarar rundt omkring i verda uttrykker nedlatende haldningar til andre menneske, berre fordi dei er annleis enn dei. Og slik gjer dei det stuereint å snakke slik. Dei snakkar og handlar på ein måte som ikkje legg grunnlag for dialog. Dei bygger murar og ikkje bru.

edf

Og det som er endå meir skremmande er at vi er så altfor mange som står på sidelinja og lar det skje. Vi blir litt satt ut. Vi trur ikkje det vi høyrer. Vi veit ikkje korleis vi skal møte det. Eg trur ein del av oss ikkje heilt greier å forstå alvoret i det. Men det er blodig alvor, bokstavlig talt. Rasisme og framandhat lever i beste velgåande. Vi må slutte å stikke hovudet i sanden og vi må heve stemmene våre. Vi greier kanskje ikkje å redde heile verda, men vi kan alle seie frå når vi ser nokon ytrar noko som ikkje er greit. Vi kan stille oss på dei små barrikadene vi får framfor oss når nokon angrip nokon fordi dei ikkje ser ut som dei.

edf

Vi må jobbe for å få til en konstruktiv dialog om korleis vi sammen kan skape ei framtid. Vi må jobbe for å få til ein felles forståelse av at vi alle tilhøyrer samme rase. Det finnes nemlig berre ein rase: Mennesket. Kor mykje pigment du har i huda er uvesentlig. Men kva du fyller hjartet ditt med er vesentlig.

oznor

Eg trur kjærleik er det einaste som kan overvinne hatet. Eg trur den einaste måten vi kan endre verda på er å skape relasjonar. Eg trur den einaste måten vi kan leve vidare er ved å bry oss. Vi bryr oss ikkje om vi ikkje seier ifrå. Vi bryr oss ikkje om vi lar menneske tru på si eiga overlegenhet, og skape ideologier basert i eit trussystem som bygger på at nokon er meir verd enn andre. Om vi bryr oss viser vi alle menneske respekt og vi snakkar høgt om likeverd, kjærleik og forståing. Vi går inn i samtaler, og vi lytter. Lytter, før vi snakker. Og når vi tar ordet, så snakkar vi sanning. Eg har sagt det før, og kjem til å seie det så lenge det er pust igjen i meg: Kjærleik er den einaste vegen. Det er ikkje ein enkel veg. Men det er den einaste vegen.

edf

In English:

Where does the hate come from?

I like documentaries. I like to listen to other peoples history and perspective. I like it when someone challenge my perspective and opinions. I try to understand. Sometimes I don’t succeed, but I always have to try.

Two days ago I watched two documentaries that moved me. The first one (Hatets vugge, it is Norwegian and can be translated as: The Cradle of Hate) was about the political situation in Greece, where the third largest party is a rightwing party. The second one (Meeting the Enemy) was about the Neo-Nazism that is growing in the world, a muslim journalist met some of the leaders in the movement in the USA.

I cried several times during the movies, especially during the second one. To listen to people express themselves with so much hate for other people hurts. And these people had an understanding of being better than others just because they have white skin.

There is one thin I am absolutely sure about; My white skin color does not make me a better person. And watching this I feel ashamed of my skin color, my nationality and the traditions from my home country – when I see how this is used against other people. And I don’t understand how and why people can hate this much…

There was one question in my mind while I was watching it, and it has been there since: Where does this hate come from?

There is only one group of people I know of that has never experienced any kind of discrimination based on who they are alone. That is the white, heterosexual male. And it is people from this group that often makes the frontline for this hate. Why?

I think we can find a part of the answer in fear. We are afraid of what is unknown. We are afraid of becoming an minority. We are afraid of change. I think a lot of people are afraid. And I think a lot of people are angry.

A lot of people tries to blame their own lack of success on others, that the others are taking their place. The others «get» their scholarship, their job, their fame. But if you look at it a little closer, you will find that most of the time the others that «got» this, worked at least 3 times as hard to get there.

I also think we can find a part of the answer in our way of speaking. I believe words creates attitude. It is not necessary so that we meant something bad about it when we used the n-word to crack a joke, but by using it we legalise the use of it for others. And if we use queer or jew as a insult, we make room for hate towards people that identify as that. I don’t know how many times I have heard people defend themselves with «I didn’t mean anything by saying so..» when they are being corrected.  I disagree. If you said any words that would define another human being by skin color, religion, sex or sexual orientation in a negative way – you meant it! You may not have thought it through, but you meant it.

And before you start defending yourself, let me explain why: If you talk like that about other human beings, you don’t think you are saying something wrong. You don’t think what you say are bringing other people down. You think that you are better than the people you talk about. You are the only person that know where you get this understanding from. You may just have adopted the understanding the rest of your family have, without even thinking it through. Maybe it comes from bad experiences. Maybe it is someone you look up to that makes you think this way. Or maybe it is your fear talking.

I find it scary that so many of the leaders today express themselves with an abusive language towards people, just because they are different. And they make it ok to talk about others that way. They talk and act in a way that doesn’t invite to dialogue. They build walls, not bridges.

But what is even more scary is all of us standing by not doing anything to stop these people. We can’t believe what we hear. We don’t know what to say. Some of us have a hard time realising how serious this problem is. But it is serious. Bloody serious, literally speaking. Racism are very much alive today. And we have to get our head out of the sand, and speak up against it. We may not be able to change the whole world, but we can speak up when someone is saying or doing someone wrong. We can step up to the plate when someone puts others down because they look different.

We have to work together to build a constructive conversation about how we can build a better world for everyone. We have to work hard to make a common understanding that there is only ONE race: The human race. How much pigment your skin has makes no difference, but what you choose to fill your heart with makes all the difference.

I believe love is the only thing that can conquer hate. I believe that the only way we can change the world is to create relationships. I believe the only way is to care. We don’t care if we speak up. We don’t care if we let people believe in their own supremacy, and create ideologies based in a belief system that think less of other human beings. If we care we show every human being respect and we talk about equality, love and understanding. We engage in conversations and we listen. Listen, before we speak. And when we speak, we speak the truth. I’ve said it before, and I will say it again until I am out of breath: Love is the only way. It is not an easy way. But it is the only way.

IMG_5271

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s