Ein dans på roser?

Eg møtte ei kvinne som var så sterk. Eg beundra ho så grenselaust. Ho hadde alt. Ho greidde alt. Trudde eg.

Så møtte eg henne bak fasada. Der frykta var. Der ho hadde holdt alt sammen med svette, krampeaktige favntak. Der det no ramla ut bit for bit.

edf

Eg tenkte på henne i dag. Eg stod og ordna på nokre roser som eg måtte få over i ny vase. Eg tenkte på uttrykket om at livet er, eller ikkje er, ein dans på roser. Det kjem frå ein seinromersk/middelaldersk skikk om å strø roseblad på vei, dansegolv, seng o.l. Det er då snakk om at eit liv i dans på roser ville vere eit sorglaust, behagelig liv. I dag blir det mest brukt i negativ forstand – altså at vi ikkje får eit sorglaust, behagelig liv.

ptr

Eg stod der og tenkte på dette uttrykket og kvinna. Det hadde sett ut som om ho hadde eit rimelig sorglaust liv. At ho dansa på roseblad framover i livet. Men etter å ha fått eit glimt bak det eg såg som perfekt, trur eg ho har hatt meir roser av den typen eg hadde i hendene i dag å danse på. For der var tornene harde og spisse, og skar seg inn gjennom fingertuppane same kor forsiktig eg var.

ptr

Eg trur at for dei fleste av oss kan livet vere ein dans på roser. Innimellom får vi danse på roseblad, som berre er mjuke, velluktande og gode. Alt er vel. Alt er lykke. Livet er vakkert. Sola skin. Alt er bra. Og utsiktene er herlige..

Men plutselig, ofte uten forvarsel – eller så har vi valgt å overså forvarselet, kjem rosene med stilkar og torner. Nokre er små og svake, så sjølv om det stikk litt så går det fort over. Andre gjev djupe kutt og verkande revner. Og du ser over til nokon andre, og alt du ser er rosene dei dansar på og kjenner at livet er jammen urettferdig.

fbt

Du tek på deg maska. Smiler sjølv om det er ein kamp. Og i vår misunning kan vi fort skape nye, harde, vonde torner på livsveien til andre. Vi menneske har ein tendens til å prøve å hevde oss sjølve med å snakke skit om andre. Vi vil ikkje at andre skal sjå kva vi sjølv strever med, og då er det så enkelt å heller sikte spotlighten mot noko som nokon andre gjer… Ofte er det jo slik at vi egentlig ikkje ville at andre skulle få det vondare, vi ville berre kjenne oss litt bedre sjølv…

edf

Jo meir eg tenkte på det, jo meir kan det vere noko sant i at livet faktisk er ein dans på roser. Og nokre gonger må vi gå gjennom vonde parti. Andre gonger er alt berre ei fryd. Men for andre kan det sjå ut som om det er berre roseblad heile vegen, for det er alt dei ser – det er nemlig vanskelig å sjå torner som stikk fram mellom perfekte roseblad, eller som gøymer seg under dei.

dav

Eg har prøvd å finne ut kven som stod for originalsitatet til det eg vil avslutte med, men det er ikkje så lett – det er mange som har fått æra av det, så eg trur kanskje det må gå under kategorien ordtak. Men eg trur det er ein god leveregel, uansett kven som sa det fyrst. Eg ser ikkje tornene på din veg, og du ser ikkje dei eg møter – utan at vi vel å vise dei til kvarandre. Difor seier eg med dei mange som har sagt det før, i denne dansen over rosene som vi og kallar livet:

Alle kjempar ein kamp du ikkje kjenner. Ver venleg. Alltid.

edf

 

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s