This is America. This is Us.

I dag var eg på gudsteneste i Glide Memorial Church. Ei metodistkirke eg har fortalt dei fleste eg kjenner om, og som eg har blitt veldig glad i desse åra eg har vore i San Francisco. Eg må innrømme at tårene trilla fleire gonger. Det var ikkje tårer av glede. Det blir ikkje rett å seie at det var tårer av skam, sjølv om eg skamma meg over kva folk av min etnisitet kan gjere- og over kva eg sjølv har tenkt og gjort opp gjennom tidene. Men tårer av sorg var det. Tårer av empati.

IMG_0972

Rabbi Michael Lezak heldt tala denne pinsedagen. Det er sprekt av ei menighet å sleppe ein rabbi til på talarstolen. Han tok oss med inn i eit bibelvers i Esekiel.

Eg gjev dykk eit nytt hjarte, og ei ny ånd gjev eg inni dykk. Eg tek steinhjartet ut or kroppen på dykk og gjev dykk eit kjøthjarte i staden. (Esekiel 36:26)

Egentlig fortalde han berre om ein tur dei hadde vore på til Montgomery, Alabama. Der målet var Legacy Museum. Eit museum bygd der dei ein gong fengsla svarte menneske for å selge dei til slavar. Eit museum som fortel historia om slavehandel, om lynsjing og den krevande delen av afroamerikansk historie opp til dagens store problem med «mass incarceration» (altså at unaturlig mange svarte havner i fengsel). Eit problem som er unikt for USA.

Dette var ein tur som fleire hadde vore med på og snakka om under gudstenesta i dag. Det var tydelig at det var sterke inntrykk dei sat igjen med. Og ein del av meg har veldig lyst til å besøke denne plassen. Særleg då rabbi Lezak samanlikna det med Yad Vashem. Der har eg nemlig vore. Og det satte varige spor i meg. Det berørte meg på eit djupare nivå enn eg visste at eg hadde. Også der var det den kvite mann som var «bad guy».

oznor

6. mai kom sangen og musikkvideoen «This is America» ut. Ein sterk video. Ein svært sterk samfunnskritisk video. Ein video som er proppa med så mange referansar til historia til svarte i Amerika at den må sjåast om igjen og om igjen – og dei fleste må nok lese nokre kommentarer på kva referanser som er der. Eg har tenkt mykje på rasisme sidan eg flytta hit til San Francisco, særlig etter «Black Lives Matter» kampanjen starta. Eg har sett på nært hold kva det er. Men etter eg såg This is America første gang har eg tenkt ekstra masse på det. Og eg må innrømme det berører hjertet mitt.

IMG_0470

Ting går gale når nokon trur dei er meir verd enn andre. Særlig når det er basert på etnisitet, seksuell orientering eller religion/livssyn.

Eg lurer på kva som gjer at vi som er kvite i huda trur vi er så mykje bedre og meir verd enn andre. Eg lurer på kva som gjer at kvite, evangeliske kristne kan bli så hardbarka rasister og hatefulle mot andre menneske som trur på ein annan gud, eller som har ei anna seksuell orientering.

Men det er jo ikkje slik i Norge, seier du kanskje. Vi er ikkje slik. Vi trauste, stødige nordmenn. Vi er jo rause og inkluderande.

Etter å ha sett diskusjonar i det politiske landskapet i Norge, så må eg seie meg uenig i det. Vi tek etter USA på godt og på vondt. Eg har tenkt at rasismen i Norge har i utgangspunktet handla om frykt, mens ryggmargsrefleksen hos mange kvite i USA er at dei er bedre enn.. Og framleis er det nok noko i det. Men utviklinga heime i Norge og Europa er skremmande å følge på avstand.

IMG_4340

Yad Vashem er ein plass som alle burde besøke. Ein plass som fortel om når vi lar skremselspropaganda få grobotn. Ein plass til minne om 6 millioner menneske som ikkje fekk leve fordi dei hadde ein etnisitet og religion som andre vurderte som mindre verd. Det skjedde fordi nokon kristne, kvite meinte dei var overmenneske – og bygde ein heil ideologi rundt begrepet.( Nietzsche, som introduserte begrepet overmenneske, delte ikkje den ideologien og hadde ein heilt annen filosofi bak det.) Det var ikkje i USA det skjedde. Det var i Europa.

Ein god del av argumentasjonen som foregår i politikken i dag har element frå propagandaen som førte til 2. verdenskrig. Det får meg ofte til å tenke på ei historie eg har fått høyre nokre gonger om då mi dagmamma, og kjend som Dadda, fikk ei lita jente. Dadda hadde nemlig ein benk på kjøkkenet, og den benken var full av leiker. Eg var van med å ha denne heilt for meg sjølv. Og denne jenta vaks, og vart etter kvart stor nok til å leike. Då fekk ho klar beskjed: » Det er greit, du kan få låne denne leika. Men husk: Eg var her først!»

bmd

Det er noko i dette.. Tanken om at det er mitt. Tanken om at om eg deler så misser eg det som er mitt. Og kanskje var det egentlig ikkje mitt i utgangspunktet..

Eg kjenner at eg får så vondt inni meg når eg ser korleis vi menneske behandlar kvarandre. Korleis vi rangerer kvarandre. Korleis vi øydelegg kvarandre. Korleis vi i staden for å hjelpe kvarandre, blir så redd for å dele av det som er godt, at vi knuser framtida for andre.

ptr

Eg kjenner på skam over at det så altfor ofte er vi som er kvite som opptrer som vi var her på jorda først. Eg kjenner på sorg over at altfor mange har blitt torturert og plaga berre fordi dei har hatt ein annan hudfarge, religion eller seksuell orientering. Eg kjenner på ei ekstra stor sorg over at vi i 2018 ser ut til å gå rett i samme fellene som våre forfedre gjorde, og at barn og unge i dag opplever frykt for kva morgendagen bringer – fordi dei ikkje passar inn i det kvite, kristne og streite.

Og eg lurer sånn på kva vi kan gjere for at denne trenden skal snu.. Kva kan eg gjere og kva kan vi gjere for at vi skal kunne sjå at mangfaldet er vakkert. At ulike kulturar kan leve sammen og berike kvarandre. At om vi respekterer kvarandre, så kan vi gå inn og møte kvarandre, omfavne kvarandre og bli rikare som menneske – til tross for det som er ulikt.

IMG_20180217_140359.jpg

Eg trur rabbi Lezak hadde rett då han i dag sa at vi treng meir enn nokon gong at Gud kjem til oss og forvandlar steinhjertene våre til kjøtthjerter. Hjerter som lever, pulserer og bankar for andre. Hjerter som føler og beveger.

Verset etter det han talte over går slik: «Og min Ande gjev eg inni dykk og gjer at de følgjer forskriftene mine, held lovene mine og lever etter dei.» (Esekiel 36:27) Og kva sa Jesus var lova kort oppsummert? JO: Han svara: «‘ Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarte og av heile di sjel og av alt ditt vit. Dette er det største og første bodet. Men det andre er like stort: Du skal elska nesten din som deg sjølv.’ På desse to boda kviler heile lova og profetane.» (Matt. 22:37-40)

IMG_2539.jpg

Rev. Michael Curry brukte eit sitat frå tala «Loving Your Enemies» av Rev. Martin Luther King Jr. frå 1957 då han talte til gårsdagens royale brudepar. Eg trur det sitatet han brukte har ein nøkkel til korleis vi kan finne ei løysing. Den er ikkje enkel. Det blir masse arbeid. Men eg trur det er den einaste rette vegen. Det startar med eit valg. Eit valg om å elske – eit valg om å åpne opp for den krafta kjærleiken har i seg.

«It seems to me that this is the only way. As our eyes look to the future, as we look out across the years and across the generations, let us develop and move right here. We must discover the power of love, the power, the redemptive power of love. And when we discover that, we will be able to make this old world a new world. We will be able to make men better. Love is the only way.»

Farvel steinhjerte. Velkommen kjøtthjerte.

God pinse!

IMG_3898

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s