Livsmestring

For ei stund sidan tipsa ei venninne meg om ein podkast som eg har fått heilt dilla på. Pia og Psyken heiter den, og er no anbefalt. Eg er nemlig litt nerd når det kjem til kva som skjer inni oss menneske. Eg elskar å lære om kvifor vi tenker som vi gjer, eller føler som vi gjer, eller kvifor vi ikkje tenker likt om det same – og kvifor vi trur på det vi trur på og egentlig alt som har med livet å gjere..

sdr

Eg syns psykologi er veldig spennande å lære om – og denne podkasten gir litt innblikk i ulike måtar å handtere livet på – både i forhold til diagnoser og traumer, men og i dei mellommenneskelige relasjonane.

Eg trur det er i første episode at Pia seier at ho vil snakke om psyken, for om set ein lyskaster på tematikken så kan det vere at det blir nokre troll som sprekk. Eg trur Pia har heilt rett. Vi har nemlig alle ei mental helse. Vi har alle våre skjelett i skapet. Vi har alle våre ting vi kjempar med.

IMG_3786

Nokre av oss får ei diagnose, men som huspsykiateren i podkasten seier er ei diagnose kun er viktig å stille dersom den har eit formål. Enten i form av å kunne gje rett behandling eller for å gje den som har den forståelse av kva som skjer.

Mange av oss går nok gjennom livet uten å få ei diagnose, men vi kan nok kjenne på at vi kunne fått det. For vi møter alle utfordringer. Nokre er store. Nokre er små.

IMG_1234

I ei av episodene eg høyrde i dag kom ordet «livsmestring» opp. Dette er eit ord eg aldri hadde høyrt om før eg begynte å jobbe med trusopplæring. Men eg syns det er eit fint ord. Det handler jo om å meistre livet.

I LNU Livsmestring i Skolen frå januar 2017 blir det definert som: «Å utvikle ferdigheter og tilegne seg praktisk kunnskap som hjelper den enkelte til å håndtere medgang, motgang, personlige utfordringer, alvorlige hendelser, endringer og konflikter på en best mulig måte. Å skape en trygghet og tro på egne evner til å mestre også i fremtiden

IMG_4559-EFFECTS

Dette er jo noko vi alle vil ha. Noko vi alle vil lære slik at vi kan mestre livet optimalt. Men her trur eg mange av oss går seg på ein skikkelig smell. Eg kjenner litt på ein slik smell no for tida. Eg syns ikkje eg mestrar livet så bra. Eg kjenner på at eg ikkje greier å handtere alle situasjonar som eg er i like godt no.

IMG_20180416_200450-EFFECTS

Eg kjenner på at eg er maktlaus. Eg føler meg litt i passasjersetet i eige liv. Eg er litt kontrollfreak, og akkurat no har eg ikkje den kontrollen eg likar å ha. Instansar utanfor meg sjølv har betre kontroll enn eg har.

Eg er truande. Eg trur på ein Gud som vil meg vel. Eg trur at Gud har kontroll. At han ser kor vegen går vidare. Men eg hatar å ikkje ha den oversikta. Det er stressande og slitsomt, og mykje tankeaktivitet går på å bekymre seg for det som ligg framfor meg. I bunn og grunn har eg jo generelt holdninga til livet at ting vil sikkert ordne seg på ein eller annen måte, men i slike perioder som eg er midt i no så er det litt vanskelig å stole på.

cof

Og når stresset kjem, så kjem og dei dårlege formuleringene eller lite gjennomtenkte sakene. Der eg normalt kan vere veldig varsom og gjennomtenkt, trakkar eg inn som ein bonde med kumøkk på støvlene på nyvaska golv. Der eg normalt er løysingsorientert blir eg plutselig veldig problemfokusert. Og mitt stabile humør og «la det gå»-holdning blir erstatta med særdeles tynn hud og ei rimelig emosjonell Liv-Helga. Som f.eks. at ein småsvidd lasagne utløyser krokodilletårer… Normalt ville eg ha ledd av det.

IMG_1114

Så livsmestring er eit fint ord. Det er berre eit ord eg kjenner meg litt langt frå akkurat no. Og nei, dette er ikkje noko som treng diagnose. Det er berre stress. Eg er ikkje deprimert. Eg har berre litt mange tankar og ting som må få falle på plass.

Eg har tenkt heile dagen på om eg skulle skrive dette på bloggen. Om eg skulle utlevere meg sjølv slik. Midt i den vesle krisa mi. Og ikkje vente til etterpå. Du veit, når alt har landa meir eller mindre på beina. Det ville vere mykje meir komfortabelt.

edf

Men eg har landa på at eg skal vere ærlig om at akkurat no er livet litt meir krevande enn normalt. Eg er heldig fordi eg har gode venner, ein flott kjæreste og ei fantastisk familie. Eg veit at eg har mange eg kan lene meg på. Ikkje alle er så heldig. Og kanskje derfor vart det viktig å skrive dette akkurat i dag. Kanskje les du dette og kjenner at du også føler på at livsmestring kan vere vanskelig. Og kanskje kan det då vere godt å vite at du ikkje er åleine.

ptr

Vi har alle ei mental helse. Vi har alle våre ting å stri med. Å sette ord på det gjer det litt mindre farlig. Å høyre at ein ikkje er aleine gir håp. Å sette ord på det knuser det perf-ekte, og set det ekte fri. Og kanskje kan det hjelpe oss til å kjenne på litt bedre livsmestring. For som ein kamerat brukar å seie: «Det kan lett gå godt.»

sdr

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s