Då har eg vore der. Hawaii. Det var i grunnen ganske fint der. Så eg tenkte at eg ikkje skulle skrive så masse – men berre dele ein avsindig mengde bilder i staden. Enjoy! 🙂
Eg må innrømme at det kribla litt i magen då eg såg land forsvinne under 5 minutt etter take off – og eg visste det var fleire timar til vi kom til å sjå land igjen..
Vi rakk akkurat solnedgangen..
Første dag gikk vi berre rundt og kikka. Og besøkte militærmuseet rett nedanfor hotellet.
Dag to var det strandliv.. Og nokre likar å ligge i sola og slappe av.. andre gjer det ikkje..
Dag 3 leigde vi bil og køyrde øya rundt (nesten). Første stopp var Pearl Harbor.
Neste stopp: Kuala Ranch. Der har mange filmar blitt spelt inn som f.eks. Jurassic Park.. Vi var økonomiske, så vi tok ingen av dei særdeles overprisa guida turene.. (det begynte på $85)
Knappe 15 minutt derfrå fann vi The Valley of the Temples. Ein gigantisk kirkegård med ulike gudshus plassert rundt omkring.
Kor mange katter ser du på bildet over?
Så satte vi nasa mot Honolulu igjen. Og stoppa langs vegen her og der, som her, ved Halona Blowhole Lookout. Der var det nett som heime.
Dag 4 regna det, men vi visste råd. Vi fann oss ei bowlingbane.. og kva gjer det vel at det regnar når vi har kaffe og the PLAYOFFS? (Sluttspelet i Basketball)
På kvelden fikk vi fyrverkeri og greier også 🙂
Dag 5 leigde Gregory seg ein moped og eg brukte apostlene sine hester. Sidan vi ikkje kunne vere to på mopeden, og det ville vere direkte trafikkfarlig å sleppe meg laus på to hjul.
Solnedgangene var fantastiske, og maten smakte utmerket. (eg hadde ingen problem med å få glutenfri mat heller.. men måtte på spesialbutikk for å få tak i brød.)
Dag 6 vart tilbrakt på stranda.
På vegen heim helste himmelen oss velkomen.
Og vel heime, etter ein god lur, gjekk eg meg ein tur i byen min ved bukta. Og solnedgangen minte meg på kor fantastisk liv eg har her.
Så no gjenstår det berre for Warriors å vinne: